Få kjenner så godt til livet som villreinkalv i fjellheimen som reinsdyrforskar Olav Strand. Han har drive forsking på villrein i ein mannsalder og trivst ekstra godt ute i felt. Dette har han formidla på ulikt vis, blant anna i boka «Midt i flokken» (2015) og i eit eige kapittel i «Villreinen – fjellets nomade» ( 2016), «Kunsten å være villreinkalv». Skal ein lesa om reinkalvane frå dei er født til dei er vaksne, er det mykje å hente i det Strand har skrive. Det fylgjande er henta frå desse skriveria.
Historiene om reinskalvane handlar ofte om at dei født under tøffe forhold. Det kan vera kaldt og vinterleg i mai, og for ein nyfødt og blaut reinkalv handlar det om å bli fort tørr. Men genetikken er viktig, ei stor simle gjev ein stor og feit kalv. Varme dagar og feitt på kroppen er avgjerande for å få ein god start på livet. Undersøkingar viser at ei svak mor ikkje berre fører til ein liten kalv, men slike små kalvar greier ikkje å kompensere for ein dårleg start og blir små og relativt svake gjennom heile livet.
Ein nyfødt kalv har lange bein, altfor lange bein, likevel er dei kjapt oppe på beina, gjerne etter berre ein time etter fødselen. Så skal det til mjølk, feit reinmjølk, og så er det soving, gjerne i ein dunge saman med andre kalvar, men alltid i nærleiken av mor. Etter om lag fjorten dagar har kalven fått orden på beina, og kalvane oppdagar då gleda over å få orden på beina. Då er det tid for leik og fart på rabbane: «Kalven prøver å stoppe der, men tempoet er høyt, og fire bein går i kast. Det er ikke noe å si på farten, men bremseevna er ikke på topp ennnå.»
Reinsdyret er bygd for å røre seg, og det å flytte seg, vera i rørsle, er reinens beste forsvar mot fare. Det same gjeld for det å finne riktig og nok mat gjennom året. Etter nokre veker er rollene bytta om, no er det simla som må springe etter spreke, litt ustyrlege kalvar. Nokre dagar tidlegare var det simlene som måtte lokke og vente på kalvar som streva med å halde fylgje. Dette er ei viktig tid for kalvane, det handlar om kroppsleg utvikling, motorikk og det å lære å høyre til i ein flokk.
Sommarstid fører ofte varmen til at reinflokkane trykkjer seg saman på kjølande snøfenner om dagen på grunn av insektplaga. Men om kvelden når varmen har gjeve seg, trekkjer flokken ned mot dei beste beiteplassane, og då får kalvane høve til å strekke på beina og kanskje blir det kalvedans!
Utover sommaren byrjar kalvane etterkvart å supplere morsmjølka med anna føde, dei lærer seg å beite, men er det ei simle som er i god kondisjon, held dei fram med å die heilt fram til brunsten. Men kalvane skal òg lære å leva i flokk, for reinen er eit svært sosialt dyr, og det høyer med å lære seg eit vidt spekter med sosiale signal.
Til slutt ei historie frå Setesdal, ein situasjon Olav Strand og ein til var augnevitne til:
«De (ravnene) har funnet ei død simle. Hun ligger under et lite stup på mellom ti og femten meter. Det er slett ikke rare juvet mot de som ligger lenger ut i dalen, men likevel mer enn høyt nok . Hun har glidd oppe på kanten og tumla utfor. På toppen står kalven igjen. Han skriker på mora mens han saumfarer stupkanten. Etter noen minutter med iherdig lokking og leting gir han seg i vei oppover lia. Han finner andre reinsdyr, men søker videre når han oppdager at mora ikke er blant dem. Gang på gang kommer han ned til stupkanten igjen. Antagelig kjenner han lukten fra sine egne spor og følger dem.»
Men forfattaren trur kalven har små sjansar til å overleva, ein reinkalv er ikkje i stand til å klare seg åleine før han er ca. eit halvt år, så kanskje vil han bukke under i løpet av nokre få dagar. Naturen er brutal på denne måten, og fjellet og miljøet plukkar systematisk vekk dei svakaste dyra, slik blir reinen ein art som meistrar det arktiske landskapet, skriv Strand. Dei fylgjer kalven enno ei heil stund, og i det dei forlet området leitar kalven stadig etter mora – opp i lia og tilbake ned til stupkanten.