Minimumsteljing i Nordfjella sone 2


458 dyr blei funne i den nyleg gjennomførte minimumsteljinga i Nordfjella sone 2, altså sør for fylkesveg 50 Hol-Aurland. Dette er ein av flokkane. Foto: Asle Feten

458 dyr blei funne i den nyleg gjennomførte minimumsteljinga i Nordfjella sone 2, altså sør for fylkesveg 50 Hol-Aurland. Dette er ein av flokkane. Foto: Asle Feten

Den 22. februar blei det gjort ei minimumsteljing av villreinstamma i Nordfjella sone 2, altså sør for fylkesveg 50 Hol-Aurland. Det var gode forhold, det blir rapport om eit døgn gamal nysnø og fint stille vêr.

Alle flokkane blei fotograferte frå fly, og bileta blei tolka på PC. Til saman blei det funne 458 dyr, slik fordelt: Randefonni 281, Håskard 168, Klovafjellet 9.

Sekretær for Aurland fjellstyre, Harald Skjerdal, seier i ein kommentar at talet ein fann i sone 2 var som venta, ut frå teljingane i 2017, kalvetilvekst og jaktuttak. Han seier elles at det ikkje har vore overgang av dyr mellom sonene i Nordfjella etter desember 2007, då ein flokk på 180 dyr reiste nordover. Den store “utjamninga” mellom dei to sonene skjedde i perioden 2005-2007. På det meste var det 1600 dyr i sone 2, mykje dyr returnerte altså til sone 1 på denne tida.

Last ned teljerapport og flylogg her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing