Høyring av regional plan for Hardangervidda


Hårteigen og ein reinsflokk på Hardangervidda. Båe delar omfattast av den regionale planen. Foto: Anders Mossing

Hårteigen og ein reinsflokk på Hardangervidda. Båe delar omfattast av den regionale planen. Foto: Anders Mossing

Regional plan for Hardangervidda (2019-2035) er no på offentleg høyring. Frist for innspel er sett til 1. juli. Samstundes blir det halde fleire lokale høyringsmøte rundt vidda.

Den regionale planen for Hardangervidda blei vedteken i 2011. Arbeidet med rulleringa starta opp i 2017. Målsettinga med slike planar er blant anna å fastsetje ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern. Dei vil vera retningsgjevande for kommunal planlegging og gje føringar for statleg og fylkeskommunal sektorplanlegging. Planane skal vera eit ledd i oppfylginga av regjeringas samla politikk for fjellområda.

Les meir om dei regionale planane her.

I desse dagar gå det føre seg høyringsmøte rundt Hardangervidda i samband med rullering av den regionale planen. Alle tre fylkeskommunane har samrøystes vedteke å leggje planen ut til høyring, utan endringar i forhold til Hardangerviddarådets framlegg.

Høyringsdokumenta kan lastast ned her:

Høyringsfrist er 1. juli 2019.


Ellen Korvald frå Buskerud fylkeskommune er prosjektleiar for arbeidet. Arkivfoto: Anders Mossing

Ellen Korvald frå Buskerud fylkeskommune er prosjektleiar for arbeidet. Arkivfoto: Anders Mossing

Fleire detaljar om både høyringa og dei lokale høyringsmøta er å finne på www.fylkesdelplan-hardangervidda.no.

I kveld, 22. mai, er det ope møte på Skinnarbu i Tinn kommune. Det har elles vore ope møte i Nore og Uvdal den 20. mai. Tysdag 28. mai er det siste møtet. Dette skal haldast på Hotell Ullensvang i Lofthus.

I etterkant skal alle innkomne innspel samanstillast og utgjera grunnlaget for vidare møte i administrativ gruppe og styringsgruppa. Det er Ellen Korvald frå Buskerud fylkeskommune og Lars Bjaadal frå Telemark fylkeskommune som leier møta.

villrein.no – Anders Mossing/Kjell Bitustøyl