Stadig mindre leveområder


Simler i april - litt usikre på om dei skal våge seg vidare. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Simler i april – litt usikre på om dei skal våge seg vidare. Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

I ein ny rapport konkluderer Miljødirektoratet med at oppdeling av villreinområda kan påvirke bestandane negativt, ikkje minst sett i lys av klimaendringane.  I løpet av 2017 skal ei ekspertgruppe på 13 fagpersonar utnemnde av Miljødirektoratet utvikle ein kvalitetsnorm for villrein blant anna med basis i denne rapporten.

Det er ei kjent sak at leveområda for villreinen stadig blir avgrensa, og at ei oppdeling i mindre bestandar kan gjera villreinen meir sårbar. I ein rapport frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) som nyleg har blitt laga på oppdrag av Miljødirektoratet, har forskarane hatt fokus på å hente inn meir kunnskap om korleis villreinen sine leveområde blir påverka av slik arealfragmentering.

23 område kan bli til 30
Blant dei viktigaste funna i denne rapporten er at fleire av dei nasjonale villreinområda no består av to eller fleire delbestandar, og at ei ytterlegare oppdeling i framtida vil kunne gjera 23 villreinområde – som me har i dag – om til 30 villreinområde.  Ein annan konklusjon er at denne utviklinga sett i lys av potensialet som ligg i klimaendringane, skaper ekstra stor bekymring i høve til endra levevilkår for reinen. Rapporten nemner òg at sjukdommar eller parasittbelastning vil kunne bety meir i eit framtidig landskap for reinen der leveområda blir meir og meir oppstykka. Små leveområde kan òg føre til mindre fleksibilitet i områdebruken t.d. ved vanskelege beiteforhold.

Skal lagast modellar
I rapporten blir det presentert eit fyrste forsøk på å lage modellar som på førehand kan seie noko om korleis fragmentering vil virke, t.d. i høve til fødselsrater og død. Forskarane sitt framlegg er at slike modellar kan gjera ein betre rusta til å møte framtidas utfordringar. Ideen om ei kvalitetsnorm har sitt utspring i Stortingsmeldinga om naturmangfald frå 2016. Og dersom ei slik kvalitetsnorm ikkje er nådd, eller at det er fare for at det ikkje skjer, skal det utarbeidast ein tiltaksplan i samråd med andre berørte sektorar.

Direktør for Miljødirektoratet Ellen Hambro seier i ein kommentar at Noreg har eit ekstra stort ansvar for å ta vare på arten, og at ei kvalitetsnorm vil kunne gje oss tydelege mål for forvaltinga og god kunnskap om kva for tiltak som verkar.

Rapporten finn du her.

Les mer om villrein på Miljøstatus.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing