Reindrift og vindkraft – samisk reindrift under press


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

I eit intervju med villrein.no frå mars 2018 uttalte leiar i Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL), Ellinor Marita Jåma, i høve til debatten om vindkraft, at villrein har eit mykje sterkare vern enn tamrein. Nyleg hadde Jåma eit innlegg i samband med eit stortingsseminar om samisk reindrift. Villrein.no tek med eit resymé av dette innlegget.

Bakteppet

1. april la Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) fram prioriteringane dei har gjort i høve til nasjonal ramme for vindkraft på land. Det er vel kjent at villreinområda har kome forholdsvis godt ut av denne planen, noko villreinmiljøet sjølvsagt er glade for. Det har òg kome fram at fylkesmennene og NVE har lagt vesentleg vekt på den folkerettslege plikta Noreg har overfor det samiske folket, og særleg reindriftsutøvarane, i planen som er lagt fram. Samtidig er gigantiske og dramatiske utbyggingar i reinbeiteområde alt i gang, på Fosen og på Kvaløya utanfor Tromsø. I Stokkfjellet vindkraftverk i Selbu er det endelege vedtaket om utbygging no gjort, noko som vil få følgjer for den sørsamiske reindrifta i Riast-Hylling reinbeitedistrikt. Villreinforskar Olav Strand legg heller ikkje skjul på at det er ein forskjell, og at institusjonane som har ansvar for villreinen står mykje sterkare enn tilfellet er for tamreinen. Ikkje minst gjeld dette midlar i høve til finansiering av forsking. Dette gjer at villreinen og forvaltninga rundt denne står langt betre rusta i høve til utbyggingsinteresser. Eit godt stykke på veg skil elles utfordringane for reindrifta seg lite frå aktuell villreinproblematikk, særleg i høve til tap av areal.

Ellinor Marita Jåma


Leiar i Norske Reindriftsamers Landsforbund, Ellinor Marita Jåma, er sterkt kritisk til manglande "tamrein"-hensyn i vindkraftsaker. Foto: Kjell Bitustøyl

Leiar i Norske Reindriftsamers Landsforbund, Ellinor Marita Jåma, er sterkt kritisk til manglande “tamrein”-hensyn i vindkraftsaker. Foto: Kjell Bitustøyl

Det er med dette bakteppet interessant å lytte til korleis NRL opplever denne situasjonen. Innlegget til NRL-leiar Ellinor Marita Jåma, “Reindriftens utfordringer med vindkraftutbygging”, blei halde på eit stortingsseminar arrangert av partiet SV tysdag 30. april i Oslo.

Ellinor Marita Jåma legg vekt på at både reindrifta og lokalbefolkninga har kome med sterke protestar og sagt at dei ikkje ynskjer vindindustri i områda sine. Argumenta er at vegnett legg beslag på store område, dei ruver i terrenget, genererer støy og for reindrifta fører anleggs- og driftsfasen til at reinen blir forstyrra slik at dei vik unna desse områda. For reindriftsutøvaren fører dette til meirarbeid med å halde flokken i eit ynskt område, og ein får dårlegare slaktevekter. Det er òg større fare for konfliktar med naboområde i reindrifta og andre interesser, til dømes jordbruket, og i nokon tilfelle kan det bli dårlegare reproduksjon.

Aukande press på areala

Vindkraftutbyggingane kjem på toppen av eit stadig aukande press på beiteareala i form av gruvedrift, fritidsbusetnad, skuterløyper, infrastruktur m.m. I fylgje Jåma blir det hevda at dette eine tiltaket berre gjeld nokre kvadratmeter av store beiteområde. Til dømes har arealstyresmaktene gjeve grønt lys for utbygging utan at det har blitt teke nemneverdige omsyn til tidlegare inngrep og dei negative sidene ved desse. På denne måten har reindrifta, ifylgje Ellinor Marita Jåma, i løpet av dei siste 30 åra blitt sterkt nedbygd og inngrepa har ikkje blitt vurdert i høve til dei samla effektane som desse gjev.

Ulik forståing av verklegheita er ei viktig erfaring Jåma har fått med seg gjennom åra som leiar i NRL. Ho drøftar mellom anna omgrepet “tamreindrift”, eit innarbeidd omgrep som blir brukt både av styresmaktene og reindrifta sjølve. Slik blir tamrein ofte assosiert med husdyr og same graden av tamheit. Men tamreinen er eigentleg eit viltlevande dyr, som korkje er heilt vill eller heilt tam, altså ein stad mellom husdyr og villrein. Slik har oppfatninga frå styresmaktene ført til fleire konfliktar med reindriftsnæringa.

På eigne premiss

Ut frå dette resonnementet meiner Jåma at reindriftsnæringa må definerast på eigne premiss. Dette gjeld blant anna “for mykje rein”-problematikken. Her meiner Jåma at Landbruks- og matdepartementet (LMD) har bidrege til ein myte om at reintalet er eit gjennomgåande problem i reindrifta. Også forskarar brukar slike argument i fylgje Jåma. Ho meiner at det er eit større tal på reinbeitedistrikt som slit med eit for lågt tal enn eit for høgt tal, mykje på grunn av stort rovdyrtrykk, og det trass i at dette er område der reinen er i svært godt hald året gjennom.

Jåma tek òg for seg omgrepet “dårlege beite”. Her meiner ho at styresmaktene og einskilde forskarar brukar dette i høve til at eit område er nedbeita pga. for stort beitetrykk, medan reindrifta sjølve brukar dette omgrepet i høve til vinterbeite, det handlar om at reinen ikkje har tilgang til beita fordi dei kan vera dekte av snø og is.

“For mykje rein”

Sett i høve til vindkraftutbygging meiner Jåma at majoritetssamfunnets forståing bygd på ikkje-fagleg tilnærming og mangel på felles kunnskapsgrunnlag, er utslagsgjevande i høve til vedtak om arealinngrep og forvaltning. Slik blir saka framstilt som om det er ”for mykje rein” som er problemet, og at reineigarane må tilpasse reintalet etter kvart som beitegrunnlaget blir innskrenka. I praksis betyr dette at ein reinflokk som er tilpassa areala før inngrepet frå ein vindkraftutbygging kjem, har blitt for stor etter at inngrepet er gjennomført. Jåma ropar her eit varsku: “Hvis reineierne skal bli pålagt å redusere reinflokken i takt med arealinngrepene, er det snakk om et fåtalls år før vi ikke lengre har en samisk reindriftskultur i Norge”.

“Vindkraft har liten effekt på reindrifta”

Jåma seier at konsesjonsstyresmaktene legg til grunn at vindkraftverk har liten negativ effekt i driftsfasen. Som døme på at det motsette er tilfelle meiner ho, med basis i både erfaringskunnskap og forsking, at simler med små kalvar er svært skye på grunn av instinktet simla har overfor kalven. Noko som betyr at simlene aldri vil nærme seg ein vindturbin eller eit anna inngrep som utgjer ein barriere i terrenget. Det fenomen at reinsbukkane, spesielt på våren, i større grad kan passere slike barrierar, blir brukt som parameter på at reinen ikkje skyr vindturbinar. Dette meiner Jåma ikkje gjev eit riktig bilete av korleis slike inngrep påverkar reinflokken som heilskap. Difor er NRL opptekne av at konsekvensutgreiingar skal ha legitimitet i reindrifta. Dei vil bli involverte, og dei vil at deira kunnskap skal leggjast vekt på.


Simler med kalv er ekstra sensitive for slik utbygging. Foto: Kjell Bitustøyl

Simler med kalv er ekstra sensitive for slik utbygging. Foto: Kjell Bitustøyl

Vestleg kunnskap og vestleg verdsbilete

Jåma viser til ein fersk doktorgradsstudie ved Kathrine Ivsett Johnsen frå Norges miljø- og biovitenskapelege universitet (NMBU) som har sett nærare på den norske forvaltninga av samisk reindrift i Finnmark. Denne studien slår fast at statens styring av reindrifta fremjar ein reindriftspraksis som er basert på vestleg kunnskap og vestleg kompetanse. Ifylgje NRL-leiaren byggjer reindrifta i den samiske tradisjonen på eit levesett basert på tradisjonar og kulturelle aspekt, medan styresmaktene måler reindriftas berekraft og verdi ut frå slaktevekter og produksjonsvolum. Med lokale variasjonar fører dette til at det ikkje er mogleg å forstå reindrifta ut frå éin standard. Dette var Ellinor Jåmas klare beskjed til politikarane. Ho siterer avslutningsvis professor ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) Lars Sætrans utsegn om at “det er skammelig at Norge ikke satser mer på å bygge flytende vindturbinar til havs”.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing