Forskinga på dei “lyndrepne” reinsdyra vekker internasjonal merksemd

Avisa Nationen kan melde at forskinga omkring fylgjene av lynnedslaget som tok livet av 323 villrein på Hardangervidda hausten 2016 no har blitt omtalt i den engelske avisa The Guardian.


Illustrasjonsbilde. Foto: John Fowler, CC-BY-2.0

Illustrasjonsbilde. Foto: John Fowler, CC-BY-2.0

Omtalen av denne forskinga blir omtalt i The Guardian 8. juli. Bakgrunnen for artikkelen er at då lynet tok livet av 323 reinsdyr på Hardangervidda hausten 2016, blei det bestemt at ein let dyra liggje, for å kunne studere korleis naturen handterte dei daude dyra. Det er forskarar frå Universitetet i Sør-Norge og NMBU som står bak prosjektet. Dei nyttar seg av omgrepet “fryktlandskap” (“landscape of fear”) i studiane av korleis rovdyr og rovfugl forsynte seg av reinskadavera.

Shane Frank har vore den leiande forskaren, han fortel at ramn, kråke og ørn var til stades på åstaden det fyrste året, men ikkje året etter. Medan for gnagarane var det motsett, forskarane meiner at gnagarane var redde for å vera der når dei store fuglane var der. Frank fortel til The Guardian at det er som ein buffé der det kjem mange svoltne folk for å eta, men det er ikkje sikkert dei likar kvarandre så godt.

Nationen refererer òg til at saka har vore omtalt på forskning.no. Her er det forskaren Sam Steyaert som uttalar at forskinga har gjeve ny innsikt i kva for dyr som kjem til slike kadaver, og aller mest kven som kan vera der samtidig. Foto frå viltkamera i området har vist at til dømes fjellrev og raudrev var der samtidig, noko som ikkje er vanleg, i fylgje Steyaert. At dei daude dyra påverka vegetasjonen sterkt i området er ei anna side ved dette forskingsprosjektet. Saka er også omtalt tidlegare her på villrein.no.

villrein.no – Kjell Bitustøyl