Ny bok om reinen mellom Voss og Hardanger


Frå fjorden mellom Utne og Kvanndal mot fjella mellom Hardanger og Voss. Foto: Kjell Bitustøyl

Frå fjorden mellom Utne og Kvanndal mot fjella mellom Hardanger og Voss. Foto: Kjell Bitustøyl

På linje med reinen i Rendalen og på Folgefonnhalvøya lever reinsdyra som held til i fjellområda mellom Voss og Hardanger langt på veg som villrein, men blir forvalta som tamrein. I dette området er forvaltninga organisert gjennom laget ”Hardanger og Voss Reinsdyrlag”.

No har denne reinsdyrstamma fått si bok, ”Reinsdyrhistorie” forfatta av Aslak J. Himle frå Voss som har vore sterkt involvert i dette laget over tid. I grove trekk handlar denne boka om to lag, Voss Rensdyrinteressendtselskab 1844-1927 og noverande lag Hardanger og Voss Reinsdyrlag som starta opp i 1926.

Mange beiterettshavarar

Laget omtalar seg sjølve på denne måten: ”Laget er eit privat tamreinlag i fjellområdet som er avgrensa av Hardangerfjorden i sør, Vossadalføret/Bergensbanen i nord, dalføret Voss/Granvin i aust og Kvamsskogen-Samnanger-Trengereid/Bergensbanen i vest. Det er 600 beiterettshavarar, der nær alle er parteigarar, og alle har høve til å vera parteigarar i laget. Styret og årsmøtet meiner at driftsforma ein har hatt er den beste for laget og dyra, då beitegrunnlaget ut frå erfaring ikkje gjev grunnlag for meir enn 350 dyr på vinterbeite. Det er med denne driftsforma enklast å ha kontroll og regulera avskyting i fellesskap, der tilliten og samarbeidet mellom grunneigarane er best mogleg. Men talet på dyr i høve til beiterettshavarane er lite, og det seier seg sjølv at utbytet av verksemda vert avgrensa, og at gevinsten er å finne i samarbeidet mellom parthavarane. Og hugnaden med å ha desse dyra i fjellområdet.”

Beiterettshavarane kjem både frå Voss og Hardanger. Samansetjinga av styret fordelar seg på dei fire kommunane Granvin, Voss, Kvam og Vaksdal. Og for tida heiter leiaren Magnar Lussand og kjem frå Granvin.

Villrein eller tamrein?

Laget lever på dispensasjon frå merkeplikta og spørsmålet om tamrein eller villrein har vore opp fleire gonger, seinast i 2009 då Fylkesmannen ville gje reinsflokken status som villrein. Dette var opp til drøfting over tid i etterkant, men laget landa ned på at ein ville forsetje å søkje om dispensasjon for å drive laget slik det har vore gjort i dei 82 åra laget har vore i drift. Ein har søkt Landbruks- og matdepartementet om kosesesjon for ei permanent drift, med fritak frå merkeplikta, men status pr. 2018 er at ein framleis ikkje er i mål med dette.

Lang historie

Før Voss Rensdyrinteressendtselskab starta opp i 1840-åra, skal det på slutten av 1700-talet ha vore drive flokkar med rein til Bordals-/Granvinsfjella fleire gonger. Men desse vart nedskotne etter stutt tid i fylgje det som er fortalt. Dette er ikkje usannsynleg då me veit at dei fyrste forsøka med tamrein i ”grannelaget” Ulvik og Eidfjord starta litt etter 1780.



Boka tek for seg kronologien frå oppstarten i 1844 til noverande drift i 2018. Noko av den eldste dokumentasjon ein har, er frå Ivar Åsen, Reiseminne, frå 1844. Han skriv at han under opphaldet sitt på Voss ”…fik see en drift af rener som man kom reisende med lige fra Finnmarken. Driften besto af 70 stykker; de var meget utmattede af den lange Vandring. Aligevel vilde nogle af dem løpe bort fra de andre, men bleve tilbakedrevne af et par Hunde, som man havde medbragt fra Finnmarken, og hvis beundringsverdige Troskap ved denne leilighed viste seg.”

Dette er truleg starten på Voss Rensdyrinteressendtselskab og 23 menn skal det ha vore som oppretta selskapet. Informasjon om laget i desse tidlege åra er elles òg å finne i rettsaker på grunn av ulovleg beiting. Laget vart starta som lutlag, men blei i 1847 gjort om slik at partseigarane fekk eigne dyr, desse blei merkte med eige merke for kvar eigar. Ein gjetar er kjent gjennom ei vitneforklaring, Størk Nilsen Gjerald frå Voss, han er gjetar mellom 1845 og 1850.

Det kjem elles fram at Fritjof Nansen var på reinsjakt i området rundt Torfinnsdalen i dette området i 1887. Fyrste kjende protokoll skriv seg frå 1882. Då blir dei slakta reinsdyra seld til høgstbydande. Men me veit lite om storleiken på stamma i desse åra. Og der kjem forslag på å leige bort flokken i 1883 utan at meir er kjent.

Problem blir det då nokre dyr vandrar over til andre område, Bergsdalsfjella og Samnangerfjella. Dette er eit stadig tilbakevendande problem opp gjennom åra, sjølv om laget har tilsett gjetarar. I 1884 melder ein at flokken er på 152 dyr. Ein periode er det utanbygds forpaktarar på kontrakt medan dei lokale er gjetarar og vegvisarar. Men for det meste er det partseigarane som driv sjølve og står for slakting og gjeting.

Innkjøp av nye dyr

Det gjekk nedover med dyretalet og i 1893 kjøper laget 200 dyr av reinsdriftssamen Lars O. Zarissen som då heldt til i Eidfjord. Som gjetar for eitt år blei tilsett sørsamen Johan Zarissen. Men han slutta etter eitt år, Nils Mølsterteig tok over. Han var òg med på slakting som blei sett ut på anbod. Så blir det òg meldt om at dyr frå den gamle flokken blei spreidd over eit stort område. Og stadig strevar ein med å få tak dyktige nok gjetarar, i 1895 prøvar ein på ny å få tak i ein gjetar frå ”Lapmarken”.

Som i mange andre tilsvarande reinsdyrområde, var tjuvslakting eit problem, og saker blei meldt, men i dette terrenget var det vanskeleg å halde oppsyn med talet på dyr. Det hende òg at dyr gjekk utfor stup og slo seg i hel. Merking var heller ikkje lett, i 1898 hadde gjetarane 132 dyr på hegna, 61 av desse var merkte. Samtidig blir det meldt at ein hadde to kvite ”bjellesimler”.

Nedslakting

I 1900 kom det til strid om reinsflokken, om beite, ulovleg jakting med meir. Laget vedtok difor å slakte ned alle dyra. To mann blei leigd inn for å skyte ned, men dette blei ikkje særleg vellykka, fleire hadde no felt dyr og erstatning blei betalt til laget. Rettsak blei det no òg.

I 1905 snakkar ein om at det er ein rest att av dyra i desse fjella, men ikkje meir enn at reinmannen Ola Garen frå Eidfjord i 1906 inngår ei 5-års kontrakt for leige av beite i området for 400 av sine dyr. Til å passe på desse dyra leigde Ola Garen to samefamiliar, Renander og Zarissen, som budde ein periode i Bordalen. Garen flytte derimot mesteparten av dyra tilbake før kontraktstida gjekk ut, medan restar av dyreflokken som gjekk att blei basisen for ny vekst i reinstamma i dette området.

Nytt lag i 1926

Det var inga reindrift i åra frå ca 1910 til 1922. Men i april 1923 er det blitt kjøpt inn seks reinsdyr, ”4 simler, derav 3 drektige og 2 rener” av ein flokk som kom frå Eidfjord og skulle til Valdres. Ein var heldig og fekk kjøpt desse dyra då dyreflokken passerte Haugastøl. Dyra blei så transporterte med tog til Ygre stasjon, litt aust for Vossevangen. Desse dyra, saman med dyra som gjekk att i fjellområdet, danna grunnlaget for eitt nytt lag, ”Hardanger og Voss Reinsdyrlag” som blei starta opp i 1926. Frå Landsutstillinga i Bergen i 1928 blei det kjøpt inn nye sju reinsdyr, som blei sleppte i Bergsdalsfjella og heldt seg i dette området ein periode. Framover handlar det mykje om utviding av talet på parthavarar, slakting og ”gjeting” og eitt og anna innkjøp av nye dyr. Gjetarane blei nok mindre og mindre reinsgjetarar i tradisjonell forstand, ettersom dette nye laget tidleg, fyrste gong i 1938, søkte om fritak frå merkeplikta. Positivt svar på dette kom i 1940 etter møte med styresmaktene.


Jaktlag ved hytta Grøno i 1959, forfattaren av boka Aslak Himle lengst til høgre, han var 18 år den gongen. Illustrasjon frå boka

Jaktlag ved hytta Grøno i 1959, forfattaren av boka Aslak Himle lengst til høgre, han var 18 år den gongen. Illustrasjon frå boka

Nytt blod trengs

Krigen har si eiga soge også i desse fjella, mot slutten var Heimefronten inne i området. I 1947 er det talt 242 dyr. Rundt 1960 blei det for mange dyr, slaktevektene hadde gått ned. Elles lever laget stadig på dispensasjon frå merkeplikta, og dei får ofte ikkje fritak frå anna enn ein stutt periode om gongen. Det blir slakta/skote rein kvart år og delt ut til partshavarane. Men nytt blod trengs, og i 1972 kjøper ein dyr av Fram Reinlag i Valdres, åtte simler og to bukkar frå. Dette skjer fleire gonger, i 1977, i 1988, 1998 og 2004. I 2004 var to av dyra bukkekalvar som var merkte. To nye bukkekalvar som òg var merkte, blei kjøpt i 2007, denne gong frå Filefjell Reinlag på Golsfjellet. Desse dyra var kjøpt inn for å brukast til avl.

I fylgje boka driv ikkje Hardanger og Voss Reinsdyrlag tamreindrift i tradisjonell forstand. Fram til no har dei levd på dispensasjon frå merkeplikta. Samtidig er ikkje området Voss-Hardanger heller blant dei etablerte villreinområda i Noreg. Men tek du deg ein tur i desse fjella og møter på rein, vil nok dei fleste tenkje at dette er villrein.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing