Geviret er reinsdyrets kjennemerke nummer éin. Og det gjeld både simle og bukk, sjølv om det er bukkens gevirprakt som opp gjennom historia har fått mest merksemd. I desse dagar er det bukkens gevir det handlar mest om.
Gjennom mesteparten av sommaren ser ein reinsdyr med gevir kledd med hårete hudvev, også kalla bast. Denne basten er utstyrt med blodkar og nervar. Geviret hjå reinen er ferdig utvakse i løpet av august/tidleg september. Det er etter dette basten tørkar inn, og reinen tek til med feiing av geviret. Dette skjer i form av at store flak eller strimlar blir feia av mot tre, buskar eller stein. Etter alt å døme skjer dette i eit vekselspel mellom veksthormon og kjønnshormon. Dagslyset er den faktoren styrer denne prosessen. Sommarstid er det veksthormona i blodet om dominerer, og dermed veks geviret. Når brunsttida kjem, aukar konsentrasjonen av kjønnshormon og geviret stoppar å vekse. Etter feiing skjer det ikkje noko endring av geviret så lenge brunst- og paringstida varer ved. Men når denne tida er over, er det veksthormona som overtek att og bukkane feller etter kvart gevira ved at beinveven mellom rosenkransen og rosenstokken blir løyst opp.
Handlar om å markere eigen posisjon og styrke
Geviret hjå bukkane er ekstra viktig under brunsten, dominerande bukkar som ofte har store gevir, vil vera dei som får pare seg oftast og med det spreie genane sine til flest etterkomarar. I kampane som utspelar seg under paringstida handlar det om å markere eigen posisjon og styrke. Brunstkampane kan arte seg skyvekonkurransar der geviret er kontaktpunktet mellom bukkane. Dersom rivalane er like sterke, kan slike kampar vare opp til éin time. Då er det ikkje berre snakk om storleiken på geviret, ein tung og sterk kropp som toler eit høgt mjølkesyrenivå i muskelmassa er òg viktig for å kunne «vinne» ein slik kamp.
Simlene
Det er vel kjent at gevirsyklusen hjå simler og bukkar er forskjellig (sjå artikkel om gevir). Når det gjeld feiinga om hausten, startar denne to til tre veker tidlegare hjå bukkane enn hjå simlene. Simlene vel paringspartnar gjerne utifrå storleiken på gevira hjå bukkane. Eit stort gevir er eit tydleg signal om bukkens kondisjon og styrke og med det kvaliteten på genane. Simler som skal investere i kalven i form av mjølk og fosterutvikling, vil sikre seg gode arveanlegg.
Storleiken på gevir
Der er ein klar samanheng mellom storleiken på gevir og tilgangen på næring. Er næringstilhøva gode, vil mange både simlekalvar og bukkekalvar kunne ha gevir med opp til tre greiner på kvar side fyrste hausten. Viss næringstilhøva er mindre gode, blir kalvegevira verande ugreina. Handlar dette om reinens kondisjon, har det vist seg at der er ein klar samanheng mellom denne og storleik, vekt og forgreining av gevir hjå kalvane. Dette gjeld både for rein og karibu og må sjåast i samanheng med meir tradisjonelle kondisjonskriterium. Hjå bukkane er det slik at di eldre dei blir, di større og meir forgreina blir geviret. Dette skjer inntil dei er seks-sju år gamle, då blir geviret som oftast mindre og med færre taggar. Hjå simlene er det slik at dei har færre taggar enn bukkane, og etter to års alder er det liten endring i storleiken på gevira.
Kastrerte bukkar
Innafor tamreinnæringa var det tidleg eit verkemiddel å kastrere bukkar for å bruke dei til køyrerein, leiedyr, matdyr osv. No til dags handlar dette mest om køyrerein og leiedyr. Dersom ein bukk blir kastrert før feiinga, blir basten sitjande på til neste vår då gevira blir felt. Skjer dette etter feiinga, feller bukkane geviret i løpet av nokre veker. Nye gevir veks ut på vanleg måte, men kastratane beheld hudlaget til våren att og fellinga i mars-april, på same tid som gjeldsimler og kalvar.
Mei om reinens gevir: https://www.villrein.no/aktuelt/vren-gamle-gevir-blir-felt-nye-gevir-veks-fram?rq=gevir
Denne artikkelen byggjer på to kjelder: Reimers: Våre hjortedyr (2018) og Holand og Punsvik: Villreinen – ein suksessfull art i boka «Villreinen – fjellviddas nomade» (2016).
villrein.no – Kjell Bitustøyl