Det omfattande arbeidet med ei kvalitetsnorm for villrein vil prege arbeidet ved Norsk villreinsenter det komande året, dvs. 2021. Denne kvalitetsnorma skal beskrive tilstanden for villreinen i kvart av dei 24 villreinområda i landet. Kva er status ved starten på det nye året?
Lokal medverknad er viktig
Koronasituasjonen har naturleg nok òg prega arbeidet med kvalitetsnorma, fysiske møte har difor blitt erstatta av digitale oppstartsmøte, og noko er skuva litt på i tid. Så langt har arbeidet vore mest konsentrert rundt delnorm 1 – bestandstilhøve. Men ein er òg straks i gang med ein møteserie innafor delnorm 3 – leveområde og menneskeleg påverknad. Innafor båe desse to delnormene er lokal medverknad viktig.
Delnorm 1 – bestandsforhold
Delnorm 1 omfattar fem måleparameterar der Norsk villreinsenter (NVS) er med og koordinerer datainnsamling av to av dei (kalveteljing og strukturteljing). I fyrste omgang er det viktig at alle områda får informasjon og kursing slik at teljingane blir utført mest mogleg likt i alle dei 24 villreinområda.
Innafor delnorm 1 er det pr. dato gjennomført seks digitale oppstartsmøte med fokus på kalveteljingar og strukturteljingar, desse omfattar 15 av villreinområda. Her har NVS sør v/Anders Mossing gjennomførte fleire møte, desse omfattar ni villreinområde: Fjellheimen, Raudafjell og Oksenhalvøya i november, vidare Norefjell, Blefjell og Brattefjell-Vindeggen samt Skaulen-Etnefjell, Setesdal Austhei og Våmur Roan i desember. NVS nord v/Ingrid Sønsterud Myren har gjennomført tilsvarande møte, som omfattar desse seks villreinområda: Reinheimen-Breheimen, Sunnfjord, Vest-Jotunheimen, Lærdal-Årdal, Svartebotnen og Førdefjella. Oppstartsmøte for Tolga-Østfjell og Sølnkletten skal gjennomførast våren 2021. Samtidig ynskjer me å invitere områda som inngår i overvakingsprogrammet til orienteringsmøte i løpet av våren.
Delnorm 3 – leveområde og menneskeleg påverknad
Denne delnormen krev oppdaterte kartgrunnlag over funksjonsområde (vinterbeite, sommerbeite, kalvings- og oppvekstområde) og fokusområde. I løpet av januar skal det vera oppstartsmøte for fleire av dei nasjonale villreinområda, då det er desse som skal klassifiserast fyrst. Eitt møte har alt funne stad: Forollhogna hadde møte den 8. januar. I tillegg til NVS som han ansvar for denne delnorma, vil ein involvere andre ressurspersonar, bl.a. Siri Bøthun i Sogn naturforvaltning og NINA. NVS har planane klare om det skulle bli aktuelt med berre digitale møte det komande året, eller at ein, som det opphaveleg var lagt opp til, kan møtast fysisk, kanskje når det nærmar seg sommaren.
Informasjonsskriv er sendt rundt til villreinutvala i dei ulike villreinområda i september 2020. NVS tek kontakt med kvart enkelt område etter kvart som vi får meir konkrete planar.
villrein.no – Kjell Bitustøyl