Forheksa dyr


Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

Illustrasjonsfoto: Kjell Bitustøyl

I folketradisjonen er der mange historier om veidemenn som har opplevd overnaturlege ting, det hekk saman med gamal skikk og tru. Mykje handla om å halde seg til dei gamle føresegner og truer.  Historikaren Knut Hermundstad frå Valdres er ein som har samla mange slike historier i perioden 1929-1962, ein god del av desse handlar om villrein og villreinjakt. Me tek med eit par døme.

”Av og til kan ein råke inn på forheksa dyr. Ein kan mest ikkje få livet av dei. Då skulle ein ta arvesylvknappar og skava tå dei noko sylv og støype det inn i blykulone. Hadde ein med seg slike skot, ville det forheksa dyret døy, når ein skaut. Ein gong eg var på Gravafjellet på villreinsjakt, hende det meg at eg kom til skyte på slike forheksa dyr. I Uksedalen kom eg på fint skot på villrein, men ingen fekk eg livet av. Kula såg ikkje ut til å snåve dyri ein gong. Hopen for så nord under Grøneberg. Der stelte eg meg bak ein stor stein. Då var eg så nære reinsdyri at eg såg vel augo på ei stor simle. Eg meinte no at eg var om lag viss på råke. Men då eg skaut, vart det bom ein gong til. Då vart eg nok forundra. Same geværet hadde eg nytta så mange gonger før, og eg har nytta det sidan, og det har stødt drepe.”

Ei anna soge er slik:
”Det rusla ein gong ein villreinsbukk i fjellet her som det ikkje beit skot på. Mange villreinskyttarar hadde skote på han, men ikkje fått livet av han. Men så var det ein skyttar som visste råd. Han var stad fekk støypt seg ei kule, som han hadde noko sylv i. Det hadde han grave tå kyrkjeklokka i bygdi her. Men då han no skaut, så fekk han nok livet av buken. Då skaut han’n! Ja, då! Men skyttaren fekk nok svi for den skytingi, skal du høyre. Sidan den dagen han skaut denne bukken, vart skyttaren så klen i eine armen sin at han laut gå med han i fasle. Ei tid etter kom han på Lærdalsøyri. Han var vel god til å rakle og køyre litt med ein hest. Der råka han på ein finne. Så sa’n det han:
«Har du so vondt i armen du!» Ja, han hadde då det. Så la finnen til: «Ja, du skulle ikkje ha gjort de umake mæ å støype kule då du skulde skyte på den villreinsbukken her eit året, so hadde du sløppe denne plaga.» Bukken var vel åt finna. Det skal vera noko rare folk der burti Finnmarken har eg høyrt. Meir var det ikkje om dette.”

(Det er Helge J. Opdal, Øye i Vang og Per Øyråker i Lomen i Vestre Slidre som har fortalt desse sogene. Henta frå boka ”Truer om villdyr, fangst og fiske” av Knut Hermundstad.)

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing