Mytar om den heilage villreinen Mjandasj


Illustrasjon: Frå dekor på ei samisk runebomma

Illustrasjon: Frå dekor på ei samisk runebomma

Den sovjetiske etnografen Vladimir V. Tjarnoluoskij reiste rundt blant samane på Kola-halvøya på slutten av 1920- og 1930-talet og nedteikna forteljingar om den heilage villreinen “Mjandasj”.  

Tjarnoluoskij er kjent som ein av dei fremste ekspertane på samiske forhold på Kolahalvøya. Han har samla inn svært gamle mytar blant samane og stiller spørsmål ved om det kan vera ein samband mellom mytane og klippebileta på helleristningsfeltet i Alta. Ein veit ikkje kva Mjandasj tyder, men det har med villreinens verd å gjera. Det gode som menneska levde av, kom frå Mjandasj-verda, i fylgje Tjarnoluoskij.

“Riter er illustrasjon av mytar i handling” heiter det i boka dette er henta frå. Forfattaren nemner òg at på 1930-talet fanst det berre att fragment av dei gamle ritene.

Når den fyrste villreinen for året blei felt om hausten, måtte jegeren utføre ein rite. Fylgjande skildring er ein del av ein slik rite:

Jegeren førte reinskroppen til ein stad i nærleiken av gamma. Denne måtte liggje ved foten av eit lite berg som var dekt med skog og vera såpass stor at tre-fire personar og reinkroppen kunne få plass rundt den opne elden. Så hogg jegeren bjørkekvistar og tre grankvistar. På den eine sida av kvistane skar han bort alle smågreiner og smurde inn dei med blodet frå den slakta reinen. Han stilte opp alle bjørkekvistane rundt plassen med den blodsmurde sida innover. Deretter baud han inn dei næraste slektningane, far og søner, inn i til innhegninga, kvinner fekk ikkje vera med. Då dei hadde kome inn, blei inngangen stengd med dei tre grankvistane og jegeren tende på elden. Ei stor gryte med vatn høyrde til.

Jegeren tok til å stykke opp reinen. Han tok av skinnet, tok vekk hovudet og venstre bakbeinet, skar av tunga, haletippen og opna brystpartiet. Så skar han bort nedste delen av hjartet og alle drakk blodet. Hovudet med horn, kjøtet rundt brystpartiet og venstre bakbeinet blei kokt. Resten av kjøtet låg på ei matte av grankvist. Når kjøtet var ferdigkokt sette ein seg etter å ha gjort korsteiknet og begynte offermåltidet.

Alle rester etter måltidet blei grave ned under oska etter at elden var slokna. Så blei alt kjøt skore vekk frå reinskroppen. Beina som blei kokt og hovudet med geviret blei lagt tilbake på plass, og alt blei dekt med reinskinnet slik at det såg ut som ein sovande rein med hovudet bøygd mot beina.

(Henta frå boka “Den vilda renen – i myt och rit” av Vladimir V. Tjarnoluoskij, oversetting til svensk og innleiing ved Kerstin Eidlitz Kuoljok – 1993)

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Lena Romtveit