I naturens eige klasserom: Fekk lære om villreinen i Rondane


Åttandeklasse frå Otta ungdomsskule på tur i Rondane. Jutulhogget ved Rondvassbu i bakgrunnen. Foto: Kjell Bitustøyl

Åttandeklasse frå Otta ungdomsskule på tur i Rondane. Jutulhogget ved Rondvassbu i bakgrunnen. Foto: Kjell Bitustøyl

Onsdag 8. september, få veker etter at skuleåret tok til, drog elevane i 8. klasse ved Otta ungdomsskule til fjells for å lære om villreinen i Rondane. Dei gjekk inn frå Spranget til Rondvassbu der eit pedagogisk opplegg i regi av Norsk villreinsenter nord starta opp.

Villreinen er ein eldgamal dyreart i Rondane, og med eit stadig aukande press på denne reinstamma er det viktigare enn nokon gong at dei unge får lære om både historia og situasjonen for villreinen i dag. Difor hadde ein engasjert naturrettleiar Kristin Gansmo Brenna ved Norsk villreinsenter nord på Hjerkinn (NVS). Ho hadde med seg fagkonsulent Einy Brænd frå NVS og «gjestenaturrettleiar» Tuva Flor Lien frå Norsk villreinsenter sør, Skinnarbu. Ein kvinnesterk trio med andre ord.


Elevane ved steinbua i nærleiken av Rondvassbu Foto: Kjell Bitustøyl

Elevane ved steinbua i nærleiken av Rondvassbu Foto: Kjell Bitustøyl

Lydhøyr forsamling

Rondane viste seg fram frå ei fargerik og varm side denne haustdagen, elevar og lærarar hadde gjenge inn frå Spranget til Rondvassbu der dei tok ei god matpause før naturrettleiarane tok over. Å fyrst gå ein slik tur før ein skal ta i mot kunnskap er ingen dum idé, slik kan sjela bli «reinsa» og ein kan bli meir mottakeleg enn til vanleg i eit klasserom. Det skulle då òg vise seg at det var ei svært så lydhøyr og engasjert forsamling av ungdom som vandra ut i terrenget for å lære meir om steinbuer, dyregraver og bogastille, og sjølvsagt villreinen.

Spor etter jegerar

Fyrste stopp var ei steinbu/jaktbu like ved vegen inn til Rondvassbu, nær der turistløypa retning Illmanndalen tek av. Slike buer, ofte litt nedrasa, finst der mange av i fjellheimen, og Kristin Gansmo Brenna fortalde om jakt og farne tider der slike buer kunne vera hyppig i bruk i samband med jakt og fiske. Det var oftast berre sesonghusvære, brukt under jaktperiodane då ein låg inni fjellet. Kanskje kan bua ha vore i bruk av dei som brukte dyregravene og bogastilla lenger inne i Illmanndalen, fangstminne som ikkje var lenger unna enn at me nådde inn til dei i løpet av ein lett gangtur. Dette var målet for denne utflukta. Slike fangstanlegg finst der utruleg mange av nettopp i Rondane. Dei viser kor viktig reinen i dette fjellområdet har vore for dei som budde i nærleiken, ja, kanskje viktigaste grunnen til at nettopp desse fjellbygdene blei busett av folk på eit svært tidleg tidspunkt etter at isen hadde trekt seg tilbake. 


Naturrettleiar Kristin Gansmo Brenna (t.v.) har samla elevane rundt eit bogestille i Illmanndalen. Foto: Kjell Bitustøyl

Naturrettleiar Kristin Gansmo Brenna (t.v.) har samla elevane rundt eit bogestille i Illmanndalen. Foto: Kjell Bitustøyl

Dyregraver og bogastille

Å lese om eller sjå bilete av fangstminne langt til fjells er éin ting. Noko heilt anna er å koma på dei stadane der desse finst framleis nokså intakte, slik det er litt inn og opp på nordsida  av Illmanndalen. Me forlet turiststigen ved fremre Illmanntjørna og gjekk litt oppi lia på ei litt langstrekt «hylle» under den staute Storronden. Der fekk elevane oppleve nedste delen av eit større fangstanlegg med både dyregraver og bogastille. Betre arena for å fortelje historia om villreinen og dei tidlege jegerane finst ikkje. Kristin Gansmo Brenna er ny som naturrettleiar ved NVS, men har lang erfaring som pedagog. Dette fekk ho vist til gangs der ho bl.a. ved hjelp av to små figurar, ein steinaldermann og ein villrein, førte oss inn i korleis det kan ha vore her den gongen desse dyregravene var i bruk. Ståande i ring rundt den godt bevarte dyregrava med fangarmar, fekk elevar og lærarar med seg korleis dette ein gong kan ha gått føre seg. At ein jeger med pil og boge kunne sitje litt lenger oppe bak eit bogestille for å jakte på reinen på denne måten, fekk ho òg fortalt og vist. Det naturlege spørsmålet var: Kvifor akkurat her? Svaret var i og for seg enkelt: Det er på dette litt flatare partiet at reintrekket gjekk, eit viktig trekk som har vore der i tusenvis av år, og som veidefolket på eit tidleg tidspunkt hadde merka seg då dei sette i gang med å byggje opp eit slikt  omfattande fangstanlegg.


Intakt dyregrav i Illmanndalen. Foto: Kjell Bitustøyl

Intakt dyregrav i Illmanndalen. Foto: Kjell Bitustøyl

Eit reinstrekk som nesten har forsvunne

Kor gamle er desse fangsminna? Umogleg å seie, men Kristin kunne fortelje at der t.d. frå 1200-talet og fram til Svartedauden var stor aktivitet her. Då kunne t.d. gevir frå dei fanga reinsdyra gå til kamproduksjon, kammar som blei eksportert til folk ute i Europa. Alvoret i dagens ekspanderande menneskeleg ferdsel inn mot sårbare beite- og trekkområde for villreinen, kom fram då fagkonsulent frå NVS Einy Brænd fortalde at dette reinstrekket som alle desse fangstminna er synelege bevis på, nesten har forsvunne. Berre ein sjeldan gong no til dags trekkjer reinen her, og grunnen er enkel: For stor ferdsel og forstyrring frå menneske skræmer vekk den sky villreinen i Rondane frå dette området. 


Fagkonsulent Einy Brænd ved NVS nord fortalde om stoda for villreinen i Rondane i dag. Foto: Kjell Bitustøyl

Fagkonsulent Einy Brænd ved NVS nord fortalde om stoda for villreinen i Rondane i dag. Foto: Kjell Bitustøyl

Hårspray-trikset og luktesansen


Naturrettleiar Tuva Flor Lien frå Norsk villreinsenter sør lærte elevane om reinens luktesans med kombinasjonen vind/hårspray med sterk lukt . Foto: Kjell Bitustøyl

Naturrettleiar Tuva Flor Lien frå Norsk villreinsenter sør lærte elevane om reinens luktesans med kombinasjonen vind/hårspray med sterk lukt . Foto: Kjell Bitustøyl

Då elevane rett etterpå fekk leike at dei var ein villreinflokk som skulle reagere på framand lukt, fekk dette alvoret ein ekstra dimensjon: Naturrettleiar Tuva Flor Lien demonstrerte eit innarbeidd «triks» for å vise kor avhengig reinen er av nettopp luktesansen for oppdage ein jeger eller annan fare som nærmar seg. Elevane fekk stå tett saman som ein reinflokk med augo att, så gjekk naturrettleiaren eit stykke i frå og spraya ut hårspray med sterk lukt. Dei som  kjende lukta skulle springe vekk. Med ulike vindretning fekk elevane på ein svært så tydeleg måte oppleve korleis nettopp vindretning er svært viktig når ein jeger skal nærme seg reinsdyr, eller kor viktig det er å leggje merke til vindretninga og ta omsyn til og ikkje skræme reinen unødvendig om du er ein fotturist som er ute i fjellet og treffer på reinsdyr. 

Naturens eige klasserom

Heimturen gjekk om ein stad rett opp for Rondvassbu, der lærarane ved Otta ungdomsskule fekk informert om og vist fram korleis ein ikkje skal oppføre seg i fjellheimen, og då visst ikkje inni ein nasjonalpark: Ein skal ikkje setje spor etter seg og slett ikkje i form av villvarding, det vil seie ein mengd oppmura småvardar som folk set opp i hytt og pine, ofte på populære utferdsstadar. Slik blei dette ein dag der klasseromet var erstatta med naturens eige klasserom, der varsemd, klokskap og omtanke bygd på kunnskap om dei som held til der, villreinen i denne samanhengen, er ekstra viktig lærdom. Og ved å lære om historia til reinsdyret, får ein òg med seg ein annan og ofte utegløymd dimensjon: Respekt for det dyret som var så livsviktig for forfedrane våre.

villrein.no – Kjell Bitusøyl