Fylkesmennene i Innlandet og Møre-og Romsdal fylke har kome med eit forslag om eit 3-årig prøveprosjekt knytt til bruk av el-sykkel på til saman seks vegstrekningar i verneområde i Jotunheimen og Trollheimen/Innerdalen. Dette for å undersøke korleis el-sykling i nasjonalparkar vil kunne utvikle seg i høve til volum, ulovleg sykling utanfor veg, auka rekkevidde for dagsturistar og konfliktar med fotturistar.
Trugsmål mot villreinen?
Det er Miljødirektoratet, på vegne av Klima- og miljødepartementet, som har kome med desse framlegga til forskriftsendingar som opnar for bruk av el-sykkel på vegar i verneområde, vegar som i dag allereie er mykje i bruk av syklistar. Ved å konsekvensutgreie desse seks områda, dvs. to vegar i Jotunheimen og fire vegar i Trollheimen/Innerdalen, vil ein få meir kunnskap før ein “går laus” på dei nasjonale villreinområda Rondane og Dovrefjell.
Nasjonalparkstyra
Frå dei ulike nasjonalparkstyra har det kome fram ulike synspunkt på desse framlegga. I Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre er ein skeptisk til å likestille el-sykkel med vanleg sykkel, medan Rondane nasjonalparkstyre er delt i synet på å opne for el-sykling. Dovrefjell nasjonalparkstyre opnar opp for el-sykkel på dei to vegane som finst i nasjonalparken, men ikkje på to aktuelle køyrespor. Trollheimen/Innerdalen nasjonalparkstyre ynskjer å ta omsyn til grunneigaranes ynskje om å regulere syklinga og vil vera med på prøveprosjektet.
Les også “Fylkesmannen vil prøve ut el-sykling i nasjonalparkene” (fylkesmannen.no)
Vente med å opne opp for el-sykkel
Fylkesmennene håpar å få inn kunnskap om el-sykling i nasjonalparkar på eit breitt spekter av vegar i dette prøveprosjektet, kunnskap om moglege konfliktar og kva konsekvensar ein ser for seg i høve til nasjonale villreinområde. Når det gjeld Rondane og Dovrefjell og dei utfordringane som alt er i høve til ferdsel i villreinens leveområde, vil fylkesmannen her vente med å eventuelt opne opp for el-syklar til ein har betre kunnskap om konsekvensane.
villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing