Informasjonsmøter om GPS-merking


Brattefjell-Vindeggen-rein skal no for fyrste gong GPS-merkast. Dette er dyr på vinterbeite på Månelibrotet, lengst nord i området. Foto: Kjell Bitustøyl

Brattefjell-Vindeggen-rein skal no for fyrste gong GPS-merkast. Dette er dyr på vinterbeite på Månelibrotet, lengst nord i området. Foto: Kjell Bitustøyl

Roy Andersen frå Norsk insitutt for naturforskning og Lena Romtveit frå Norsk villreinsenter skal halde to informasjonsmøte om eit nytt GPS-merkingsprosjekt for villrein i Brattefjell-Vindeggen og Setesdals Austhei. Dei lokale villreinutvala vil vera vertskap for informasjonsmøta.

Det er fyrste gong GPS-merking skal takast i bruk i villreinområdet Brattefjell-Vindeggen, medan det tidlegare har vore GPS-merking i eit visst omfang på Setesdal Austhei. Informasjonsmøtet for Brattefjell-Vindeggen skal haldast på Lien Fjellgard i Svartdal onsdag den 31. januar frå kl 18.00 til 21.00, medan informasjonsmøtet for Setesdal Austhei skal haldast på Bjåen 1. februar frå klokka 10.00 til 14.00 med innlagd lunsj.

Viktige tema for møta vil vera kunnskap og nytteverdi av GPS-merking i norske villreinområde og GPS-merking i praksis: Kva det inneber i høve til løyve, arbeidsmåtar og erfaringar. Det vil bli orientert om tilsvarande merkeprosjekt i andre område og erfaringar frå desse i høve til datainnsamling, drift og organisering. Og det vil sjølvsagt vera ope for spørsmål og drøfting.

Møta er opne for alle rettighetshavarar innafor villreinområda. I tillegg inviterast representantar frå aktuelle kommunar og verneområdestyre.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing/Lena Romtveit