Reinheimen-Breheimen villreinområde – ei brokete tamreinhistorie – del 1


Utsikt innover Lundadalen, frå Moldulhøi. Foto: Anders Mossing

Utsikt innover Lundadalen, frå Moldulhøi. Foto: Anders Mossing

Dette er del ein av to om Reinheimen-Breheimen villreinområde. Neste del kjem tysdag 12. mars.

Villreinområdet som ligg i ein trekant mellom Ottadalen i sør, Valldalen og Tafjord i vest/nordvest og Romsdalen og Gudbrandsdalen i nordaust, heiter i dag Reinheimen-Breheimen. Dette er ikkje noko gamalt namn, fram til 2014 gjekk villreinområdet under namnet Ottadalsområdet. Reinheimen-Breheimen villreinområde omfattar ti kommunar og er arealmessig det tredje største villreinområdet i landet. Området har ei lang og brokete tamreinhistorie tilbake til midten av 1800-talet.


Dagens avgrensing av Reinheimen-Breheimen. Klikk for større versjon. Figur: Norsk villreinsenter

Det var fjelloppsynsmann Olaf Heitkøtter frå Lesja som fyrst lanserte namnet Reinheimen i 1974. Og då det blei oppretta nasjonalpark i området i 2006, fekk denne namnet Reinheimen nasjonalpark. Tre år etter, i 2009, blei Breheimen nasjonalpark oppretta. Om ein inkluderer landskapsvernområda, fell grensene i store trekk saman med grensene for villreinområdet.

Tilbake til 1840-åra

Som i mange andre fjellområde i sør har òg dette villreinområdet ei historie som omfattar tamreindrift, der både samar og bygdefolk har vore involvert. Forfattar Øystein Mølmen frå Lesja er den som fyrst og fremst har fortalt denne historia i fleire bøker.

Det eldste ein kjenner til er frå 1840-åra, då skal det ha vore både samisk og lokal tamreindrift i grenseområda mellom Valldalen, Tafjord og Skjåk. I 1848 var det eit privat selskap som kjøpte 70 dyr frå Finnmark (dvs. Rørosområdet), men desse måtte gje opp etter sju år på grunn av ulveplaga, også ein parallell til andre område i sør. Det blir fortalt at ein gjetar gjette bort reinen, ein flokk som seinare blei jaktobjekt for jostedøler i grensetraktene mot Jostedalen. I det heile ber denne historia preg av ein langvarig konflikt og dragkamp mellom tamrein- og villreininteresser.

I Valldalen fortsette drifta og uti 1850-åra selde initiativtakarane reinen til Ole Johan Uri frå Norddal. Truleg er dette selskapet identisk med Valldalens Rensdyrselskap som brukte grensefjella mellom Tafjord og Skjåk. Selskapet avvikla i 1890-åra. Det heitest at gjetaren Ole Johan Uri blei velstandsmann på tamrein. Ole Johan Uri blei gift til Grytten, til garden Remmem, og son hans Petter O. Remmem, opplyste til Høgfjellskommisjonen at faren hadde drive reindrift til og med i Lomsfjella. For å drive såpass stort med reindrift må Uri ha hatt dugande gjetarar.


Rein i snøvær i Reinheimen-Breheimen, 2012. Foto: Anders Mossing

Rein i snøvær i Reinheimen-Breheimen, 2012. Foto: Anders Mossing

Peder Rødal frå Norddal var gjetar for og partshavar i eit selskap som blei starta i 1893, Øvre Rendalens renkompani, med mange partshavarar, dei fleste bønder frå Norddal. Då selskapet blei oppløyst ca. 1900, blei Peder Rødal og faren ein periode eineeigarar av flokken. Dei brukte dette området: Skoggrenddalen, Øvre Rendalen, Djupedalen og Tafjordfjella, vidare på austsida av Valldalen til Slettvikane. Reinen dette selskapet starta opp med, kjøpte dei inn frå ein sørsame som i ettertid ofte blir omtalt som Torkel Finn, men som eigentleg heitte Torkel Jonassen og kom frå Børgefjellområdet.

Torkel Jonassen

Historia om Torkel Jonassen og familien er dramatisk og svært godt dokumentert, ikkje minst av Sverre Fjellheim i sørsamisk årbok, Åarjel-saemieh nr. 4, 1991. Den samiske versjonen skil seg litt frå den ”norske” versjonen av denne historia. Dei historiske fakta er at familien i 1881 kryssa Trondheimsfjorden med ein reinsflokk på ca. 100 dyr, men om lag halvparten av dyra omkom. Herifrå drog dei vidare til Hemnes der dei blei verande i seks år. Torkel og familien var sterkt religiøse og det er vel kjent at Torkel hadde med seg eit berbart orgel som han brukte i ulike religiøse samanhengar. Han var ein aktiv kristen forkynnar. Men fleire og fleire bønder forlanga at dei måtte flyta or bygda på grunn av at tamreinen gjorde skade på slåttar og hamnegangar. Ferda vidare gjekk til Sunndal og Nesset. Historiene er mange, Torkel Jonassen kom fleire stadar godt til med bygdefolk, og mangel på beite var grunnen til at dei reiste vidare til Romsdal og Tafjordfjella i 1893. Dette skjedde samtidig med at ein annan sørsame, Lars Nordfjell, kom til området med sin reinsflokk. Han skal blant anna ha halde til i Lorfjellet på Lesja.


Kart som viser Torkel Jonassens vandringar frå han tok ut frå ”Vesterfjellet” – ”Njaarke” – i 1869, til han flytta frå Sunndal til Snåsa i 1898. Klikk for større versjon. Teikning: Sverre Fjellheim frå boka ”Åarjel-saemieh” nr. 4, 1991

I ein periode dreiv Torkel Jonassen i lag med Øvre Rendalens Rensdyrkompani. Men i fleire og fleire delar av området blei Torkel Jonsson uønskt. Det kom ikkje minst til konflikt med villreininteressene, og i rettssaker mot han tapte han og måtte betale erstatning for bl.a. ulovleg beiting. Mølmen skriv at om ikkje Jonsson direkte blei jaga bort, så var ikkje det langt frå sanninga. Jonassen la i veg nordover att til Sunndalsfjella på Nordmøre. Etter mange dødsfall i familien under til dels dramatiske omstende, finn me Torkel Jonsson på veg mot Snåsafjella sommaren 1898, då hadde han vore på vandring i 17 år.

Sverre Fjellheim fortel i detalj denne dramatiske historia, der Torkel Jonsson og familien opplevde trakkasering og blei nærast lyst fredlause, noko som fekk sitt mest dramatiske utslag då to små born fraus i hel i ein heller dei budde i ved Vermetind (1105 m.o.h.) i Romsdal, mot slutten av 1895. Då hadde dei blitt nekta å hogge bjørkestengar til teltet sitt.

Fjellheim set saka inn i ein større perspektiv der den sørsamiske reindrifta hadde blitt sterkt utsett for press frå bøndene og jordbruket i lang tid, spesielt i 1870-, 1880- og 1890-åra. Han nemner blant anna Yngvar Nilsens berømte foredrag frå 1889, der han hevdar at samane fyrst i seinare tid kom til Rørosområdet og fjelltraktene i Sør-Noreg, noko som Lappekommisjonen av 1889 ukritisk aksepterte. Fjellheim er òg innom sosialdarwinismen som handla om at samar blei stempla som meir primitive enn nordmenn. Eit anna moment er at den såkalla ”Felleslappeloven” frå 1883 skulle gjera det lettare for jordbruket å krevje erstatning for å få kontroll med samanes reindrift. Og at reinbeitedistriktsgrensene frå 1899 førte til at beiteområde som samane hadde nytta seg av tidlegare ikkje lenger fekk status som reinbeitedistrikt.

I seinare tid, i 2013, skriv Eystein Hjelme frå Norddal ein artikkel der han langt på veg støttar opp om Fjellheims versjon, han brukar omgrep som mobbing og trakkasering, på grensa til mordforsøk. Også han nemner at samane blei godt mottekne i einskilde bygder, men at det ofte kom til konflikt med setereigarane.

I neste del blir vi blant anna meir kjent med ein annan mykje omtalt gjetar og reineigar, Johannes Partapuoli. Vi får også høyre meir om strid og konflikt på 1920-talet og historia frem mot det siste tamreinlaget, A/S Trio.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing