Hardangervidda: Ferdselsrapport med framlegg til tiltak


Frå turistløypa mellom Sandhaug og Tinnhølen Foto: Kjell Bitustøyl

Frå turistløypa mellom Sandhaug og Tinnhølen Foto: Kjell Bitustøyl

Så er han her, NINA 1903 – den sterkt etterlengta ferdselsrapporten for Hardangervidda der framlegg til tiltak er med. Det er ein grundig rapport på rundt 100 sider. Seniorforskar Vegar Gundersen ved NINA er den som har hatt hovudansvaret for arbeidet med rapporten. Håpet er at rapporten skal kunne bidra til å betre villreinens levekår. Bakgrunnsdata for denne rapporten byggjer blant anna på GPS-merkeprosjektet på Hardangervidda tilbake til 2001, dette brukarfinansierte prosjektet har vore ein del av ferdselsprosjektet. Samtidig har det vore gjennomført svært mykje feltarbeid der ein har samla inn opplysningar om ferdsel av ulikt slag, både i randsonene og inne i kjerneområdet på Vidda.


Seniorforskar i NINA Vegar Gundersen Foto: Kjell Bitustøyl

Seniorforskar i NINA Vegar Gundersen Foto: Kjell Bitustøyl

Arbeidet med den endelege rapporten som no ligg føre, har teke tid og NINA-rapporten er den fjerde i rekkja som omhandlar ferdselsanalyser knytt villreinen på Hardangervidda. Datamengda har vore stor. Og naturleg nok har arbeidet bydd på utfordringar, særleg gjeld dette det heile rapporten munnar ut i: tilrådingar og tiltak. Her må rapporten sjåast i samanheng med andre prosessar som er i gang, til dømes regional plan. Når no rapporten med tilrådingar og tiltak er ferdig, vil likevel eit nytt verktøy for å kunne forvalte villreinstamma på Hardangervidda på ein god måte vera tilgjengeleg.

Mangla kunnskap

Kort oppsummert er bakgrunnen for denne rapporten at forvaltninga av den største villreinstamma i landet mangla tilstrekkeleg kunnskap om konsekvensane av den aukande menneskelege bruken av Vidda. På nasjonalt nivå har ein sett at turismen har blomstra opp som ei viktig næring i distrikta. Dette har ført til at ein både skal leggje til rette for å gje brukarane gode naturopplevingar samtidig som ein skal handtere den menneskelege bruken sett opp mot det som er eit akseptabelt nivå for å ta vare på villreinen og andre verneverdiar.

«Arealunnvikelse»

Resultata og analysane av det innsamla materialet viser at dagsturtrafikken er det som har auka mest (sjå oppslag om den førre rapporten), dette ikkje minst på grunn av den «tunge» utbygginga av infrastruktur i randsonene, til dømes hyttefelt med tilhøyrande vegar, merka stigar osv.  Resultatet er at beiteområde har skrumpa inn og trekkmoglegheiter har blitt redusert. Denne utbygginga saman med tidlegare arealtap som vasskraftutbygging, vegar o.l. har «pressa» villreinen meir inn i kjerneområda. Analysane viser at det er den samla effekten av desse inngrepa i randsona som fører til det ein kallar «arealunnvikelse». 

Villreinen i kjerneområda

Modellar er utarbeidd for å finne fram til dei beste leveområda for villreinen i dei sentrale delane av Hardangervidda. Dette er område som har ein infrastruktur med spreidde hytter og buer, turisthytter, både private og DNT-hytter, bruer, merka stigar og stikka løyper. Modellane viser at merka stigar og turisthytter er negative bidrag med tanke på kvaliteten på leveområda til villreinen i kjerneområda. Dette kjem fram i analysane av bruken av stigar i høve til reinsdyras evne til krysse desse stigane når trafikken blir for stor, ein stig med meir enn 25-30 personar per dag har vist seg å vera ein barriere slik at reinen ofte let vera å krysse.

Det hastar med å gjennomføre nokre store endringar

Rapporten gjev detaljert kunnskap om korleis forvaltninga kan jobbe vidare med å betre situasjonen for villreinbestanden: «Tiltakene må rette seg mot å begrense den menneskelige aktiviteten i de mest kritiske områdene. Rapporten gir forslag til endringer i infrastruktur av merka stier og turisthytter sentralt på vidda.» Det er særleg tilgangen til dei gode beita i vest dette handlar om. Ein har òg i eit framtidsperspektiv tatt høgde for at den menneskelege bruken av Vidda kan auke ytterlegare, og at ein difor må vera fleksibel i høve til både auka bruk og nye former for bruk. Konklusjonen er difor at det hastar med å gjennomføre nokre store endringar i infrastruktur for friluftsliv og turisme på Hardangervidda.


Å gje villreinen lettare tilgang til dei gode sommerbeita på Vest-Vidda er eit uttalt mål. Dette kan få konsekvensar for kvar stigane skal gå. Foto. Kjell Bitustøyl

Å gje villreinen lettare tilgang til dei gode sommerbeita på Vest-Vidda er eit uttalt mål. Dette kan få konsekvensar for kvar stigane skal gå. Foto. Kjell Bitustøyl

Vintertrafikken

Når det gjeld trafikken vinterstid, kjem det fram at ein ikkje har greidd å påvise klare effektar av ferdsel vinterstid i dei sentrale delane av Vidda. Ein grunn til dette er at ein ikkje har nok data til å konkludere bastant. Men i randsonene er det annleis, her er påvist vesentleg påverknad på reinsdyras rørslemønster på grunn av maskinpreparerte løyper og folks bruk av områda i det ein kallar dagstursona. Tiltak kan difor dreie seg om å unngå at løypene går lenger inn i fjellet, omlegging av kvistaløyper som t.d. den mellom Litlos og Haukeliseter, kan vera eitt tiltak. Eit anna tiltak kan vera å føre eit strengt regime for stopp og parkering langs Rv7 og E134. Rapporten konkluderer òg med at ein bør vidareføre vinterstengde vegar som t.d. vegen over Imingfjell.


Det manglar framleis data for å kunne konkludere klarare kva vintertrafikken på Vidda kan ha å seie for villreinen. Foto: Kjell Bitustøyl

Det manglar framleis data for å kunne konkludere klarare kva vintertrafikken på Vidda kan ha å seie for villreinen. Foto: Kjell Bitustøyl

Sommartrafikken – størst negative konsekvensar

Det er likevel sommartrafikken som i denne rapporten blir trekt fram som det største trugsmålet mot villreinen, og at det difor er her det er mest å hente gjennom nye tiltak. Ein viser elles til at desse problemstillingane og tiltaka ikkje berre gjeld for Hardangervidda, men lett kan brukast i andre villreinområde.

Rapporten tek for seg område etter område og tilrådingane og tiltaka er mange. Det er her ikkje rom for å gå for detaljert til verks, men eit gjennomgåande tema er at ein må legge til rette for meir kanalisering av ferdsla, gjerne knytt til attraksjonar og rundturar i nærleiken av trafikkerte vegar og einskilde turisthytter ved veg. Fjerning av stigar kan vera aktuelt i dei tilfella desse kan opne opp for betring av villreintrekket.

Dei mest drastiske tiltaka i rapporten er knytt til dei sentrale DNT-hyttene og DNT-rutene på sentralvidda. Her er det framlegg om å vurdere både omplassering av hytter med eventuelle nybygg og omlegging av stigar. Ein anna tiltak kan vera å styre trafikken gjennom strengare bruk av opningstider. Men også i område meir i utkantane av Vidda kan det bli aktuelt med tiltak, omlegging eller nedlegging av stigar, stenging av vegar mm. Eit tiltak er òg å overvåke trafikken på utvalde merka stigar med faste teljarar.  


Ein av dei sentrale turiststigane rapporten forslår å begrense trafikken på er stigen mellom Sandhaug og Litlos. Foto: Kjell Bitustøyl

Ein av dei sentrale turiststigane rapporten forslår å begrense trafikken på er stigen mellom Sandhaug og Litlos. Foto: Kjell Bitustøyl

Andre tiltak

I høve til motorisert ferdsel kjem òg rapporten med einskilde tiltak, som å avgrense dispensasjonar og ha strengare krav om dokumentasjon gjennom lokalisasjondata frå mobiltelefon. Og i høve til jakt er det ynskjeleg at friviljuge jaktsoner med forbod mot jakt blir vidareført. Når det gjeld byggjeaktivitet, ynskjer ein òg å avgrense denne, dette utifrå at oppgradering ofte fører til meir bruk og med det ein auke i den samla belastninga i området. Den uorganiserte ferdsla med telting, padling, bruk av el-sykkel o.l. byr på ei utfordring. Her kjem ikkje rapporten med konkrete tiltak, men drøftar ulike senario, og forbod/restriksjonar blir trekt fram som det einaste verkemiddlet som gjev effekt. Men her støyter ein fort i mot den etablerte allemannsretten i Noreg.


DNT kan måtta leggje om på innarbeidde turstigar. Foto: Kjell Bitustøyl

DNT kan måtta leggje om på innarbeidde turstigar. Foto: Kjell Bitustøyl

Oppsummering

I oppsummeringa legg ein i rapporten vekt på at for å få eit berekraftig og langsiktig vern av Noregs største villreinbestand, er dei viktigaste verkemidla eller tiltaka knytt til å avgrense ferdsel i villreinens kjerneområde sommarstid. Landskapet må restaurerast ved å fjerne og omplassere infrastruktur i konfliktområda for villrein: «Rapporten har identifisert tiltakene med størst positiv effekt på villreinbestanden til å omfatte merka stier og turisthytter i fem viktige trekkpassasjer i områdene rundt Litlos, Mogen, Mårbu, Lågaros og Hellevassbu. Rapporten peker på at det må radikale endringer og begrensninger i tilgang til merka stier og turisthytter i disse fem områdene.»

Sjå heile rapporten her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl