Ledig stilling innafor villreinforvaltning på Skinnarbu


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Stillinga som sekretær for Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet og Villreinnemnda for Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell er ledig, søknadsfrist er 1. august. Stillinga er på 100% og det er klima- og miljøvernavdelinga hjå Statsforvaltaren i Oslo og Viken som lyser ut stillinga, utlysinga skjer i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark som har ansvaret for Villreinnemnda i Brattefjell-Vindeggen, Blefjell og Norefjell-Reinsjøfjell.

Klima- og miljøvernavdelingane har ansvar for å fylgje opp at nasjonal klima- og miljøpolitikkblir blir sett ut i livet i fylka, ha oversikt over miljøtilstanden i fylket og  bidra til at denne utviklar seg i ei klima- og miljøvenleg retning. 

Den aktuelle stillinga er plassert i seksjon naturforvaltning – skog og fjell, og arbeidsstad er i utgangspunktet Norsk Villreinsenter Skinnarbu i Tinn kommune, eventuelt i kombinasjon med Statsforvaltarens kontor enten i Drammen eller i Tønsberg. 

Villreinnemndene skal arbeide for ei langsiktig berekraftig forvaltning av villreinen og leveområda. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er å ha ansvaret for sekretariatsjobben for dei to villreinnemndene og sikre god kontakt med aktørar innan villrein- og arealforvaltning.

Heile utlysinga finn du her:

https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/209023/lyst-til-aa-jobbe-med-villreinforvaltning-vi-ser-etter-en-raadgiver-seniorraadgiver-innen-naturforvaltning-som-kan-vaere-sekretaer-for-to-villreinnemnder

Eller her:

https://www.finn.no/job/fulltime/ad.html?finnkode=223722299

Ønskjer du nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med seksjonssjef Ellen Lien, tlf 22 00 36 62 / 984 05 669 eller seniorrådgjevar Even Knutsen tlf: 32 26 68 17

Søknad skal sendast via elektronisk søknadsskjema. 

villrein.no – Kjell Bitustøyl