Viktige saker i året som har gått for villreinnemnda i Rondane og Sølnkletten har vore arbeid med vidareføring av regionalplan, kvalitetsnorm, spørsmål omkring ferdsel, bestandsforvalting samt deltaking i ulike prosjekt innafor villreinområdet.
Som i andre villreinområde har unntaksåret 2020 òg vore prega av digitale møte i Rondane og Sølnkletten villreinnemnd. Likevel har mange saker vore til handsaming. Me nemner miljøkvalitetsnorm for villrein, fokus på overvåking og eventuell smittesporing av CWD og overvåking og rapportering av fotròte. Innafor arealplanarbeidet har nemnda merka eit auka press om utviding av fritidsbustadar i sone 1 og sone 2. Dette er ei utvikling der summen av alle sakene kan får uheldige konsekvensar for villreinen. Med tanke på problemstilling knytt til ferdsel ynskjer villreinnemnda ein debatt omkring ferdselsregulerande tiltak.
Nemndas arbeid 2020
Ei viktig oppgåve for nemnda er arealproblematikk knytt til bruks- og utbyggingspresset i Rondane. Her nyttar nemnda seg av klageretten på vedtak, fire klagesaker førte fram i 2020.
I samband med miljøkvalitetsnormen for villrein har villreinnmenda tilrådd og fått gjennomslag for at fylkeskommunen i 2021 fylgjer opp med å revidere/rullere regionale planar i etterkant av tilstandskartlegginga.
Innafor bestandsforvaltninga i dei tre villreinområda er det villreinutvalet som kontrollerer, driv med teljingar, fastset kvotar og lagar fellingsstatistikk. Det har blitt registerte ein nedgang i einskilde av delområda i Rondane utan at ein kjenner årsaka. Denne nedgangen har ein prøvd å motverke ved å redusere jaktkvotane. Vinterteljingane i Sølnkletten i 2020 syner ein nedgang, difor blei kvoten for 2020 sett ned, og simlene blei totalfreda i 2020. I Rondane Nord nord for Ula hadde ein eit utbrot av fotròte i 2019, men for 2020 blei det ikkje rapportert om tilfelle av fotròte i dette området. I området sør for Ula (Vulufjell) blei det ein relativt stor kvote i 2020, dette for å halde stamma på eit stabilt nivå. Trass i ein auke i bestanden i Rondane Sør i perioden 2016-2019, er ein bekymra for bestandsutviklinga i dette området ettersom den generelle trenden peikar nedover, blant anna var tilveksten siste år nede i 9%.
Av deltaking i ulike prosjekt innafor villreinområdet, tek me med at arbeidet held fram innafor temaet villrein, ferdsel og forvaltning, eit stort prosjekt i regi av NINA. Vidareført blir òg GPS-merkinga og GPS-registreringa, særleg med tanke på arealplansaker. Besøksstrategien for Rondane har blitt fylgd opp gjennom å opprette ei arbeidsgruppe som skal sjå på avbøtande tiltak. Nasjonalparkstyret skal arbeide vidare med forslaga som kjem frå arbeidsgruppa.
Årsmelding for Villreinnemnda for Rondane og Sølnkletten
villrein.no – Kjell Bitustøyl