Villreinjakt under krigen – del to


Eit eldre foto av reinsjakt i Storheller. Det er i dette området vinterjakta ofte gjekk føre seg. Me ser Storhellervatnet og ut over Storhellerflott og Fjølabutangen, lengst til venstre kan me skimte områda ned mot Songavatnet. Foto utlånt av Margit…

Eit eldre foto av reinsjakt i Storheller. Det er i dette området vinterjakta ofte gjekk føre seg. Me ser Storhellervatnet og ut over Storhellerflott og Fjølabutangen, lengst til venstre kan me skimte områda ned mot Songavatnet. Foto utlånt av Margit Apeland

Dette er del 2 av artikkelen om villreinjakt på Hardangervidda under krigen. Det handlar om garden Havradalen øvst i Vinje og er basert på dagboksnotatar gjort av Tor Havradalen som budde her.

Røynde fjellfolk

Hausten 1942 er det nok ein gong jakt i november, her er òg ei skildring av at dei låg vêrfaste inni fjellet, på Storhellerflott. Der var fleire hytter dei kunne overnatte i, men standarden var variabel, og det kunne vera klent med ved. Men ikkje ein einaste gong høyer me at nokon enten kjem bort eller skadar seg. Dei var alltid to eller fleire. Ofte kunne det bli bomtur, dei såg kanskje rein, men kom ikkje på skothald.

I ettertid kan ein godt analysere denne jakta med dagens briller. Det som klarast står fram er at dette var jakt til matauk. Det er ikkje mange dyr som – i fylgje dagboka – blir skotne i utrengsmål. Me høyrer òg at dei skyt eit dyr som haltar.

Vintrane 1943 og 1944 er dei åra då jakta er på det mest omfattande. I januar ’43 dreg jegerar innover til Storheller fleire turar i slutten av januar, men òg heile februar og mars. I april er det eit opphald, men mot slutten av mai og byrjinga av juni er dei på tur att. Hausten blir det jakta litt i september, men vel så mykje i desember. Dagen før nyttår må dei så langt som på Sauarflott, nord for Songa, for å finne dyr. Dette seier kanskje litt om kor viktig det var å få tak i mat. Med stutte dagar og fare for å koma ut i skikkleg uvêr, er det lett å sjå for seg at dette var risikosport. Men dette var vante fjellfolk, spreke og gode til å finne fram og koma seg i hus før uvêret sette inn. Me høyrer om fleire turar der dei sit vêrfaste inne i ei lita bu langt innpå fjellet, kanskje i éin eller to dagar.

Våren 1944 er det dokumentert mange jaktturar, mars, april, mai og siste turen så seint som rundt 20. juni. Då var snoen faren og dei måtte vasse strie elvar, men dei skaut to dyr og kom heim med tunge børar.

Siste krigsvinteren

Siste krigsvinteren er det jakt på nytt i oktober. Det er ikkje alltid me fær greie på om dei fær dyr, men når ein skriv at dei mol kjøt eit par dagar etterpå, er det klart at det har falle dyr. Mange er av stad på jakt frå Vågsli og bygdene nedover, og dei frå Havradalen er ofte med. No er det nysnø som er problemet, det er strevsamt å vasse. Men mat blir det, og ein måte å konservere kjøtet på er å røykje det.

I slutten av februar ’45 fer folk innover til Storheller på jakt att og kjem att med kjøt. Dei fyrste dagane av mars er det på ny jakt, og Tor Havradalen er med. Dei fer innover til Songadalføret, og treffer på ein hop på 4000 dyr. Fleire jegerar er i området, og dei fær fleire dyr. Det gjeng lett å dra dyreskrottane på kjelke på denne årstida, føret er godt.

Mange slike jaktturar endar utan at ein fær noko. I slutten av mai, etter at freden er komen, er Tor Havradalen innover att på reinsjakt, Mannevasshaddine og Sandvasshaddine. Men ingenting i dagboka om det blei dyr på han.

Fredlege trakter

Den store endringa i jaktkulturen for desse fjellgardane blei det nok ikkje fordi om freden kom, men det er merkbart at i krigsåra var det meir fritt, sjølv om all bruk av slike våpen var forbode. Slik blei det truleg meir ålment akseptert å ta seg eit matdyr, sidan ”alle” gjorde det med den risikoen det var for å bli teken på fersken med skytevåpen. Men under heile krigen var det relativt fredleg i desse traktene, det var sjeldan okkupasjonsstyrkar viste seg i desse områda, det var fyrst og fremst i kjølvatnet av tungvassaksjonen på Vemork i februar 1943.

Lensmannen såg gjennom fingrane Både under krigen og etter krigen har nok lensmenn sett litt stort på dette med slik jakt, i alle fall når det var til eige bruk. Kom ein derimot over folk som skaut for å drive sal av reinskjøt, var det langt meir alvorleg.

Ei historie frå Setesdal kan vera med å illustrere korleis det kunne vera. Dette handlar om Juel Lund som var lensmann i Valle frå 1919 til 1939, fortalt av nevøen Jon Lund: “Han kom til ein fattig familie i Skarberg ved Botsvatn, dei budde på ei hylle der. Dei måtte binde ungane fordi der var så bratt. Dei hadde blitt melde for å ha skote rein ulovleg. Lensmannen måtte ’pliktskyldigst’ opp og undersøkje dette her. Han kom der, og det fanst ikkje mat i huset anna reinskjøt. Og dei hadde akkurat sett på ei god suppe og ei god gryte med mat og tok sjansen på at lensmannen var snill. Dei spanderte på han. Juel Lund åt godt. ’Det var eit veldig godt bjønnekjøt,’ sa han og ynskte dei lykke til”.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing