Tor Vaa – bilethoggar med fleire motiv frå fjell og vidde


Reinskalv. Bronse. Ein av Tor Vaa's mest omtykte skulpturar, denne er frå Rauland barnehage. Foto: Kjell Bitustøyl

Reinskalv. Bronse. Ein av Tor Vaa’s mest omtykte skulpturar, denne er frå Rauland barnehage. Foto: Kjell Bitustøyl

Tor Vaa (1928-2008) frå Rauland er son av bilethoggar Dyre Vaa og Thora Lange Bojer og gjekk til å begynne med i lære hjå faren. Han har henta mange motiv frå fjell og vidde, ikkje minst reinsdyr.

Bilethoggar Tor Vaa si formelle utdanning begynte på Kunstakademiet i Oslo med Per Palle Storm som lærar. Endå viktigare blei læretida hjå den danske professoren Johannes Bjerg i København.

Eit av dei fyrste motiva Tor Vaa modellerte var Reinsgjetarhund, eit motiv han i fylgje Store norske leksikon var fortruleg med frå heimbygda. Historia om denne hunden, som blei Tor sin eigen hund, gjeng tilbake til krigsåra då familien var på biltur etter alt å dømme over Sognefjellet. Syster til Tor, Ellen, som òg var med på turen, blei svært begeistra for ein hund som kom bort til dei då dei stoppa, ein nokså vilter unghund. Resultatet blei at Dyre Vaa fekk kjøpt hunden av dei som åtte han. Mykje talar for at dette kan vera reinsgjetarar frå Lom, som me veit dreiv med tamrein på Sognefjellet på denne tida. Ei stund etter at Tor Vaa hadde modellert hunden sin som lydde namnet Villgust (1948), fekk han i oppdrag å lage ein kopi i stein av hunden. Skulpturen blei kjøpt inn av Selvaag Bygg i 1958 og er å finne i eit burettslag i Rådyrveien på Veitvedt i Oslo.


Reinsgjetarhund. Granitt. Ein skulptur av Tors eigen hund, Villgust. Steinskulpturen er å finne i Rådyrveien Borettslag på Veitvedt i Oslo. Foto: Kjell Bitustøyl

Etter kvart fekk Tor Vaa eit meir og meir nært forhold til heimbygda Rauland, noko som kjem til uttrykk i kunstverka hans, det gjeld blomar og blad, fjellrev, rype – og ikkje minst reinsdyr. Tor var ingen jeger, men hadde eit nært forhold til naturen og ville tolke naturen i kunsten, både i skulptur, bilete og i ord.

Ein av dei mest omtykte skulpturane hans er Reinskalv frå 1963. Kalven er laga etter ein levande modell, ein kalv som hadde svekka syn og som blei fanga på Hardangervidda. Kalven blei sett i ei innhegning på heimestaden Sporanes der kunstnaren kunne studere han på nært hald. Elles farta Tor mykje i Bitdalsfjella der han òg stundom støytte på rein og fekk inspirasjon. Originalskulpturen er å finne i Røldal (1985), men i 1992 blei det òg støypt ein kopi i bronse som er å finne i Rauland barnehage, til glede for både store og små.

Eit anna verk er Villrein, eit motiv som finst i fleire utgåver, som trerelieff, akvarell og relieff i gips. Det eldste, som er laga i 1960-åra, er å finne i Festsalen i Raulandshuset. Dette relieffet kom i si tid inn på Statens haustutstillling. Ein variant av Villrein blei laga i nyare tid i samarbeid med Petter C. Omtvedt treskjerarverkstad. Dette finst på Rehabiliteringssenteret AIR i Rauland.


Villrein. Trereliff. Dette er ei nyare utgåve som er å finne på Rehabiliteringssenteret AIR i Rauland. Foto: Kjell Bitustøyl

Villrein. Trereliff. Dette er ei nyare utgåve som er å finne på Rehabiliteringssenteret AIR i Rauland. Foto: Kjell Bitustøyl


Bilethoggar Tor Vaa med reinskalven som han hadde som modell, i innhegninga på heimstaden Sporanes i Rauland. Foto utlånt av Anne Joronn Sætre.

Bilethoggar Tor Vaa med reinskalven som han hadde som modell, i innhegninga på heimstaden Sporanes i Rauland.

Foto utlånt av Anne Joronn Sætre.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing