Villreinen i spørjetimen i Stortinget

Villreinen i spørjetimen i Stortinget

Publisert: 14.12.2021

Villreinen har nyleg vore tema i spørjetimen i Stortinget. Det var representanten Kristoffer Robin Haug (MDG) som stilte eit skriftleg spørsmål til kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram om ministeren ville ta initiativ til å stoppe hyttebygging i leveområde for villrein, for å sikre at leveområdet til denne truga arten ikkje blir innskrenka ytterlegare.

Foto: Kjell Bitustøyl

Bakgrunnen for spørsmålet var blant anna det faktum at villreinen no har kome på Artsdatabankens raudliste over truga norske artar. Haug viser til at hytteutbygging er ein av dei viktige formene for arealinngrep som har negativ påverknad på natur. Han viser mellom anna til villreinområda Rondane og Hardangervidda som døme på nettopp dette. Han skriv òg at naturkonsekvensane av arealinngrep som hyttebygging ikkje inngår i ein heilskapleg nasjonal oversikt, slik oppstår det ein utilsikta bit-fot-bit nedbygging av norsk natur med det resultat at leveområda til norske artar blir innskrenka. Han etterlyser difor nasjonale føringar som hindrar naturskadeleg hyttebygging i villreinområde.

I svaret frå kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram, som kom 10.12, blir det vist til dei sju regionale planane for 10 prioriterte fjellområde med villrein, planar som balanserer langsiktig arealforvaltning mellom bruk og vern. Ministeren understrekar at eit sentralt  mål med desse planane er å unngå ein «bit-fot-bit» utbygging. Han meiner òg at oppslutninga om desse regionale planane er god, og at viss kommunale planar bryt med intensjonen bak dei regionale planane og set til side nasjonale interesser, skal statsforvaltaren og fylkeskommunen vurdere å fremje motsegn/innsigelse. Vidare viser Gram til kvalitetsnormen for villrein som skal vera retningsgjevande for styresmaktenes forvaltning i alle saker som har betydning for villrein, også arealplanlegging. Me får vidare opplyst at Kommunal- og moderniseringsdepartementet utarbeider ein rettleiar om fritidsbygg som snart er ferdig, ein rettleiar som òg skal gje råd om korleis omsyn til naturmangfald skal takast vare på i arealplanlegginga.

Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram konkluderer med at me har etablert eit godt plan- og forvaltningsregime i Norge, noko som han meiner gjev grunnlag for ei god forvaltning av villreinens arealbruk.

Sjå heile spørsmålet og heile svaret her. 

villrein.no – Kjell Bitustøyl