Setesdal Austhei og Våmur-Roan villreinområde


Reinsdyrflokken som hadde kome med valdrisen Helge Kvame frå Sverige er samla på Bjåen i Bykle. Biletet er frå april 1930, like etter at dyra hadde kome. Dette er “forfedrane” til dyra som seinare blei til villreinstamma i Setesdal-Austhei og Våmur-Roan. Foto utlånt av Eivind Gardsteig.

Historia til Setesdal Austhei villreinområde er godt dokumentert i fleire bøker og artiklar. Overgangen frå tamrein til villrein skjedde rundt 1980. Og som ein direkte fylgje av dette kom det òg til eit nytt villreinområde i 1992, Våmur-Roan villreinområde som er 375 km2 stort og ligg i kommunane Fyresdal, Nissedal og Kviteseid. Tamreinhistoria til Setesdal Austhei er omfattande og konfliktfylt, men handlar òg om viktig verdiskaping i ei fjellbygd. I denne artikkelen kjem det ein kortversjon.

Norsk villreinsenter ynskjer i fleire artiklar å rette fokus mot dei villreinområda som tidlegare har hatt tamrein. Her kjem tredje artikkel, som omhandlar Setesdal Austhei og Våmur Roan. Les også “Norefjell – frå svensk skogsrein til villrein” og “Vest-Jotunheimen – Noregs “villaste” villreinområde?” (villrein.no).

Setesdal Austhei villreinområde er kjent som eit villreinområde med mindre sky rein enn i ein del andre villreinområde, Hardangervidda til dømes. Dette har samanheng med at denne stamma heilt og fullt er bygt opp av tidlegare tamrein. Setesdal Austhei hadde kontinuerleg tamreindrift i omlag 100 år, frå 1880-åra til 1978/79. Før det var det, som i ein del andre fjellområde, spreidde forsøk med tamrein på midten av 1800-talet.

Juel Lund
Etter at ein del sørsamar kom med eigne reinsflokkar til Setesdalsheiane mot slutten av 1880-åra, kom den fyrste organiserte tamreindrifta i gang i 1895, Setesdalen reinsamlag i Rysstad i Valle kommune. I spissen for dette tiltaket stod lensmannsbetjent Juel Lund, seinare lensmann i Valle. Juel Lund hadde i 1880-åra raskt kome i kontakt med dei samane som kom med eigen rein og gjekk i lære hjå desse. Interessa for tamrein hadde blant anna bakgrunn i at morfaren til Juel Lund i Bindal i Nordland, hadde leigd ut beite til fyrste samen som kom med eigen reinsflokk til Setesdal i 1886, Jon Andersen Arefjell, som hadde kome heilt frå Hattfjeldal.

Setesdalen reinsamlag kjøpte rein av samane i Bykle. Men selskapet fekk ikkje noko langt liv, reinsflokken blanda seg med ein annan reinsflokk, og dei lokale eigarane frå Rysstad trekte seg ut etter stutt tid. Men Juel Lund heldt fram med eigne dyr, og han kjøpte fleire dyr av samane. Og i 1903 ville han utvide, denne gongen var det Bykle han satsa på, og Breive reinsdyrsamlag med Juel Lund som formann blei formelt stifta i april i 1903. Dei fleste aksjeeigarane var grunneigarar heimehøyrande i Bykle kommune, som hadde blitt eigen kommune i 1902. Beiteområdet strekte seg sørover på Austheia til Bjørnevatn, både på Setesdals- og Telemarksida. Og stamma var på 460 dyr då dei starta.

Breive reinsdyrsamlag
Medan eigarane var lokale, var dei fremste gjetarane sørsamar i Breive reinsdyrsamlag. Ei ny lov hadde gjort det vanskelegare for samar å drive med eigen rein utanfor dei nyetablerte samiske reinbeitedistrikta, difor hamna mange samar, både i Setesdal og i andre fjellbygder, som innleigde gjetarar for lokalt eigde selskap. Samane stod for kunnskapen og kompetansen, og det var svært vanleg å ha ein same som sjefsgjetar.

Laget dreiv godt ein lang periode, stamma voks og avkastninga var stor, så stor at laget, då det stod på si høgd, betalte femteparten av Bykle herredsbudsjett i skatt. I 1919 blei Juel Lund lensmann og trekte seg ut av leiinga. Ei stund før dette hadde dei siste samane som dreiv med eigen rein reist frå Setesdal. Det hadde blitt meir og meir vanskeleg å drive for dei, kanskje aller mest på grunn av oppkjøp av eigedomar rikmannen Thorvald Heiberg gjorde i Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane, i området som i ettertid har fått namnet Njardarheim. Dette oppkjøpet av eigedomar som starta i 1904, kom til å få mykje å seie for utviklinga av villreinstamma i området. Og debatten omkring villrein kontra tamrein skaut fart i desse åra i Setesdal. Nordre del av Setesdal Vesthei kom etter kvart til som ein del av tamreinbeitet. Å halde grensa mellom tam og vill rein blei difor ei utfordring for tamreindrifta, og saman med det faktum at tamreinen naturleg nok òg stundom kom inn på stølsmark og dyrka mark, var dette ein kime til konflikten som seinare voks fram. På den andre sida kunne tamrein rømme inn i villreinflokkane og føre til at desse fekk nytt blod og blei meir livskraftige.

Nytt regime
Nedgangstider og mangel på kapital på grunn av manglande slakteinntekter, var truleg viktigaste grunnen til at Breive reinsdyrsamlag fekk ei utviding av aksjekapitalen og nye eigarar litt før 1920. Dei lokale eigarane har truleg sett seg nøydde til anten å leggje ned eller få inn friske pengar. To bykarar med god råd, av mange kalla spekulantar, gjekk inn i laget og fekk aksjemajoriteten, noko som etter stutt tid skulle bli skjebnesvangert. Uflaks med konjunkturane rundt 1920 kombinert med uansvarleg drift førte laget ut i eit økonomisk uføre som enda med  kollaps og nedlegging av laget. Spekulasjon og rettssaker er omgrep som går att når denne perioden blir omtalt. I 1928 var det slutt, etter at erfarne reindriftsfolk frå Valdres hadde prøvd å berge laget utan å lykkast. Tamreindrifta låg med broten rygg i Bykle.

Byklehei reinsamlag
Men berre to år etter nedlegginga, greidde bønder og grunneigarar i Bykle å stable på beina eit nytt lag att. Kloke av skade var det berre lokale folk som denne gongen fekk vera med i laget. Då restane av den gamle tamreinstamma var seld til eit lag i Jotunheimen, som òg hadde skaffa ein del av desse dyra, måtte ein kjøpe inn heilt ny rein. Det nye laget fekk namnet  Byklehei reinsamlag og starta opp med omlag 600 dyr i 1930, dyra hadde kome den lange vegen frå Jämtland i Sverige med “reinsdyrhandlaren” Helge Kvame frå Vang i Valdres. Dette var grunnstamma som Byklehei heile perioden dreiv og avla på, og som blei basisen for den seinare villreinstamma både i Setesdal Austhei og Våmur-Roan. Reinstamma i Setesdal Vesthei, no kalla Setesdal Ryfylke villreinområde, har nok òg genetiske spor etter denne tamreinstamma, sjølv om denne villreinstamma er ein miks av tidlegare villrein og tamrein kjøpt av samar i Valle på 1910-talet.

Byklehei reinsamlag dreiv godt utover i 1930-åra, men krigen kom med uorden og utfordringar. Blant anna kom det til tvangslevering av kjøt til dei nye styresmaktene, eit tiltak ein i lengste laget prøva å vri seg unna. Problem med å få tak i dyktige gjetarar og generelt kaos på grunn av krigen, førte til at laget strevde i motbakke. Det blei mangel på dyktige gjetarar, noko som førte til at ein laut hente arbeidskraft heilt frå Finnmark både under krigen og i etterkrigsåra. Mange samiske ungdommar kom for å prøve seg som reinsgjetar i Setesdal, nokon berre for stutt tid, andre blei her i mange år. Ein god del lokale folk var òg med på reinsgjetinga, særleg galdt dette sesonggjeting, for det var ikkje så mange av desse som blei gjetarar på heiltid.


Sørsamane Lars Johnsen og Sigrid Johnsen var blant dei som var lengst i Setesdal med eigen rein, dette er flokken til Lars og Sigrid, biletet er frå slaktinga på Bjørgum i Valle i 1914. Foto utlånt av Setesdalsmuseet.

Etterkrigsåra kom elles med tekniske nyvinningar, beltetraktor til å frakte dyreskrottar med, og etter kvart kom snøskuteren. Slitasjen på beita og konfliktar med dei som leigde ut beite på grunn av for dårleg gjeting og meir sky rein, førte til at tanken på å avvikle tamreindrifta melde seg på midten av 1960-talet. Ei gryande interesse for villrein voks òg fram i einskilde område. Ein del grunneigarane blei etter kvart misnøgde, det var på Telemarksida at ein fyrst byrja å seie opp beitekontraktane.

Problematisk overgang
Erfarne tamreinfolk ville nok sagt at skulle ein ha berga dette området for vidare tamreindrift, måtte ein ha bytt ut reinen, som blei meir og meir uhandterleg. For dårleg gjeting førte med seg ein vond sirkel med mangel på merking av dyr og konflikt med den gryande interessa for villrein. Dette er litt enkelt sagt faktorar som førte til at tamreindrifta til slutt måtte leggjast ned. Stemninga i Valle hadde òg snudd til fordel for villrein.

Sett frå synsstaden til dei lokale i Bykle som styrde denne tamreindrifta, var sjølve avviklinga eit stort svik i den forstand at staten tok over tamreinen utan at dei som hadde hatt alle kostnadane over år fekk att eit øre i kompensasjon. I tillegg hadde staten drege inn inntekter av slakt av heiløringar frå eit tidlegare år, også pengar som ikkje kom tilbake til Bykle. Ei ny “heiløringslov” hadde kome i 1977, denne sa at dyr som ikkje var merkte innan ei viss tid etter kalving, var statens eigedom. Uflaks med vêret då nedslaktinga av flokken skulle skje i 1978, i kombinasjon med harde vilkår frå styresmaktene om avvikling, førte til at svært mykje tamrein, nokon meiner rundt 3000 dyr, den eine dagen heitte tamrein og neste dag var villrein. Slik formulerte ein seg i Bykle.

Frå “villreinsida” heiter det at samfunnet med dette fekk overdrege ein ny storviltressurs i Setesdal Austhei, og at grunneigarane no fekk retten til å hauste av denne ressursen. “Dette skjedde etter at mange i en årrekke hadde stilt sine fjellbeiter til disposisjon svært billig eller gratis, noen med, noen mot sin vilje” (frå boka Punsvik & Frøstrup: Villreinen  –  Fjellviddas nomade 2016).

Det blei opna opp for villreinjakt i Setesdal Austhei i  1981. Sidan den tid har det vore store svingingar i stamma. For 2018 år er kvoten på 300 dyr. I Våmur-Roan villreinomåde blei det opna opp for prøvejakt i 1992, ordinær jakt kom i gang i 1993. Kvoten i 2018 er på 55 dyr.

I fjerde del av denne artikkelserien vil me rette fokus mot Setesdal Ryfylke. Denne kjem på trykk mot slutten av september.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing