Norefjell – frå svensk skogsrein til villrein


Eit bilete av dagens villrein på Norefjell (Foto: Anders Mossing).

Eit bilete av dagens villrein på Norefjell (Foto: Anders Mossing).

Norsk villreinsenter ynskjer i fleire artiklar å rette fokus mot dei villreinområda som tidlegare har hatt tamrein. Her kjem fyrste artikkel. Den omhandlar Norefjell-Reinsjøfjell.

Lenger tilbake i tid har det vore villrein på Norefjell, noko fangstgravene på Høgevarde vitnar om. Men villreinen har forsvunne, for ingen villrein er dokumentert på 1900-talet før tamrein blei innført i 1950-åra. Dagens villreinstamme har sine røter i tamrein som driftige tamreinfolk dreiv frå Lesja-traktene og Jotunheimen til Norefjell vinteren 1954.

1000 dyr
Det var gudbrandsdølar som tok initiativ til tamreindrifta på Norefjell. I Ottadalen hadde Lom Tamreinlag drive på sidan i 1926 og Vågå Tamreinlag sidan 1942. Og i Skjåk har tamreindrifta røter endå lenger tilbake. Reinsdyra som kom til Norefjell og danna basisen for Norefjell tamreinlag kom frå Lesja tamreinlag som hadde drive i to år i fjellområda mellom Lesja og Skjåk. Om lag 1000 dyr blei kjøpt inn herifrå vinteren 1954. Dette var opphavleg svensk skogsrein som hadde kome til Lesja to-tre år før. For karane som dreiv reinen frå Lesja til Norefjell vinteren 1954 blei det ein strevsam tur, det var vanskeleg å halde dyra samla, dei møtte på villrein og dei møtte på andre tamreinflokkar. På denne måten mista dei noko av flokken undervegs. Så var det viktig å koma fram på vinterføre før isen byrja å gå på vatna.

Kven dreiv tamreindrifta på Norefjell?
Kven var dei desse som starta opp denne tamreindrifta? Hovudtyngda var gudbrandsdølar. Dei var seks som dreiv  flokken sørover til Norefjell: To av gjetarane kom frå Bøverdalen, Ragnar Runningshaugen var ein av dei som var med. Han var frå Bøverdalen i Lom og byrja som reinsgjetar alt som 12-13 åring. Han hadde vore seg ein tur til Norefjell og sett at her låg det til rette for tamrein. Dette formidla han til andre. Ein anna som var med var Martin Bakken, også han frå Bøverdalen.  Frå Lom kom òg Hans Frøyse, vidare var Guttorm Kornkveen frå Lesja med. Ein annan var samen Paulus Holtan eller Paval, han hadde erfaring på tamreindrifta på Fosen, men hadde arbeidd som reinsgjetar i Lom Tamreinlag, der han var overgjetar frå 1943 til 1954. Egil Høgehaug frå Sokna var òg med på denne turen. Ein annan var Per Gaupar, erfaren tamreinmann frå Lom. Han var noko eldre enn dei andre og hadde bil, han køyrde rundt med mat og utstyr til reinsdrivarane. Av eigarane var der blant andre to til frå Lesja, Nørstebø og Stavhei i fylgje reinsgjetaren Gunnar Storeli.


Reingjetar Martin Bakken frå Bøverdalen med leiarreinen. Foto utlånt av Gunnar Storeli.

Reingjetar Martin Bakken frå Bøverdalen med leiarreinen. Foto utlånt av Gunnar Storeli.

14 år med tamreindrift i Norefjell Tamreinlag
Etter tre månader, litt før påske 1954, kom dei fram med ein solid flokk til Norefjell-Reinsjøfjell. Dette var starten på 14 år med tamreindrift i dette området. Flokken blei kalla Norefjellflokken, og laget Norefjell Tamreinlag blei oppretta. Ein del av dyra rømte inn på Hardangervidda, likevel auka flokken, og i 1956-57 utgjorde flokken ca 1200 dyr. I 1962 hadde ein kome opp i 1700 dyr. Mykje tyder på at flokken heldt seg nokon lunde på denne storleiken fram til avviklinga i 1968. Likevel kan flokken ha vore større då det i periodar var vanskeleg å få telje dyra.

Gjetaren Gunnar Storeli
Gunnar Storeli frå Øystre Slidre kom med som reinsgjetar på Norefjell i 1963, han hadde med seg kamera og har teke fleire bilete frå tamreindrifta på Norefjell desse åra. Blant anna har han fotografert frå gjelding av bukk litt sør for Høgevarde, frå slakteplassen Flatvollen i Eggedal og frå kalvemerking på Gråfjell. Gjetarane budde i periodar på Høgevarde turisthytte, frå der måtte dei utforbakke når dei skulle på jobb, fortel Storeli. Han fortel òg at bror til Paulus Holtan, Arthur Holtan, var med som gjetar heile tida han var der, dvs. frå 1963 til 1968. Arthur Holtan var den flinkaste med lassoen, seier Storeli. Kjøtet blei levert hjå Bjørnebråten på Gol, og då dei måtte slakte ned. kjøpte han alt kjøtet for 9 kr. pr kg. Av folk Gunnar Storeli gjette i lag med, var òg nokre lokale gjetarar, bl.a. Ivar Marken og brørne Arvid og Reidar Juvet frå Eggedal, sistnemnde var kasserar i tamreinlaget.

Dei hadde bortimot 2000 dyr. Dyra var fine, simlene vog mellom 43 og 45 kg, og bukkane kunne vera rundt 90 kg. Dyra blei svært tamme og snille, fortel Storeli.


Samling til kalvemerking på Gråfjell. Foto utlånt av Gunnar Storeli.

Samling til kalvemerking på Gråfjell. Foto utlånt av Gunnar Storeli.

Kvifor måtte dei slakte ned?
Gunnar Storeli meiner at grunnen til at dei måtte slakte ned, var at eigarane av reinen tok til å bli gamle og blei redde for at “kapitalen” skulle forsvinne. Frå andre kjelder heiter det at det etterkvart blei problematisk for tamreindrifta på Norefjell, og dei fleste dyra blei slakta ned i 1968, då selskapet måtte avvikle. Men 30-40 dyr blei gåande att. Nokre av grunneigarane i området kjøpte desse dyra og danna Norefjell reinkompani i 1971. Meininga var å drive jakt og jaktutleige etter modell av Rendalen reinkompani.

Villreinjakt frå 1992
Stamma voks, men det kom til konfliktar med andre interesser. Og då stamma voks att til rundt 1000 dyr, blei det søkt om å byrje med jakt på ordinær måte. I 1991 avklarte Landbruksdepartementet at reinen i området kunne forvaltast etter viltloven, altså som villrein. Det har vore opna opp for villreinjakt i dette området frå 1992.

Frykt- og fluktavstand
Reinsdyrforskar Egil Reimers frå Norges miljø- og biovitenskaplege universitet (NMBU) har over lenger tid forska på kombinasjonen åtferd og genetikk i ulike villreinstammer. Han har funne ut at villrein med sterke innslag av tamreingenar, som me til dømes finn på Norefjell-Reinsjøfjell, viser ein langt meir dempa frykt – og fluktavstand enn villrein med liten innblanding av tamreingenar. Konklusjonen hans er at tidlegare domestisering har bevart ei genetisk sterkt forankra åtferd som omfattande jakt over lang tid ikkje har endra mykje på.

I andre del av denne artikkelserien vil me rette fokus mot Vest-Jotunheimen. Denne kjem på trykk i starten/midten av august.

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing