I dag starta flyttinga av Gråhøgdbu


Gråhøgdbu på flyttefot Foto: Ragnvald Jevne/DNT Lillehammer

Gråhøgdbu på flyttefot Foto: Ragnvald Jevne/DNT Lillehammer

Den tidlegare sjølvbetjeningshytta Gråhøgdbu på Venabygdfjellet er frå og med i dag av på flyttefot ved hjelp av spesialbygde sledar, hytta skal flyttast til Maihaugen. 

I samband med at DNT har eit eige prosjekt som ein del av Verdiskapingsprogrammet for villrein, «DNT i villreinfjellet», har ein no kome så langt at den tidlegare sjølvbetjeningshytta Gråhøgdbu er klar for flytting. Flyttinga startar i dag og hytta blir drege fram av ein spesialbygd kjelke. Planen er at hytta skal gjenreisast på Maihaugen og bli ein formidlingsarena. Grunnen til flyttinga er at ein skal redusere forstyrringa i viktige trekk- og beiteområde for villreinen i Rondane Sør.

Ei ny hytte blir bygd som erstatning, Veslefjellbua, og rutenettet blir lagt om. DNT har i høve til deltakinga i Verdiskapingsprosjektet dette som hovudmål: «Å bidra til ei berekraftig villreinforvaltning og tilrettelegging for friluftsliv som ta omsyn til villreinen.». 


Foto: Ragnvald Jevne/DNT Lillehammer

Foto: Ragnvald Jevne/DNT Lillehammer

villrein.no – Kjell Bitustøyl