Nasjonal rammeplan for vindkraft lagt til sides


Foto: Jonathan E. Colman

Foto: Jonathan E. Colman

Etter at det kom inn over 5000 høyringssvar, dei fleste negative, har regjeringa valt å gå bort frå NVE’s rammeplan som omfatta 13 område aktuelle for vindkraftutbygging.

Reaksjonane på dette vedtaket i regjeringa, har vore delte. Mange pustar letta ut og tenkjer at no blir det stopp i vidare utbygging av vindkraft, i alle fall nye prosjekt, altså ei nødvendig tenkepause. Andre uttrykkjer bekymring for at der er ein fare for at ein no går tilbake til systemet med bit-for-bit nedbygging av naturen.

Ein viktig grunn til at rammeplanen er forkasta, er at intensjonen med planen var at dette skulle førebyggje konfliktar, noko som ikkje slo til. Tvert i mot, motstanden mot vindkraft og konfliktnivået har berre breidd om seg i kjølvatnet av denne rammeplanen.

Sett frå naturvernsynsstad og i høve til villreininteressene kan ein vise til at der er gjort ein grundig konsekvensanalyse og lagt fram solid dokumentasjon. Dette bidrog til at villreinområda i store trekk kom godt ut av den skisserte rammeplanen. Spørsmålet er sjølvsagt no om kva som skjer vidare, no når rammeplanen er lagt bort. I intervju med NRK seier olje-og energiminister Kjell-Børge Freiberg at “… vi ser et behov for å gjøre noe med konsesjonssystemet nettopp for å gjøre et godt system enda bedre for å forebygge konflikter som vi har sett det har vært rundt enkelte utbygginger av vindkraft.” Også statsminister Erna Solberg har varsla at det vil koma innstrammingar på konsesjonssystemet.

Les også “Kunnskap om rein inn i vindkraftanalyser” (villrein.no).

Frå opposisjonen på Stortinget har det kome krav om at ein må sjå på konsekvensane for norsk natur som heilskap, og at ein no forventar at regjeringa går gjennom høyringssvara og legg fram ei sak for Stortinget. Det har òg kome krav i høve til områda som ligg utanfor rammeplanen, at gamle konsesjonar må trekkast tilbake der som miljøfaglege råd viser at biologisk mangfald er truga.

Som tidlegare omtala her på villrein.no, gav tamreinnæringa uttrykk for at vindkraftutbygginga kjem på toppen av eit stadig aukande press på beiteareala frå ulike hald, gruvedrift, infrastruktur, hytteutbygging osv. Om ein ser på einskilde høyringssvar, kan det i høve til denne problemstillinga nemnast at Orkdal kommune kom med fylgjande formulering i høve til rammeplanen: “En eventuell utvidelse av området Indre Sør-Trøndelag vestover frarådes på det sterkeste på grunn av store reindrifts- og friliuftsinteresser rundt Resfjellet og randsonen til Trollheimen.”

Les også “Reindrift og vindkraft – samisk reindrift under press” (villrein.no).

Ser ein på andre høyringssvar, er trugsmålet mot naturmangfaldet / urørt natur ein gjengangar ved sida av omsyn til friluftsliv og reiseliv. Av dei 56 kommunane som hadde svart på høyringa, var det 49 som sa klart nei til vindturbinar, tre var skeptiske og berre fire var positive.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing