Reetablering av bestanden i Nordfjella


Det er oppretta ei reetableringsgruppe som skal planleggje gjenoppbygging av bestanden i Nordfjella. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Det er oppretta ei reetableringsgruppe som skal planleggje gjenoppbygging av bestanden i Nordfjella. Illustrasjonsfoto: Anders Mossing

Mattilsynet og Miljødirektoratet har oppretta ei eiga reetableringsgruppe som skal planleggje å bygge opp ein ny villreinbestand i Nordfjella. Denne gruppa skal koma med konkrete framlegg til korleis dette bør gjerast.

Reetableringsgruppa for villrein i Nordfjella, 16 i talet, er breitt samansett. Her finn du ein god blanding av lokale interesser og nasjonal fagekspertise. Her er representantar for dei lokale villreinutvala, villreinnemnda, folk frå tamreinlaga i området, forskarar frå fleire universitet, NINA og NMBU er med, det same er Veterinærinstituttet, ja, til og med det Sveriges lantbruksuniversitet er med, riktig nok med ein gammal kjenning, Bjørnar Ytrehus, ein av dei fremste ekspertane på skrantesjuke (CWD). CWD-koordinator for kommunane rundt Nordfjella, Lars Nesse, er òg sjølvsagt med. Villreinrådet har òg ein representant. Norsk villreinsenter Sør er sekretariat for arbeidet.

Saman skal desse medlemmene vurdere korleis reetableringa kan skje i høve til å:

  1. sikre fråver av skrantesjuke, god dyrehelse og god dyrevelferd

  2. ta vare på villreinen som nasjonal ansvarsart og ta med villreinfaglege føresetnader

  3. sikre god lokal forankring av reetableringsprosessen og bestandsplanen

Det er meininga at rapporten, eller rapportane, som skal leverast frå gruppa innan 15. april 2021, skal leggjast til grunn for direktoratets revidering av reetableringsplanen frå 2017. Det er venta at ulike syn vil kome fram i denne gruppa. Denne kombinasjonen av innspel og kunnskap vil kunne gje Mattilsynet og Miljødirektoratet eit godt fundament for å gjera det endelege vedtaket. Reetableringsplanen skal vera ferdig hausten 2021 og leverast Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing