Kvalitetsnorm på høring


Miljøkvalitetsnormen for villrein er nå på høyring. Foto: Anders Mossing

Miljøkvalitetsnormen for villrein er nå på høyring. Foto: Anders Mossing

Regjeringa vil etablere ei kvalitetsnorm for villrein og med det leggje til rette for ei betre forvaltning av villreinstammene våre. Målet er å sikre at villreinen overlever i Noreg. Fire millionar er sett av til dette tiltaket i neste års statsbudsjett.

Ved å etablere ei kvalitetsnorm skal det bli enklare å peike ut kvar ein må setje inn «støtet» for å sikre leveområda for villreinen. Miljødirektoratet har sendt kvalitetsnorma på høyring med høyringsfrist 2. mars 2020. Ei sentral problemstilling er korleis ein skal handtere «bit for bit»-utbyggingane som sakte, men sikkert øydelegg livsgrunnlaget for fleire villreinstammer. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) viser til at Noreg både har eit nasjonalt og eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen, altså syte for tilstrekkelege og gode leveområde.

Les også “Vil gjennomgå og bedre villreinens leveforhold” (hjortevilt.no).

Dersom eit villreinområde ikkje oppnår god eller middels kvalitet basert på analyser, skal ein utarbeide konkrete planar for å betre på situasjonen. Ifylgje Elvestuen skal ei slik kvalitetsnorm munne ut i meir treffsikre og meir kostnadseffektive tiltak enn tilfelle er i dag.

Les rapporten “Miljøkvalitetsnorm for villrein. Forslag fra en ekspertgruppe” (nina.no).

Les saken hos Klima- og miljødepartementet her.

Alle høyringsdokumenter finn du her. Høyringsfristen er som nemnd 2. mars 2020.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing