Lokale møte i tre fylke


Eit mindre område frå litt innafor Mogen turisthytte og innover dalen retning Grislehovda har fått endra arealsone frå fjell- og fjordbygd til nasjonalt villreinområde ifylgje utkastet til revidert regionalplan for Hardangervidda. Justeringa er base…

Eit mindre område frå litt innafor Mogen turisthytte og innover dalen retning Grislehovda har fått endra arealsone frå fjell- og fjordbygd til nasjonalt villreinområde ifylgje utkastet til revidert regionalplan for Hardangervidda. Justeringa er basert på nyare GPS-data. Foto: Kjell Bitustøyl

Det er no gjennomført tre høyringsmøte knytt til rulleringa av den regionale planen for Hardangervidda, i Uvdal i Buskerud, i Tinn i Telemark og i Ullensvang i Hordaland. Frammøtet har vore litt variabelt, men prosjektleiar Ellen Korvald er godt fornøgd med tilbakemeldingane som har kome.

Ein no midt inne i prosessen med å revidere den regionale planen for Hardangervidda, og nyleg har det vore avvikla tre opne høyringsmøte rundt i dei tre aktuelle fylka. Dei som har reist rundt for å informere om utkastet til revidert regionalplan er leiar i Hardangerviddarådet Lars Bjaadal og prosjektleiar/sekretær Ellen Korvald. Villrein.no var til stades på eitt av møta, på Norsk villreinsenter på Skinnarbu. Her var det høve for dei frammøtte å koma til orde undervegs eller etterpå.

Litt historikk

Det var Miljøverndepartementet som i 2007 gav landets fylkeskommunar i oppdrag å utarbeide regional planar for dei nasjonale villreinområda. Dei tre fylka Buskerud, Telemark og Hordaland fekk ansvar for å utarbeide ein slik plan for Hardangervidda. Den fyrste planen blei vedteke i 2011 og skulle gjelde fram til 2025. Det var ein føresetnad at den regionale planen etter kvart skulle rullerast. Hardangerviddarådet er styringsgruppe og er samansett av politikarar frå politisk leiing i kommunane, fylkespolitikarar, fylkesmennene og villreinnemndas leiar. Rådet blei oppretta etter at den regionale planen var vedteken av dei tre fylkeskommunane. Difor er det dette rådet som står for rulleringsprosessen som no er i gang.

Retningsgjevande plan


Lars Bjaadal er leiar i Hardangerviddarådet. Foto: Kjell Bitustøyl

Lars Bjaadal innleidde med å presisere at desse opne regionale møta både handla om informasjon og at dette var ein moglegheit til å koma med innspel og synspunkt på det framlagte utkastet, men at alle framlegg til endring måtte gjerast skriftleg innan 1. juli i år. Han rådde òg folk samstundes til å ta kontakt med eigen kommune slik at det var større sjanse for å få gjennomslag for dette også i kommunale planar.

Ellen Korvald la vekt på at ein slik regional plan er ein grovmaska og rådgjevande plan som må fylgjast opp av kommunane, altså ein retningsgjevande plan. Ho oppsummerte den fyrste planperioden med at kommunane har brukt planen ulikt, ikkje minst handlar dette om at omløpet til dei kommunale planane varierer sterkt. Korvald sa at denne rulleringa ikkje handlar om å endevende den opphavlege planen, men å ta tak i svake sider ved denne. I den samanheng har alle kommunane kome med sine innspel og sine prioriteringar. For alle gjeld det å halde seg til gjeldande lovverk, men med moglegheit for å bruke dispensasjon, til dømes i byggjesaker.

Nytt kart

Korvald viste fram det nye kartet med dei endringane som er forslegne. Desse er gjort dels på bakgrunn av innspel frå kommunane, dels på grunn av ny kunnskap, bl.a. GPS-data, og dels på grunn av nye statlege føringar som har kome etter 2011. Til det siste blei det kommentert at sti- og løypeplanar ikkje var med i den opphavlege planen. Det blei elles understreka at kunnskapen om villrein og ferdsel har langt større fokus no enn tilfellet var i 2011.

Arealsoner

Ein viktig del av den regionale planen for Hardangervidda handla om dei såkalla arealsonene. Her er noko blitt endra slik at ein no sit att med fylgjande soner: nasjonalt villreinområde, fjell og annen utmark, stølsdaler, fjell- og fjordbygder og utbyggingssone (tidl. fritidsbebyggelse og reiseliv ). I tillegg har det blitt utarbeidd meir detaljerte kart, ei forbetring som fleire har etterlyst.

I utkastet til revidering av den regionale planen er det i arbeidet med desse sonene at fleire av endringsforslaga har kome. Bjaadal la her vekt på at dette handlar om å balansere omsynet til villreinen i høve til behovet for utvikling. Korvald supplerte med at dette òg handlar om kommunalt skjønn, så kjem fylkesmannen inn og godkjenner eller ikkje.

Generelt kunne Korvald vise til at det meste er uendra i høve til dei ulike sonene, men at nokre mindre føreslegne område har fått omdefinert status. Dette gjeld til dømes ei endring frå fjell- og annen utmark til stølsdal i Hol og ei endring frå nasjonalt område til stølsmark i Valldalen i Odda. Bjaadal kommenterte elles at den nyleg vedtekne utbygginga i Sysendalen som grip inn i regionalplanområdet handlar om politisk kjøpslåing, der Eidfjord kommune sitt framlegg til utbygging har blitt godkjent av styresmaktene sentralt. Avslutningsvis på møtet på Skinnarbu blei det sagt at det er viktig å få til denne rulleringa før dei nye fylka er på plass.


Prosjektleiar Ellen Korvald viste kor detaljert utkastet til nytt regionalplankart for Hardangervidda er. Foto: Kjell Bitustøyl

Prosjektleiar Ellen Korvald viste kor detaljert utkastet til nytt regionalplankart for Hardangervidda er. Foto: Kjell Bitustøyl

Fange opp stemninga

Ellen Korvald seier i ein kommentar i etterkant av dei tre møta at hovudinntrykket er at det er viktig med slike møte der det både er mogleg for folk å stille spørsmål og koma med eigne synspunkt. Om frammøtet, som varierte mellom 15 og 30, seier ho at dei som er opptekne av dette har møtt fram og at meiningane har vore sterke og tydlege. For Ellen Korvald og Lars Bjaadal har dette handla om å lytte og fange opp stemninga, som ho seier det. Korvald ser òg tilbake på den førre prosessen og ser at dei som hadde ting på hjarte den gongen, kanskje har sett at den regionale planen har betydd noko rundt i dei ulike kommunane.

Imingfjell og Valldalen

Konkret er det nokre saker som har vekt mykje debatt, dette gjeld sjølvsagt vegen over Imingfjell der meiningane på båe sider er svært sterke i fylgje Korvald. Dette var òg noko ein kunne observere på møtet på Skinnarbu. Her har det i fylgje Korvald kome politiske innspel lokalt på tvers av dei opphavlege planane, innspel om prøveopning med opning av denne vegen vinterstid. Ulikt andre saker i dette nye utkastet har styringsgruppa her ikkje landa ned på eitt framlegg, men skissert opp tre alternativ, det eine av desse er i tråd med framlegget om ei prøveordning. Etter høyringsrunden med innspel er det så styringsgruppa som skal koma opp med kva alternativ ein landar på.

Eit anna stridsområde er Valldalen i Røldal, også her var temperaturen høg, seier Korvald. Men ulikt Imingfjell har styringsgruppa i dette tilfellet landa på eitt alternativ som eigentleg er eit kompromiss: Å omdefinere vestsida av dalen til stølsdal, mens austsida av dalen blir verande innafor nasjonalt villreinområde. I høve til utbygginga i Sysendalen seier Korvald at sjølv om næringsdepartementet no har konkludert, vil styringsgruppa ha eit tolkingsrom i høve til korleis ein skal definere sonene i dette området. Men dette er ikkje eit høyringsspørsmål, seier ho.

Av mindre kontroversielle saker nemner Korvald at det i Hol har kome fram ynskje om å omdefinere tre mindre område frå fjell og annen utmark til stølsdal, medan det i Rollag har kom ynskje om å utvide villreinkorridoren på Vegglifjell.

Nye GPS-data

På det nye kartet har det òg kome små utvidingar av nasjonalt villreinområde, med basis i nye GPS-data frå merka villrein. Dette gjeld Tinn og Vinje kommunar og har blitt diskutert, men stort sett positivt mottatt i fylgje Korvald.

Les meir i NVS Notat 7/2018 “Villreinkunnskap og regional plan – en gjennomgang av GPS-data i forbindelse med rullering av regional plan på Hardangervidda”.

I fleire av møta har elles dette med turisthytter og utviding fått ein del merksemd. Reaksjonane her har variert frå bekymring om auka trafikk i villreins leveområde til kommentarar om at rammer for utviding av turisthytter utanfor nasjonalparken nesten kan bli strengare enn innanfor, noko som sjølvsagt kan virke urimeleg.

Korvald oppsummerar med at det er no toget går for skriftlege høyringssvar, og fristen er altså 1. juli.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing