Vilde guidar til Gaustatoppen


Gaustatoppen. Foto: Kjell Bitustøyl

Gaustatoppen. Foto: Kjell Bitustøyl

Sommaren 2016 etablerte fleire samarbeidsaktørar i Rjukanområdet “Gaustaguiden”, eit tilbod om naturrettleiing til dei som vil ha litt ekstra ut av turen til Gaustatoppen. Vilde Starup var “Gaustaguiden” i fjor, ho er engasjert som guide i år også med oppstart 1. juli. Og villreinen er med som ein viktig del av opplegget i år som i fjor.

Det er det sterkt aukande besøket på Gaustatoppen dei siste åra som er den indirekte årsaka til opprettinga av “Gaustaguiden”. Difor gjekk ulike aktørar inn i eit samarbeid om dette opplegget sommaren 2016: Verneområdestyret for Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde, Gaustabanen, Visit Rjukan, Statens Naturoppsyn og DNT. Norsk Villreinsenter på Skinnarbu har stått for finansieringa.


Vilde Starup er klar for ein ny sommar som "Gaustaguide". Foto: Vilde Starup.

Vilde Starup er klar for ein ny sommar som “Gaustaguide”. Foto: Vilde Starup.

Vilde Starup er utdanna naturrettleiar frå friluftslivstudiet ved Høgskolen i Telemark. Ho fortel at ho som “Gaustaguiden” i fjor hadde faste dagar og faste klokkeslett med start ved Svineroe. I år vil ein prøve noko anna, viktigaste informasjonskanalen vil vera ei facebookside der ein kan melde sin interesse for turopplegget, altså ved påmelding. Men Vilde vil òg vera til stades langs ruta, slik at ein også på den måten kan ta del i naturrettleiinga. Denne endringa er gjort i høve til erfaringane frå fjor.

Elles vil opplegget bli det same i fylgje Vilde. Ho vil guide publikum om natur, kultur, geologi og historie på vegen mot toppen. Og guidinga er gratis.

Kvifor skal ein ha ei slik guiding? Vilde svarar at for det fyrste så gjev turen til Gaustatoppen ein unik moglegheit med den vide utsikten til å sjå fleire store naturområde, viktigast er Landskapsområdet Brattefjell-Vindeggen og Hardangervidda Nasjonalpark. Men turen kan òg bli meir interessant ved å sjå på den store endringa i planteliv, jordsmonn og geologi frå starten til toppen. Vilde er òg oppteken av historia til Gaustatoppen og Gaustaområdet og har fyrstehands kunnskap om dette, ikkje minst av di ho i 1,5 år, ein sommar og to vintersesongar, dreiv turisthytta på toppen for Telemark Turistforening. Ho har gjennom lokalkjende slik òg fått meir innblikk i den spennande historia knytt til Gaustatoppen.



Klauv og kjeve fra villrein. Foto: Vilde Starup

Klauv og kjeve fra villrein. Foto: Vilde Starup

Villreinstamma i Brattefjell-Vindeggen er den som ligg nærast når du vandrar til Gaustatoppen, tidlegare har desse dyra i periodar trekt over Gausta-knea i fylgje Vilde. Og om ein ikkje direkte ser reinsdyra, er Vilde grundig førebudd med forskjellige “effektar”: gevir, reinskinn, klauver mm. Ho har òg eit detaljert “kart” som viser korleis ein utnytta heile dyret før i tida. Å bruke denne kunnskapen til å skape meir merksemd i høve til verdien av at me har livskraftige reinstammer i området, er viktig for Vilde Starup. Både gjennom høgskulestudiet og seinare har ho fått god innsikt i forvaltinga av desse reinstammene, dette er noko ho brukar bevisst i naturrettleiinga.

Ei erfaring frå fjoråret har elles vore at denne naturrettleiinga kan vera like interessant for vaksne som for ungar, fortel Vilde.

 

For mer informasjon, gå inn på Facebook-sida @Gaustaguiden

 

villrein.no Kjell Bitustøyl og Ingrid Nerhoel