Bruk av reinskinn


Sørsamiske fetasko eller hudsko. Foto: Kjell Bitustøyl

Sørsamiske fetasko eller hudsko. Foto: Kjell Bitustøyl

Få om ingen dyr i den norske faunaen har blitt så allsidig utnytta som reinsdyret. Ikkje minst gjeld dette bruk av reinskinn som isolasjon mot kulde. Og ingen kjenner bruken av reinskinn så godt som samane. Innafor den geografiske delen av landet som me i dag vil kalle villreinområda, knyter bruk av reinskinn seg mest opp til samiske tradisjonar som kom med samiske tamreingjetarar. Å skilje dette frå nedarva lokal kunnskap i fjellbygdene knytt til dei meir «bufaste» tradisjonane, kan likevel stundom vera vanskeleg. 

Å nytte reinskinn til sitjeunderlag eller liggjeunderlag er vanleg i dag, og slike skinn er det lett å få tak i rundt omkring. Det kan vera bereidde skinn eller skinn som berre er tørka. Gjeng me tilbake i tid, finn me ein langt meir omfattande bruk av reinskinn. I denne artikkelen, som for ein del byggjer på kunnskap frå informantar rundt Hardangervidda, skal me sjå nærare på den historiske bruken av reinskinn, avgrensa til bruk av skinn med håra på.


Fetasko fra lulesamisk område, denne er frå Árran, lulesamisk senter i Tysfjord. Foto: Kjell Bitustøyl

Reinens pels 

Reinsdyret har ein tett pels som er spesielt isolerande. Pelsen har tre gonger så mange ullhår pr. cm2 samanlikna med andre hjortedyr. I tillegg har reinen eit ekstra lag med dekkhår yttarst. Når vinteren nærmar seg, blir dekkhåra forlenga, samtidig som ullpelsen veks seg tettare. Kvart hår er tykkast på midten og smalnar av mot spiss  og rot og inneheld store luftfylte celler. Den tette pelsen med dei luftfylte cellene dannar eit isolerande luftlag som gjer at reinen er godt rusta for å tåle ekstremkulda. Reinen toler temperaturar helt ned til minus 40 grader utan å miste energi og utan å måtte auke stoffskiftet for å halde varmen. 

Kom med samane

Samane hadde mange teknikkar som bygdefolk ikkje hadde kjennskap til. Dei var og er flinke med utstyr til å overleva i fjellet med. Hanne Synnøve Wigen har skrive om fetasko/hudsko, vintersko av reinskinn. Ho seier det slik: «Samane drog med seg ein heilt anna kultur og andre røynsler til fjellbygdene. Enkelte element har blitt tatt opp og har vorti ein del av fjellbygdene sitt særpreg.» 

Fetasko eller hudsko

Det er eitt klesplagg som skil seg heilt ut når det gjeld bruk av reinskinn: fetasko eller skallar. Frå Borgund i Sogn heiter det at inntil for 50 år sidan  var vanleg at alle hadde fetasko om vinteren. Som i mange andre fjellbygder sauma ein sko til eige bruk, men ein selde òg til andre bygder. Ein skikk med å pynte skorne med farga filt ved kanten rundt ”bjoren” og oppe ved avslutninga av skoen, er påfallande lik den samiske måten å gjera dette på.

Fetaskorne var laga med ein karakteristisk tupp til å bruke i skibindingane. Her skil dei sørsamiske fetaskorne seg frå dei nordsamiske ved at dei sørsamiske har ein langt mindre tupp. Dette kravde at ein i tillegg til eit tåband – som kunne vera laga av reinskinn det òg – brukte ei reim bak hælen og så over vristen, altså at ein surra skorne betre fast til bindingane. 

Hallingdal og Uvdal

Frå Hallingdal høyrer me om at dei laga det dei kalla reinsmudd, det same som samisk pesk, altså eit klesplagg, ofte ein lang frakk av reinskinn. Ein hallingdøl har fortalt at far hans, som var reinsgjetar, vinterstid kunne ta reinsmudden sin og leggje seg under ein stor stein utanfor bua. Ein slik mudd var ein vesentleg del av utstyret til ein reinsgjetar vinterstid.


Amund Johnsen med ein reinsmudd, eller pesk, og køyrerein. Han kom som reinsgjetar til Hallingdal frå Hmarøy, dvs. frå lulesamisk område. Foto: Nicolay Grøvo, Geilo

I historia om Dagali og Skurdalen tamreinkompani høyrer me at skinnet på bakføtene til reinen var emne til fetasko og blei kalla fetagong, i Telemark har ein brukt ordet fitir. Det var mange som hadde som vinterarbeid å saume fetasko. Fitir var etterspurd vare, særleg frå større dyr. Og slik var det i mange bygder.

I Uvdal, som har mange av samisk slekt, var det fleire som sauma fetasko, og ikkje berre det, dei sauma òg hanskar av skinn og dei bereidde skinn. Det kunne vera både kvinner og menn som dreiv med dette. Og kunnskapen gjekk gjerne i arv til neste generasjon. Ei kvinne av sameslekt i Uvdal har fortalt om ein annan bruk av reinskinnet: Bestemor hennar hadde køyrerein og putene på selen var kledd med reinskinn slik at det ikkje skulle gnaga.

Frå «nautefethudsko til finnsko»

I fjellbygdene sørpå var dette med fetasko svært vanleg. Lokalhistorikaren Knut Hermundstad frå Valdres fortel dette: «Ut gjennom dei fyrste åri av 1900-talet tevla finnskorne ut nautefethudskorne. Å laga finnskor lærde folk av finnar (dvs. samar), som dei hadde til å passe reinsflokkane. Snart hadde både karar og kvinnor, vaksne og barn, finnskor over heile Vang om vintrane. 

 Frå Uvdal og fleire andre fjellbygder rundt Hardangervidda høyrer me det same: Det var helst nautefethudsko som var i bruk før dei lærte av samane å saume hudsko av reinskinn..


Einar Vågen frå Møsstrond med ein heimelaga sovepose av reinskinn. Foto: Kjell Bitustøyl

Sovepose av reinskinn

Ein reinsgjetar frå Uvdal fortel at far hans laga seg sovepose av reinskinn der håra snudde inn. Han seier at ein kunne liggje naken i dei posane, for då var det lettare å få vekk håra. Der er elles eit skilje mellom fetasko og skallar, eit skilje som er vel kjent i samisk kultur. Reinsgjetaren frå Uvdal seier at skallane ikkje hadde pynt på seg, det var heller ikkje råd å få dei så høge som fetaskorne. Når det gjeld reinskinnspose, er det fortalt frå Hol og Ål reinskompani: «Ei veke i juni kom det snøstorm, og karane måtte ligge i reinskinnsposane sine i fleire dagar.» 

Vinje

Frå Vinje blir det fortalt om to reinsgjetarar som blei liggjande vêrfaste i ei hytte på Ugleflott ein gong, men dei hadde fitir og sauma eit fetaskopar som dei seinare fekk bytt i flatbrød og smør av jentene på Argehovd, den øvste fjellgarden på Møsstrond. Ein reinsgjetar frå Grungedal som var gjetar i Setesdalsheiane, fortel at dei bruka oppkjemt storrgras i fetaskorne. Dette er òg vel kjent over store område, sennegras er eit etablert ord innafor det samiske. Denne gjetaren fortel elles at han gjette saman med ein same som gjekk i reinskinn heile sommaren, han låg innmed omnen, ville ikkje liggje i senga.

Hardanger

Ein informant frå Hardanger fortel at bestefar hans, som var sørsame, bruka fetar, som han kallar det, og at bestefaren pakka dei fulle med storrgras som dei slo på tjørnene om vinteren når isen hadde lagt seg. Elles fortel han òg at dei hadde reinskinnsposar som dei laga seg, desse var gode og varme i fjellet.


Votter av reinskinn etter Brita Nilsen som kom til Rauland som reinsgjetar i 1884. Foto: Kjell Bitustøyl

Bruk av reinskinn i bygdene

Ho som har studert fetasko i områda i sør mest, Hanne Sønnøve Wigen, konkluderer slik: «…på meg verkar det mest sannsynleg at fetaskotradisjonen er komen frå sørsamane». Men ho er open for at det har vore tradisjonar med å nytte skinn frå rein til sko også i fjellbygdene, før tamreinperioden rundt 1900. Då er det viktig å minne om at samar har kome til sørlegare fjellbygder så tidleg som på 1780-talet, om enn i eit mykje mindre omfang enn seinare. Ei skildring frå fjellbygda Møsstrond frå ein engelskmann Fredric Netcalfe, som kom der i 1856, er interessant: «På veggen henger et reinskinn til tørk, og i huset er der to, tre skinn som han (Dyre-Jon) kløktig har forvandlet til lær. Hans støvler er laget av dette materiale, likeså hans knebukser.»

Villrein eller tamrein som råvare


Olav Gradsteig var den siste som kunne saume fetasko i Haukeli/Edland. Foto: Kjell Bitustøyl

I  kor stor grad det har vore ein kontinuerleg tradisjon i fjellbygdene, er usikkert, for tilgangen på råstoff har vore ustabil. Villreinstammene har svinga mykje. Ein kan òg sjå for seg at om ein jakta langt inne i fjellet, var det kanskje ikkje så lett å få med seg fitine heim alltid. Det må ha vore langt lettare å få tak i fitir frå slakting av tamrein, ettersom ein slakta gjerne ein stad der det var lett å koma til.  

Èin ting er å bruke tørka eller bereidde reinskinn til å liggje på eller til å sitje på, det har ein truleg gjort i alle område der det har funnest rein, tam eller vill. Men å halde i hevd ein handverkstradisjon som å saume fetasko av reinskinn, er likevel noko anna og meir krevjande.

Denne artikkelen er bygt på ein artikkel frå MONA-prosjektet – «Mennesket og naturarven» (2013), eit samarbeidsprosjekt mellom naturveiledarane ved SNO Skinnarbu og Norsk villreinsenter sør. 

Litteratur

Gardatun, Lars 2005: Ola Garen: Fjellmannen fra Sysendalen som bygde Fossli hotell

Skogheim, Arne 2006:  ”Mikkjel Fønhus på Hardangervidda” i Årsskrift til Hol Historielag: Under Hallingskarvet 

Solhjell, Kåre Olav 2000-2010: Historia om Hol i Hallingdal på 1900-talet. Bind 1-3. Hol kommune

Sveinunggard, Knut og Sønsterud, Kåre 2007: ”Dagali og Skurdalen reinkompani” i  Daga’liar – avis for Dagali 24. Årgang 2007. Dagali Museumslag

Wigen, Hanne Sønnøve 1990: Fetasko – en gammel tradisjon frå Borgund i Indre Sogn. Stensilert hefte, Høgskolen i Telemark, avd for Folkekultur i Rauland.

Wigen, Hanne Sønnøve 1991:Fetesko – ei dør mot ei anna tid.Årsoppgåve i folkekunst Telemark lærarhøgskule avd. for Folkekultur i Rauland.

Informantar:

Alf Myrvollen, Ingvald Gardsteig, Arne Nordgarden, Håkon Kvammen, Birgit Gulliksen, Torleif Andersen

villrein.no – Kjell Bitustøyl