Markerer 50-årsjubileum med praktbok


Ottadalen villreinutvalg markerer 50 års aktivt virke (1964 – 2014) med lansering av jubileumsboka «Reinheimen og Breheimen. Frå  pil og boge til lasso og gevær». Presentasjonen av boka skjer på Sota Sæter i Skjåk søndag 29. juni. Redaktør for jubileumsboka  er  Per Jordhøy.

 

«Det blir lagt opp til uformelt samver, med middag, kaffe og hyggeleg lag utover kvelden.  I høve boklanseringa, er det naturleg å sleppe til nokre sentrale personar som vil kretse rundt 50 år med villrein i Ottadalsområdet.  Elles vert ordet fritt.  Det er rett å nemne at vi nå har søkt Miljødirektoratet om å få døype området om til Reinheimen-Breheimen villreinområde».  Dette opplyser Stig Aaboen, leder i villreinutvalget og i boknemnda og Knut Granum, sekretær i villreinutvalget, i invitasjonen.

«Villreinutvalet er svært takksame for det verdfulle arbeidet som er gjort av ei rekkje aktørar.  Utan desse hadde det ikkje vore mogleg å realisere bokprosjektet.  Det gjeld så vel skribentar og fotografar, som korrekturlesarar.  Vi er takksame for det gode samarbeidet med redaktør og hovudforfattar Per Jordhøy, og Bjarne Fossøy i Snøhetta forlag.  Vi er også takksame for økonomisk støtte frå ein del offentlege instansar, og frå eit par verksemder innan kraftforsyning.  Alle er lista opp i boka.  Også jaktrettshavarane har ytt eit monaleg økonomisk bidrag», understreker Aaboen/Granum i invitasjonen.

Boksalget

«Boka vert lagt ut for sal i slutten av juni 2014 i alle kommunar som utgjer Ottadalen Villreinområde: Luster, Stryn, Stranda, Norddal, Rauma, Lesja, Dovre, Vågå, Lom og Skjåk. Vi vil nytte ulike fjell- og bremuseum, informasjonskontor, turistkontor, bokhandlar og nærbutikkar. I Ålesund vil Ålesund-Sunnmøre Turistforening selje boka ved kontoret i Kongens gate 17. Skjåk Almenning, 2690 Skjåk, tlf. 61 21 39 00, har teke på seg boksal i Bismo, og ved bestilling av boka pr. post. For nærare info, kontakt Stig Aaboen, aaboen@nalf.no, tlf. 415 14 655 eller Knut Granum, knut.granum@broadpark.no, tlf. 917 95 303. Prisen er sett til kr. 350. Ved sending pr. post kjem porto i tillegg». Dette opplyser Ottadalen Villreinområde på sin nettside: www.villreinomraadet.no

 

I «Villreinen 2014» side 75 kan interesserte lese mer om forfatter og redaktør Per Jordhøy. Her er det også en forhåndsomtale av jubileumsboka til Ottadalen Villreinområde. Forhåndsomtalen er skrevet av Bjarne Fossøy. Last ned denne siden som pdf-fil.

 

villrein.no – Arne Nyaas