Nytt frå CWD-koordinator Lars Nesse


Lars Nesse, CWD-koordinator for Nordfjellakommunane. Foto: Kjell Bitustøyl

Lars Nesse, CWD-koordinator for Nordfjellakommunane. Foto: Kjell Bitustøyl

Kommunane i Nordfjella, Ulvik, Aurland, Lærdal, Hemsedal, Hol og Ål er ansvarlege for stillinga som CWD-koordinator. Lars Nesse frå Borgund har hatt denne stillinga sidan 2017. Her fylgjer ein statusrapport.

Hjort og elg

Miljødirektoratet og CWD-koordinator hadde planlagt fire møte med fokus på hjort og elg i kartleggingsområdet rundt Nordfjella. Dette er pga. koronaviruset avlyst inntil vidare. Men informasjonen som skulle leggjast fram, blir lagt ut på forskjellige media. Meir detaljert info om resultatet av jakt på elg og hjort finn du på hjorteviltregisteret. Elles skal merking av nye dyr setjast i verk i løpet av 2020 og våren 2021.

Villrein

Når det gjeld villrein, er det ingen positive tilfelle på villrein i 2019. Ein opererer difor med at det no er 86 % sikkert at dyra i Nordfjella sone 2 og på Hardangervidda er friske. Blir jakta i 2020 god, håpar ein å få større sikkerheit for at desse stammane er friske. Kvotar for årets jakt skal fastsetjast av villreinnemnder og villreinutval i løpet av april.

Lars Nesse viser til at det er no to år sidan siste positive dyret er felt i Nordfjella sone 1. I løpet av året vil ein difor starte opp ein gjennomgang av reetableringsplan frå 2017.

I høve til beitenæringa er konklusjonen at ein må endre forskrifta slik at det blir sett krav til korleis ein salteplass skal fungere. Det har kome tilbod frå Mattilsynet til beitebrukarane om å ta tilsyn med salteplassane mot økonomisk vederlag, slik vil ein redusere behovet for bruk av helikopter frå Mattilsynet si side.

Undervisning for 6. klassane

Den oppveksande slekt i områda rundt Nordfjella sone 1 skal få tilbod om eit undervisningsopplegg. Dette gjeld 6. klassane som skal få lære meir om villreinen. Det skal bl.a. vera ein dag i felt i august der stikkord er leveområde, fangstmetodar, utnytting av reinsdyret m.m. Dette opplegget er eit samarbeid mellom Norsk villreinsenter Sør og CWD-koordinator.

Frå administrativt og politisk hald blir det meldt at det skal avviklast jamlege møte mellom lokale og sentrale organ, ein skal blant anna arbeide for å auke ressursane innan forvaltning av elg- og hjortestammane. Og intensjonsavtalen mellom Nordfjella- kommunane og nasjonale styremakter skal fylgjast opp.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing