Kristin Gansmo Brenna – ny naturrettleiar på Hjerkinn


Ny naturrettleiar ved NVS nord: Kristin Gansmo Brenna, her med ein kopi av ein harpun laga av reindyrbein/reindyrhorn. Foto: Kjell Bitustøyl

Ny naturrettleiar ved NVS nord: Kristin Gansmo Brenna, her med ein kopi av ein harpun laga av reindyrbein/reindyrhorn. Foto: Kjell Bitustøyl

Norsk villreinsenter nord har tilsett Kristin Gansmo Brenna som ny naturrettleiar. Ho bur på Dombås og har lang erfaring frå læraryrket med biologi som eitt av dei viktigaste faga. 


Kristin Gansmo Brenna på oppdrag for NVS  i Rondane: Ho fortel om dei fyrste menneska som jakta på rein i Noreg etter at isen hadde trekt seg tilbake. Åttandeklassa fra Otta ungdomsskule fylgjer spent med. Foto: Kjell Bitustøyl

Kristin Gansmo Brenna på oppdrag for NVS i Rondane: Ho fortel om dei fyrste menneska som jakta på rein i Noreg etter at isen hadde trekt seg tilbake. Åttandeklassa fra Otta ungdomsskule fylgjer spent med. Foto: Kjell Bitustøyl

Den nye naturrettleiaren på NVS nord, Kristin Gansmo Brennahar så vidt kome i gang i den nye jobben, ca. éin månad har ho vore i sving. Ho kjem frå ei langvarig lærargjerning med born og unge på mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Ho kjem opphavleg frå Kolvereid i Trøndelag, men er gift til ein sauegard på Dombås. Ho kjenner fjellheimen rundt godt, både frå tilsynet med sauene i Reinheimen, som mangeårig reinsjeger i Grimsdalen og som naturinteressert heilt sidan barndommen. Kristin er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning innafor biologi, kjemi og matematikk. 

 

Kvifor ville ho bli naturrettleiar? Ho har heilt sidan ungdomen hatt stor interesse for fjell, økosystem og natur generelt. Foreldra tok ho med då ho var 12 år til Folldal. Då fekk ho for fyrste gong oppleve at det var noko som heitte villrein. Sjølv kjem ho frå eit geografisk område der det berre er tamrein. Som nyinnflytta til Dovre starta ho med reinsjakt, det skjedde for over 20 år sidan. Truleg var ho i sterkt mindretal som kvinne og reinsjeger i ein typisk mannsbastion den gongen, no er det som kjent langt fleire jenter som jaktar. Sjølv synest ho dette med jakt handlar om opplevinga, det å koma nær eit slikt dyr, lære meir. Og det vil ho garantert få rikeleg høve til no når ho kjem inn i eit slikt miljø.

 Å vera naturrettleiar er eit yrke ho ser på med stor glede og sjølvsagt òg ei utfordring.  Ho har alltid funne glede i å drive med formidling, det å ha med menneske å gjera. På fritida har ho òg t.d. drive med fotografering, ho har tidlegare òg prøvd seg litt som amatørskodespelar nokre somrar. Så har ho vore, og er med, i styre for skiskyting, og ho prøvar å meistre elvekajakkpadling betre og betre.

Kristin Gansmo Brenna er altså alt i gang og har møtt nye folk i eit for henne heller ukjent miljø. På Hjerkinn finn ein både Statens Naturoppsyn, områdeforvaltarar for nasjonalparkane, pilegrimsleiar, prosjektleiar for restaurering av Kongevegen og NVS sine eigne folk.  Å lære meir om villrein og villreinproblematikk ser ho på som noko av det mest spennande og utfordrande ho skal i gang med. I formidlingsarbeidet er det å setje dette inn i eit miljøperspektiv i fylgje henne sjølv noko av det viktigaste ved denne stillinga.

villrein.no – Kjell Bitustøyl