Foto: Kjell Bitustøyl
Organisasjonane som stiller seg bak dette brevet er mange. Her finn me i tillegg til ei rad med villreinorganisasjonar – villreinnemnder og villreinutval, Villreinrådet mm – tunge organisasjonar som NJFF, DNT, Norges Naturvernforbund, WWF, Statsskog, Norges Bondelag, Norsk Friluftsliv og Norges fjellstyresamband. Det blir vist til den alvorlege situasjonen der det er påvist skrantesjuke både i Nordfjella og på Hardangervidda. For å kunne handtere denne utfordringa heiter det i brevet at det er nødvendig med ei betydeleg oppgradering av kunnskapsgrunnlaget og at det er viktig å setje i gang eit omfattande kartleggings- og overvåkingsprogram. Formålet med eit forskingsprosjekt er å skaffe fram tilstrekkeleg med kunnskap for å kunne gjennomføre «en adaptiv, læringsbasert forvaltning der man setter inn tiltak og løpende overvåker og evaluerer disse før man velger strategi for videre tiltak». I tillegg ber ein om at dette forskingsprosjektet skal styrke kunnskapsgrunnlaget i arbeidet med ei reetablering av villreinstamma i Nordfjella. Med andre ord: Eit slikt forskingsprosjekt bør ha ein lang tidshorisont.