Reinsdyrjakt for nesten 1000 år sidan


Det mest tydelege av dei sju reinsdyrfigurane me finn på Skutesteinen. Teikning av bogeskyttaren etter ristninga i Skutesteinen. Foto: Kjell Bitustøyl

Det mest tydelege av dei sju reinsdyrfigurane me finn på Skutesteinen. Teikning av bogeskyttaren etter ristninga i Skutesteinen. Foto: Kjell Bitustøyl

På Skutesteinen ved Storheddervatnet i Bykleheiane er fleire interessante ristningar i berget som viser omfattande jaktaktivitet i området. Mange av ristningane viser ulike dyr, flest reinsdyr. Her er òg fleire runeinnskrifter. Ekspertane har tidfest runeinnskriftene til 1100- eller 1200-talet, altså for nesten 1000 år sidan.

Skutesteinen langt vest i heia i Bykle kommune ligg berre eit par steinkast frå helleren som har gjeve området namn: Storhedder. Denne helleren er omtalt i Johannes Skar sitt bokverk  ”Gamalt or Sætesdal”: ”Dei overnatta i Storhedder, jegerane frå urgamle tider. Og det var så fin heller at du knapt såg maken. Han var plent som ei stove”. I taket i helleren er det rissa inn eit reinsdyr. Men det er på den karakteristiske Skutesteinen me finn den overhengande bergveggen som er sterkt dekorert med teikningar og runer. Arkeologar meiner at figurane er rissa inn for å gje lykke på jakt, altså at dei er nytta som magiske teikn. Til dømes finn me ein mann med spent langboge, sjølv om denne teikninga, som ein god del av dei andre ristningane, er relativt utydeleg. Grunnen er nok at sjølve steinen er ein kjempestor fyllittblokk, eit materiale som er lett å risse i, men som òg lett blir tært bort av ”tidens tann”.  

Dei mange dyrefigurane viser at det var jakta som førte folk til fjells, her er funne sju reinsdyr, to elgar, to revar og to andre dyr. Dette seier sitt om kva veidemannen var ute etter. Bogeskyttaren viser at i Storhedder budde veidemannen. Like under ”skuten” – overhenget – er restar etter ein steinmur, bak denne muren, bogestillet, venta bogeskyttaren på reinsdyra.

Runeinnskriftene har blitt studert inngåande av fagfolk, dei er frå 1100- og 1200-talet. Ei av dei har fått denne tydinga: ”Eg ville (gjerne) velje den møya som er fagrast i verda”. Sagt med andre ord: Her har kanskje veidemannen drøymt seg bort i einsemda langt inni heiane. 

Elles finn ein altså Storhedder omtalt i ulike forteljingar. Professor og folkeminnegranskar Olav Bø skriv om veidemannslivet at ”…i forteljingane om Storhedder mellom Bykle og Suldal møter vi veidaren i dei rette omgjevnader. Karakteristisk nok er det Setesdals-tradisjonen som mest utførleg fortel om veidemannslivet og om visse namngjetne veidarar.” Så nemner Bø blant andre Salmund som levde på heigarden Breive på 1600-talet. Folketradisjonen vil ha det til at denne Salmund var ein av dei fyrste som hadde eldvåpen og at han skaut ein uvanleg stor reinsbukk ikkje langt frå Storhedder. Denne bukken skal ha hatt ein ring i øyra, med farge som sølv. Salmund fletta bukken og mura kjøtet ned i ei ur, slik veidemennene gjerne gjorde. Skinnet tok han med seg til Storhedder, for det var der han heldt seg om nettene. 

Dette er berre ein del av ei heil segn, med klare teikn på å vera ei vandresegn. Me kan  ane at både helleren og Skutesteinen har vore i bruk kanskje heilt opp til våre dagar. Kan hende låg dei nettopp i denne helleren, tamreingjetarane som dreiv med kalvemerking på ein tange i Storheddervatnet ei gong på fyrste halvdel av 1900-talet. Eller villreinjegerar i nyare tid?  


Skutesteinen med overhenget ligg mellom ura og Storheddervatnet, ein lagleg plass for jakt. Foto: Kjell Bitustøyl

Skutesteinen med overhenget ligg mellom ura og Storheddervatnet, ein lagleg plass for jakt. Foto: Kjell Bitustøyl

 

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl