Er det berre me som har skrantesjuke?


Lars Nesse er leiar av villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen. Han meiner at om ikkje dei lokalt hadde stått så hardt på i høve til skrantesjukeproblematikken, hadde ein ikkje vore der ein er no. Foto: Kjell Bitustøyl

Lars Nesse er leiar av villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen. Han meiner at om ikkje dei lokalt hadde stått så hardt på i høve til skrantesjukeproblematikken, hadde ein ikkje vore der ein er no. Foto: Kjell Bitustøyl

Finst skrantesjuke andre plassar enn hjå oss? Det er det store spørsmålet for Lars Nesse frå Borgund i Lærdal. Nesse var med då dei fann det fyrste dyret, ei simle som var smitta av skrantesjuke i mars i fjor. Han er mangeårig leiar av villreinutvalet i Nordfjella og no leiar i villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen. Kva for tankar gjer han seg, korleis har dei opplevd dette lokalt?

I Lærdal har dei levd med skrantesjuke eitt år no. Lars Nesse tenkjer på kor tilfeldig det var at dei fann dette dyret i fjor, datoen var 15. mars.
”Simla me oppdaga under arbeidet med påsetting av klavar for elektronisk overvaking, var det tydeleg noko gale med. Etter berre ca. 10 minuttar var ho daud. Rutinane til Norsk Institutt for Naturforskning (NINA) er då at slike dyr skal sendast Veterinærinstituttet til obduksjon. Svaret me fekk 6. april veit alle. Hadde dyret gått 10-15 meter til, ville me ikkje oppdaga det. Då hadde ingen visst at skrantesjuke eksisterte på villrein. Dette var fyrste gong i historia at det var kome på villrein, og fyrste tilfelle av skrantesjuke i Europa. Etter dette har me fått eit anna syn på dette med sjuke dyr og fallvilt.”

Det blei kalla inn til fyrste møte i slutten av april med villreinutval, villreinnemnd, Mattilsynet, NINA, Veterinærinstituttet, Tamreinnæringa og Statens Naturoppsyn.
”Sidan dette var noko heilt nytt og ukjent, veit eg ikkje om alle heilt tok alvoret inn over seg i starten, medrekna meg sjølv. Difor bad me dei involverte om å koma hit.
Seinare fekk me dei med på jegermøte rett før jakta for å informere jegerane og få dei med på ein stor dugnad med å skaffe prøvemateriale under jakta. Som dei fleste veit, er det førebels ikkje mogleg å teste dyr utan hjerneprøve, og då er dyret daudt. Lukka var at det var komen inn ein pensjonert dyrlege i villreinutvalet. Han kjenner ’systemet’ frå innsida, han var gull verdt for alle. Han fekk seinare oppdraget med organiseringa og prøveinnsamlinga under jakta.”


Lars Nesse på eit informasjonsmøte i Ål. Han rosar jegerane for innsatsen. Foto: Anders Mossing

Lars Nesse på eit informasjonsmøte i Ål. Han rosar jegerane for innsatsen. Foto: Anders Mossing

Jegerane dei viktigaste medhjelparane
Nesse fortel at før jakta tok til blei det arrangert to jegermøte. Der møtte blant andre NINA, Miljødirektoratet, Mattilsynet og Veterinærinstituttet. Her blei det opplyst av Mattilsynet at ikkje noko kjøt blei inndrege, og at resultatet av innleverte prøvar ikkje blei offentleggjord.
”Sjølve gjekk me ut med at dei som eventuelt kom til å felle dyr som var smitta av skrantesjuke, skulle få nytt jaktkort. På dette tidspunkt ana me ingenting om omfanget. Me ville elles at alt skulle offentleggjerast. Det ekstra viktig for oss å spele på lag med jegerane. Slik blei det seinare.”
Nesse rosar jegerane for innsatsen dei la ned, det var god oppslutning. Alt gjekk greitt og som alle veit, fann ein to dyr til som var smitta. Ei simle og ein bukk.

Tre tilfelle for lite for ein konklusjon
I tillegg til alle prøvane frå Nordfjella, kom det ca. 250 hovud frå Hardangervidda etter «lynnedslaget» som det blei teke prøvar av, utan at ein fann noko. Andre runden med prøvetaking inkluderte også hjort og elg. Den siste store prøvetakinga var i samband med Filefjell Reinlag si slakting i desember der 200 simler blei undersøkt. Her blei det heller ikkje funne noko. Slik avteiknar det seg førebels eit kart som berre inkluderer nordlegaste delane av Nordfjella, sone 1. Men Nesse meiner at dei tre tilfella likevel er alt for tynt grunnlag for å trekkje ein konklusjon.
”Til hausten bør det bli ei storstilt innsamling. Eigentleg så bør ein ta prøver av hjortevilt som vert felt frå og med Nord-Trøndelag og sørover. Det finst ingen garantiar for at denne sjukdomen ikkje kan spreie seg frå den eine arten til den andre,” hevdar Nesse, som òg meiner at når det gjeld reinen, så lever denne i eit ope landskap, sjukdomen her er det mogleg å nedkjempe, men skulle ein finne skrantesjuke på hjort eller elg, er utfordringa mykje større.

”Det einaste sikre: Me veit ikkje nok”
”Skrantesjuke har no all fokus, alt anna arbeid er lagt til sides,” seier Lars Nesse. Det handlar om å få til ei skikkeleg koordinering, ha oversikt over alt som skjer, og kva som skal gjerast.
”Korleis ser du på å redusere bestanden i Nordfjella i sone 1?
”Det er eigentleg eit enkelt tiltak som går an å få gjennomført. Me er innstilte på å redusere bestanden, for denne stamma kan ein byggje opp att, men har me ikkje att rein, kva skal me gjera då? Målsetninga må vere at me skal ha ein frisk bestand av villrein i Nordfjella.”

Nesse meiner ein må vera sikre på at det berre er i dette området denne sjukdomen finst, før ein set i gang drastiske tiltak.
”Eg held døra open for at ein må skyte ut alt, men me treng meir kunnskap, det må takast prøver frå det største til det minste jaktvald, meiner me. Det er enno att seks månader til jakta, det må kunne gå an å få til dette her. Mattilsynet sit med ansvaret, men du må ha ei lokal forankring. Tidlegare har me sett kvotane utifrå ei minimumsteljing og kalvetilvekst, no er eigentleg målsetjinga å ta ut mest mogleg dyr.”

Saltsteinar
Nesse er oppteken av at ein har byrja å sjå på dette med areal og kontaktpunkt mellom fleire hjorteviltartar. Då kjem dette med å fjerne saltsteinar som eit aktuelt tiltak.
”Der veit eg at Mattilsynet no jobbar med ei forskrift. Éin ting er å fjerne saltsteinane, men i jorda rundt kan det ligge smittestoff, og dyra et av denne jorda som er salthaldig sjølv om steinen er vekk”.
”Kva med å gjerde inn slike område?”
”Reinen hoppar ikkje over, men det kan hjorten gjera, så alternativet kan vera å dekke dette til med jord. Me får vente på kva Mattilsynet kjem med av tiltak.”


Villrein på saltstein. Illustrasjonsfoto/viltkamera: Annbjørg Sisjord

Villrein på saltstein. Illustrasjonsfoto/viltkamera: Annbjørg Sisjord

Sperregjerde
”Kva meiner du om utspelet frå tamreinnæringa om at det skjer for lite frå politikarane? Dei er for tafatte, seier dei.”
”Ja, dei er jo dét. Me saknar meir engasjement frå politisk nivå. Så har tamreinnæringa snakka om eit sperregjerde langs Rv 52 i lang tid. Her er grensa mellom tamrein på austsida og villrein på vestsida. Me er også hissige på at dette blir sett i gang. Eg veit via leiar Asgrim Opdal i Filefjell Reinlag at tamreinnæringa tek opp skrantesjuke-problematikken i samband med reindriftsforhandlingane som går føre seg i desse dagar.”

Sjølvsagt vil dette handle om pengar. Men ei utfordring er at ansvaret for tamrein og villrein ligg i to departement.
”Sett frå utsida er vel tamrein og villrein i same båt her?”
”Jau, me er i same situasjon, og skulle denne smitten bli oppdaga i Filefjell Reinlag sitt område, er vegen stutt vidare til andre område med reinsdyr. Så eit sperregjerde må til, men det må planleggast på vinterføre, slik at du kan sjå i terrenget kor ein skal setje opp gjerdet.”

Nesse meiner elles at det er ingen som sit på pengar til dette no, det må koma frå dei to departementa.
”Eg skjønar at Filefjell Reinlag er uroa. Dei gjer elles ein kjempejobb med denne overvakinga langs Rv 52, og meir blir det utover våren. Så kjem tamreinen hitover Hemsedalsfjellet på sommarbeite. Ein må sjå på heile strekninga, kva som skal til, det er snakk om 6 til 8 km.”

Tanken om eit sperregjerde er elles ikkje nokon ny tanke, det var òg framme for ca. 25 år sidan. Dette handlar om rotasjonsbruken av beite hjå reinen i Nordfjella, ifylgje Nesse.


Nordfjellas sone 1 grensar mot Rv 52 over Hemsedalsfjellet. Dette er frå Sognsida, me ser Breistølen i forgrunnen. Foto: Kjell Bitustøyl

Nordfjellas sone 1 grensar mot Rv 52 over Hemsedalsfjellet. Dette er frå Sognsida, me ser Breistølen i forgrunnen. Foto: Kjell Bitustøyl

”Det er mat me skal hauste”
”Lokalmiljøet vil altså ha mest mogleg open haldning til denne saka?”
”Ja, og me skal ikkje måle fanden på veggen. Det er viktig å tenkje at det er mat me skal hauste, ein ressurs som skal nyttast. Og om det blir uskyting av heile stamma – då blir det stusseleg å gå i fjellet her. Berre det å sjå spor og sporteikn etter villrein er ei oppleving i seg sjølv. Men håpet er sjølvsagt at ein kan friskmelde bestanden på eit tidspunkt.”

Både jegerar og reinsgjetarar har gjeve uttrykk for at dette er ein sjukdom som kan ha vore her lenge, kva tenkjer Nesse om dét?
”Folk har sett sjuke dyr, men kva som har mangla dei har ein ikkje visst. Og sjølvsagt synest eg dette her er trasig.”
”Lokalt i Nordfjella har folk stått hardt på for denne saka?”
”Ja, hadde ikkje me stått på så hardt lokalt, trur eg ikkje me hadde kome dit me er no. Me har hatt for vane her i landet å føle oss trygge, det er andre stadar slikt skjer. Men no er det Brüssel som ser hit, no diskuterer dei denne sjukdomen der.”

”Til slutt, korleis opplever du scenariet om at all rein i sone 1, 1500 dyr, skal skytast ut ?”
”Det er som eit slag i magen. Tanken må mognast, men kva er alternativet? Likevel bør me vera 110 % sikre på at det berre er her me har skrantesjuke før dette blir sett i gang, me bør vera sikre på at kvar ein flekk er undersøkt, meiner eg.”

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing