Villreinen var freda over heile landet frå 1902 til 1906, kvifor?


Illustrasjon: Knud Bergslien «Reinsdyrjakt», olje/lerret, 1868

Illustrasjon: Knud Bergslien «Reinsdyrjakt», olje/lerret, 1868

Det er ikkje berre i våre dagar at det er dramatiske hendingar knytt til villreinstammene i landet vårt. Svingingane har vore dramatiske opp gjennom tidene. I “nyare” tid er det kan hende rundt hundreårsskiftet 1900 at dette toppar seg, då gjekk ein til det drastiske steget å totalfrede villreinen over heile landet i fem år, frå 1902 til og med 1906.

Frå dei eldste tider det har funnest reinsdyr i dette landet har mennesket jakta på reinen. I desse dagar med mykje fokus på dyrevelferd, kan ein sjølvsagt stille spørsmål ved om korleis dyrevelferda har vore teke vare på i tidlegare tider i høve til forvaltinga eller mangel på forvalting av villreinen. Konkret kan ein til dømes dra fram det dramatiske som skjedde rundt 1900, då det var så lite villrein att at styresmaktene innførte totalfreding i heile landet i fem år, frå 1902 til 1906. Korleis kunne dette skje?

Effektive børser
Undersøker ein ulike kjelder for kva som var bakgrunnen for at villreinen blei totalfreda i 1902, er det fleire faktorar som spelar inn. Talet på villreinjegerar hadde auka utover mot slutten av 1800-talet, det blei lettare tilgang til fjellområda, aukande tamreindrift er òg ein faktor som spelar inn. Og vinterjakt var framleis tillete. Men èin faktor blir ofte tillagt den største vekta, innføring av meir effektive våpen, moderne børser – såkalla “bakladningsvåpen” – dei gjorde jakta langt meir effektiv. “Langttrækkende og hurtigskytende rifler, kommunikasionsmidlernes udvikling, flere og flere jagthytters betydning og telefonens utbredelse” – dette er ei formulering som blei brukt av dei som foreslo at villreinen skulle fredast, henta frå boka “Villrein – fjellets nomade” av Kjetil Bevanger og Per Jordhøy (2004). I same boka står å lesa at dette vedtaket kanskje var avgjerande for at villreinen i Noreg ikkje blei utrydda, sjølv om problema med overbeskatning fortsette også etter 1907.

Remington-børsa var den fyrste typen som kom. Frå Hardanger har me denne utsegna frå 1877, trykt opp att i årboka Hardanger 1966: “I slutten af 1860-årene kom Remingtonriflerne i brug, og efter den Tid har Jagten blevet en Masakrering. Det høres saaledese ingenlunde til Skjældenheterne at enkelte Skyttere har nået opp i Sneset, og især har Tallet vært stort om Vinteren, da Jagten pleier at foregaa paa ski. Det forudsees at Renen vil blive helt udryddet.”

Så kom Krag-Jørgensen-børsa, i 1884: “Denne hadde magasin, og monaleg flatare kulebane enn Remingtonen. Hadde reinen vore ille ute før, blei det endå verre no.”  Dette skriv Johan Vaa i boka Reinen på Hardangervidda (2012). I eit gamalt avisutklipp om villreinjakt på Hardangervidda frå avisa Nationen, står det å lesa om denne perioden at “Mange har drevet jakten som det rene slakteri. Det er fart stygt fram mot viddas edle storvilt, og stammen var nær sin undergang omkring århundreskiftet, da den endelig blev totalfredet i fem år.”

Frå Valdres har me liknande historier, Knut Hermundstad skriv i Valdres Bygdebok, bind V (1964): “…det som fyrst og fremst knekte villreinen var skyttarane sjølve med dei moderne snøggskytande børsor. Mykje rein vart skadeskoten, så det låg restar av daude dyr over alle fjell dei siste år det var villreinjakt i Valdres.”

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing