Etter fleire års arbeid har det no lykkast å få på plass ei fulltids, treårig prosjektstilling som informasjonsrådgjevar på Norsk villreinsenter Nord. Martine Hårstad frå Oppdal er engasjert i denne stillinga og starta arbeidet 26. mars i år.
Martine Hårstad har erfaring i marknadsføring blant anna frå Visit Jotunheimen – eit selskap ho var med å starte opp og drive som dagleg leiar, vidare frå Enern Oppdal og frå Visit Oppdal. Av utdanning har ho bakgrunn i opplevings- og attraksjonsutvikling, samt innovasjon og næringsutvikling, der ho har ein mastergrad.
Stillinga som informasjonsrådgjevar er todelt: Eine halvparten er knytt til Norsk villreinsenter Nord der det handlar om arbeid med sosiale medier og nettside og generelt informasjonsarbeid. Ynskjet frå NVS er at stillinga skal bidra til å vidareutvikle NVS Nord sin attraksjonsdel ”Besøkssenter villrein”. Konkret skal arbeidet i tillegg til nettside handle om publikumsbrosjyrer og digital marknadsføring og utvikling av den nye Fjellportalen til NVS Nord.
Den andre delen av stillinga er eit tenestesalg fra NVS til nasjonalparkstyra for Dovrefjell- og Sunndalsfjella og Rondane-Dovre. Dette dreiar seg om informasjonsarbeid for nasjonalparkstyra på alle plattformer, blant anna byggje opp og ha hovudansvar for innhaldet på dei planlagde besøksretta heimesidene. Vidare skal det etablerast nasjonalpark-informasjon på utvalde stadar, og stillinga skal i sum styrke formidlinga av vernområda på nett, i media og gjennom brosjyrer. I tillegg skal det etablerast ein fastare og betre dialog med reiselivet i og rundt verneområda.
Det langsiktige målet for Raymond Sørensen, dagleg leiar for NVS Nord, er å få ein fast informasjonsrådgjevar for heile forvaltningsknutepunktet Hjerkinn.
villrein.no – Kjell Bitustøyl/Raymond Sørensen