Reinsjakt i litteraturen – Storegut (del 2)


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Dette er andre del av artikkelen om Storegut. Me hentar fram historier om reinsdyr og reinsjakt i litteraturen. Desse versa er henta frå ei utgåve av boka ”Storegut” som Samlaget gav ut i 2000, og i ny utgåve i 2018.

Den fyrste delen vart publisert 31. oktober. Les også “Reinsjakt i litteraturen – Storegut (del 1)” (villrein.no).

Aasmund Olavsson Vinje gav ut diktverket om Storegut i 1866. Han hadde fyrstehands kunnskap til området og fjellheimen ikring der delar av soga om Storegut utfaldar seg. Han bygde på segn og soge om dette som hende då Storegut var på gjeting i Bordalen langt oppe i fjellet i Haukeli. Men mykje er lagt til, Aasmund O. Vinje var fyrst og fremst diktar og oppteken av menneske og dyr – livet i fjellet – og livets store drama.

Her er nokre utdrag frå diktverket “Storegut:

Eg ut mot kvelden honom fann

der burte på ein brote.

Og der ei dyktig simla han

ha’ nyleg fenge skote.

Ho etter flokken trøytna var

i barnesjukens rider,

og han, det enno barn av kar,

forstod ‘kje hennar tider.

Men etter som ho gjekk og låg,

han sprang med pust i munnen,

og um han denne armod såg,

so visste han ‘kje grunnen.

Sitt mistak guten snart fekk sjå

og vondt det honom gjorde.

Det var so mest han ikkje då

i augo sjå meg torde.

So gjekk me då i dyreskog

der upp mot Raudalstinden,

og inn på fjellet so me drog

der beint mot nordanvinden.

Ein reinsdyrhop me fingo sjå,

som stor i skodda røyvde.

Han ramsa fort og reika på

og midt i tvo seg kløyvde.

Den eine tok mot Nupe-nut,

og den eg etter sette.

Den andre fylgde Storegut

på sine føter lette.

Den største bukken snart eg skaut

og ned i fjellet urda.

So yver bakke, berg og braut

til Storegut eg skura.


[…]

Han Storegut låg seg i Borddalsbud,

og einsam han sat ved elden;

so kom ei gjente som beste brud

til honom der seint um kvelden.

Det hender so mangt i verdi.

[…]

Han livna vart upp kvar einast’ vår

når kid han seg såg å kjæta.

Dei sumrar han gjekk liksom sjuk og sår,

når inkje han fe fekk gjæta.

I Borddalen gjætt’ han det seinste år.


Han kom til Borddals næste dag

so yver middagstid,

og under fjellet fram seg drog

derupp i bratte lid.

So sveiv han under nuten der

som yver rjupa hauk.

Og Storegut på lægret var;

for det frå budi rauk.

[…]

Så bar det upp mot Bordals-Nut

i denne Kveldens Fred.

Med eitt det small, og Storegut

i Urdi stupte ned.

[…]

“Med Slaatten”, sa’ han, “gjeng det smaatt:

Eg hev’ eit Hjarta-Mein;

eg lyt til Fjells til lette Luft

og skjota meg ein Rein.

No hev’ det lenge vore regn,

so reinen dreg mot sud.

Eg råkar visst ein dyrahop

alt nord med Flotubud.”

So stelte han med rifla si

den dagen heilt til kvelds.

Han lite sov, og andre dag

han tidleg strauk til fjells.


Bordalsvatn blei demd ned i 1961. Dette er Storegutvollen fotografert før neddemminga. Langt bak til høgre ser med Vesle-Nup (1510 moh). Fotograf er Jon Bleie. Foto utlånt av Hardanger og Voss museum

Bordalsvatn blei demd ned i 1961. Dette er Storegutvollen fotografert før neddemminga. Langt bak til høgre ser med Vesle-Nup (1510 moh). Fotograf er Jon Bleie. Foto utlånt av Hardanger og Voss museum

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing