NVS søkjer etter ny nettredaktør/innhaldsprodusent - 100 % stilling
Stiftinga Norsk villreinsenter (NVS) blei oppretta i 2006 og har ei nøkkelrolle i arbeidet for å sikre villreinstammene og villreinområdene i Noreg.. Villreinen er ein viktig del av natur- og kulturarven vår, og Noreg har et særskilt ansvar for å sikre framtida for Europas siste villreinstammer og deira leveområde. Stiftinga Norsk villreinsenter har to driftseiningar, ei på Skinnarbu (NVS Sør) og ei på Hjerkinn (NVS Nord).
NVS digitale formidling har i fleire år omfatta nettstaden villrein.no og dei siste åra òg arbeid med Instagram og Facebook (Norsk villreinsenter).
Me ynskjer å styrke dette arbeidet ved å jobbe enda meir målretta med naturrettleiing gjennom nemnde kanalar, samt at me er opne for å utforske andre plattformer. Målet er å formidle kunnskap på ein lettfatteleg og personleg måte, noko som kan bidra til at flest mogleg ynskjer ta vare på villreinen og leveområda til villreinen. Det vil være helt essensielt at ein nettredaktør/innhaldsprodusent har evne til å sjå dei ulike plattformene i samanheng, og produsere målretta, kanaltilpassa og variert innhald.
NVS Nord på Hjerkinn ligg midt mellom dei store verneområda på Dovrefjell. Senteret er eitt av dei største forvaltningsknutepunkta i landet og husar i dag dagleg leiar, to fagkonsulentar, to naturrettleiarar og ein informasjonsrådgjevar, alle jobbar for Norsk villreinsenter. Kontorfellesskapet inkluderer òg nasjonalparkforvaltarar for Dovrefjell og Rondane-Dovre, Statens naturoppsyn, Pilegrimssenter Dovrefjell, Dovre fjellstyre, Folldal fjellstyre og Statens vegvesen. Norsk villreinsenters publikumsdel, “Besøkssenter villrein” ligg òg her. Besøkssenteret består i dag av viewpoint SNØHETTA (etablert i 2011) og Portalen med tilhøyrande uteområde.
NVS Sør på Skinnarbu ligg mellom Rjukan og Rauland, på fjellet med utsikt til Hardangervidda, Gaustatoppen og Brattefjell-Vindeggen. Her består staben av dagleg leiar, fire fagkonsulentar, ein naturrettleiar, samt innleigd nettredaktør. Kontorfellesskapet inkluderer også Statens naturoppsyn, verneområdeforvaltar og sekretær for villreinnemnda for Hardangerviddaområda. Totalt 11 personer i tillegg til tilsette ved Hardangervidda nasjonalparksenter.
Om stillinga:
Vår nye medarbeidar i 100 % stilling vil få hovudansvar for å revitalisere nettsida vår villrein.no, produsere innhald og drifte denne sida som nettredaktør. Du vil òg få eit hovudansvar for drift og vidareutvikling av NVS` kanalar i sosiale medier.
Me søkjer deg som:
· Kan informasjonsarbeid og er kreativ i formidlingsarbeidet
· Har erfaring med innhaldsproduksjon for sosiale medier (Facebook og Instagram)
· Har journalistisk erfaring
· Har god digital forståing, meistrar relevant programvare og raskt kan sette deg inn i nye tekniske løysingar
· Har god skriftlig formidlingsevne
· God analytisk evne
· Har interesse for villrein, natur- og verneområde
· Kan bruke foto og video i formidlingsarbeidet
· Har gode samarbeidsevne og kan jobbe godt både sjølvstendig og i team
· Har formell kompetanse innan informasjonsarbeid. Det er også ynskjeleg, men ikkje eit krav, til formell kompetanse innan biologi/naturforvaltning og/eller kulturminne/kulturminneforvaltning
· Skriv og snakker godt norsk og engelsk, og meistrar gjerne andre språk
· Har førerkort og ynskjer å jobbe fra Hjerkinn eller Skinnarbu
Me tilbyr:
· Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
· Kreativt, fagleg sterkt og triveleg arbeidsmiljø
· Høg grad av sjølvstende i gjennomføring av arbeidsoppgåver
· Lønns- og pensjonsvilkår etter avtale
· Kontorplass ved NVS enten på Skinnarbu eller på Hjerkinn
Med omsyn til lokalisering må du i søknaden skrive om du ynskjer kontorstad Skinnarbu eller Hjerkinn.
Ynskjeleg oppstart: snarast mogleg.
Søknadsfrist: 31. desember 2021.
Kontakt
dagleg leiar ved NVS Nord, Raymond Sørensen (91 62 37 15) eller
dagleg leiar ved NVS Sør, Peter Köller (95 30 06 40) ved spørsmål.
Meir info om Norsk Villreinsenter på www.villrein.no
Søknad med CV og tre referansar sendast til: post@villrein.no