Ei ekspertgruppe sett saman av 92 forskarar og naturvernarar frå mange land har tatt initiativ til å kartleggje migrerande klovdyr over heile verda. Initiativet kalla GIUM er det fyrste i sitt slag og blir presentert i siste nr. av det velrenommerte tidsskriftet Science. Prosjektet samarbeider med FN’s konvensjon for bevaring av migrerande artar av ville dyr (CMS).
Planen til GIUM (Global Initiative for Ungulate Migration) er å utarbeide detaljerte kart over sesongvandringar til flokkar av ville dyr over heile kloden. Slik vil karta kunne vera til hjelp for regjeringar, urfolk og lokalsamfunn, planleggjarar og naturforvaltarar, og med det kan dei identifisere noverande og framtidige trugsmål mot desse vandringane. Ved hjelp av desse karta vil ein kunne førebygge aukande menneskelege avtrykk som trugar dei migrerande artane. Dette kan skje gjennom å identifisere interessentane og få til samarbeid om løysingar, heiter det i artikkelen i Science.
Gjeld mange uilke område
Døme på slike vandringar er mogolske gazeller, gnuer i Serengeti, guanacos (lamaer) i Sør-Amerika, karibu og villrein i nordlege strøk, hjort i Nord-Amerika, rådyr i Europa og mange fleire, i det heile eit stort mangfald. Desse trekkande klovdyra høyrer til i naturlege økosystem, ikkje minst som byttedyr for rovdyr. Dei gjev òg verdifulle bidrag til mange lokalsamfunn gjennom turisme og fangst, og mange av dei er tett vovne saman med lokalkulturen mange stader.
Det alvorlege i dagens situasjon er at mange av desse vandrande flokkane er i sterk tilbakegang på grunn av hindringar som vegar, gjerde og andre menneskeskapte barrierar. Dette gjeld i mange område, til dømes i Kenya, der vandringane til sebra og gazelle nærast har kollapsa.
FN’s representant Amy Fraenkel seier at dei er glade for å ha fått eit nytt verktøy for å styrke innsatsen for bevaring av vandrande flokkar rundt om i verda. Migrerande flokkar er avhengige å ha område for å beite, for å formere seg og for å kvile. Blir hindringane for mange, kan heile populasjonar stå i fare.
Klimaendringane
Ein faktor som kjem i tillegg er klimaendringane som påverkar og kompliserer dei sesongvise flokkvandringane. Dette atlaset vil kunne bidra til å gjera viktige prioriteringar med tanke på kva for migrasjonsruter som treng ekstra vern og slik vera til hjelp for dei som tek avgjerdene.
Der er alt gjort ein del vellykka kartlegging av slike migrasjonsruter i mange land. Forskarar og naturvernarar som deltek håpar at det detaljerte kartarbeidet som alt er gjort, vil kunne inspirere andre og med det syte for betre vern av faktiske trekkvegar i fleire land i verda.
Moderne GPS-teknlogi og urfolkskunnskap
Ein global traktat frå FN, CMS (United Nations Convention on the Conservation of Migratory Species of Wild Animals), gjev ei plattform for bevaring og berekraftig forvaltning av migrerande dyr og leveområda deira. GIUM samlar ekspertar frå heile verda for å forsterke og gjera synleg behova for bevaring av migrerande artar og leveområda deira. Nyaste nytt av teknologi, slik som bruk av GPS-data og digitale hjelpemidel med kartarbeid o.l., vil bli teke i bruk i kombinasjon med tradisjonskunnskap lokalt og frå urfolk. Teamet vil òg kartlegge tapte trekkvegar.
Ved hjelp av kart som alt finst, kan ein alt no slå fast at mange område er for små og spreidde til å kunne ta vare slike store migrasjonar av dyr. Samtidig har ein eksempel på kart som viser at kulturen til folkegrupper som til dømes inuttane i Canada, er djupt rotfesta i det årlege kaributrekket. Her har slike vore kart til stor hjelp for å få til ei berekraftig utvikling.
Det høyrer med å fortelje at i videoen som er knytt til dette prosjektet, finst eit opptak av ein villreinflokk fra Setesdal Austhei som kryssar Riksveg 45 ved Store Bjørnevatn i Valle, flokken er på veg sørover mot kalvingsplassane, eit velkjent årleg trekk. Videoen er filma av Sjur Johan Vatnedalen.
villrein.no – Kjell Bitustøyl