Reinsbukken på Jotunfjell


Teikning frå boka "Reinsbukken på Jotunfjell".

Teikning frå boka “Reinsbukken på Jotunfjell”.

I 1926 gav Mikkje Fønhus ut romanen ”Reinsbukken på Jotunfjell”, dette var frå den tidlege perioden til denne omtykte villmarksforfattaren. Boka handlar om ”Sylvbukken” og liknar noko på den endå meir kjende ”Trollelgen”, som hadde kome ut i 1921.

Som i ”Trollelgen” handlar det om ein jeger og eit dyr. Helge Opdal frå Vang i Valdres fortel at ein del av handlinga i boka har Fønhus henta frå den gongen han jakta rein i lag med bestefar til Helge i Jotunheimen i 1923. Også bestefaren heitte Helge Opdal, han var født i 1878, altså litt eldre enn Fønhus som var født i 1894.

Helge Opdal av i dag er mest kjend som mangeårig leiar av Fram tamreinlag i Valdres, no er han pensjonist, men han er enno med på slaktingane i Fram. Familien dreiv i mange år fjellstova Tyinholmen, og det var her Mikkjel Fønhus blei med på villreinjakt med fjellmannen og jegeren Helge Opdal i 1923. Dei to blei gode vener, fortel barnebarnet Helge Opdal. Villreinstamma i Jotunheimen hadde på denne tida gjenge kraftig ned, og det blei då heller ikkje noko dyr på denne turen. Men berre to haustar tidlegare hadde Opdal skote fem dyr. Likevel blei dette ein svært gjevande tur for Fønhus, ifylgje forfattaren Tom Brenne i biografien ”Mikkjel Fønhus – hans liv og forfatterskap”. Av Helge Opdal fekk Fønhus lære korleis ein reinskyttar skal opptre i terrenget, og Brenne fortel at Fønhus fekk mykje stoff i notatboka si. I denne står det blant anna å lesa: ”Hvor som helst vi kommer; saa har Opdal noget at berette om Stedet. Han trylder Vildren frem for mig. Jeg ser Bukker med prydelige Horn, jeg ser smekre Semler med dansende Kalver – Dyr som er døde for Aarrekker attende, men som nu staar der lys levende igjen gjennem Skytterens næsten lidenskabelige Fortællinger.” I innleiingskapitlet er Fønhus ifylgje Helge Opdal sterkt inspirert av det bestefaren har fortalt, me får blant anna høyre om Brandbustrøndé, ein stad på nordsida av Bygdin,  ikkje langt frå Eidsbugarden. Brandbustrøndé passerte Fønhus på veg inn til Tyinholmen. Me tek med eit lite utdrag frå innleiingskapitlet:

”I hin tida var det at Sylvbukken levde, at reinskytteren Stuttleggen for i fjella med Langfredagsrifla – Ved Brandbustrøndé, der Høystakka freser fra Gravarfjellet og ned i Bygdin, der ble Sylvbukken født en vårnatt, på skaren, mens fjellet lå i dimt månelys og drømte om sommer. Mor hans var en vanlig villreinsimle, som var kommet langt fra aust for å legge kalven sin der på Brandbustrøndé. Hvorfor kom hun nettopp dit? Jo, de kalvedigre semlene brukte gjerne dra dit, og semla var sjølv født der, en maidag da sollyset var så kvasst at det møtte de ømme øynene hennes som et slag med det samme hun var kommet ut av mora. Og nå, da hun sjølv skulle ha kalv, ble hun besatt av en jagende trang etter Brandbustrøndé. Det var med henne som med alle semler, at der de sjølv møtte lyset for første gang, dit trådde de med sitt eget ufødte avkom. Og da var det ingen avstand som hindret og ikke noe fjell så høgt og langt at de ikke gikk rundt. Denne semla hadde holdt seg helt aust mot Glitretind; men hit til Brandbustrøndé hadde hun nå sprunget og gått, med lite kvil og lite mat, drevet av en trang som hun sjølv ikke kunne tenke over eller styre, bare lystre. Nå sto semla der på Brandbustrøndé, en slak skråning mellom fjell og vatn. Hun så at der var kommet semler før henne. Et stykke nordpå mørknet det noe på snøen; det kunne være en stein, som sola hadde brånet snøen av. Men det var en annen reinsemle, med en to dager gammel kalv ved sida. Vårnatta her oppe ved fjellsjøen var blikkstill, men kald. Mens semla lå der på skaren, sank halvmånen. Under berghamrene på vestsida av Bygdin krøp skugger fram.”

Sylvbukken og Stuttleggen
Me hoppar litt lenger fram i boka. Sylvbukken har blitt vaksen. Det er vel kjent at Fønhus svært ofte brukte levande modellar i romanane og forteljingane sine, men at han gjorde om på både personnamn og stadnamn. I ”Reinsbukken på Jotunfjell” har han figurane ”Jegerene under Bitihorn”, som han har henta frå bygda Beito, dei heitte eigentleg Ola og Nils Lykken. Fønhus har fortalt at Nils var den beste forteljaren han hadde høyrt når det galdt livet i Jotunheimen som no er ikkje er meir. Dette skreiv han i ein artikkel i 50-åra. Den eine av to jegerane var ”Stuttleggen”. Han ser reinsbukken stå midt i lyset på fjellet og stråle som skinande sylv, og bukken får namnet ”Sylvbukken”. Slik skildrar Fønhus Stuttleggens fyrste møte med denne bukken:

”På en liten kolle, midt imot solskiva, sto en reinsbukk. Men den var ikke som andre reinsbukker flest i létten. Nei, den lyste, lyste som selve fjellet omkring den. Solskiva gnistret mot øynene på Stuttleggen, som han sto der og niglodde, og midt i dette gnisteret ble reinsbukken som skinnende sølv.  – Sylvbukk! Mumlet Stuttleggen. Ånei so fint!” Etterpå begynnar Stuttleggen å gruble på om det var ein verkeleg reinsbukk av kjøt og blod han hadde sett: ”Han hadde sett huldrebukker før. Bukker som først sto der, og som ikke satte spor etter seg. Jo, han fikk erfare litt der oppe på nuten. Men da han kom dit viste det seg at alt hadde sin riktighet; det var en virkelig bukk; fárene sto greie nok etter den, og der den hadde sprunget var snøen sparket opp av klauvene.” Det høyrer med til skildringa at Stuttleggen om natta drøymer ein slått som han gjev namnet ”Sylvbukken” etterpå, ein slått han spelar på munnharpa si.

Slik er oppstarten på dramaet i denne romanen, ein av yttarst få romanar der ein rein spelar hovudrolla.

Med dette ynskjer me alle leserar ei rektig god påske!

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing