Reinsjakt i litteraturen – Storegut (del 1)


Dette er Storegut's rike, Bordalsvatn slik det ser ut i dag, sett retning utfallsosen. Støylen Storegutvollen er neddemd, men låg på nordaustsida av Bordalsvatn, det vil seie langs den venstre breidda av vatnet på biletet, nærare utfallsosen. Foto: …

Dette er Storegut’s rike, Bordalsvatn slik det ser ut i dag, sett retning utfallsosen. Støylen Storegutvollen er neddemd, men låg på nordaustsida av Bordalsvatn, det vil seie langs den venstre breidda av vatnet på biletet, nærare utfallsosen. Foto: Kjell Bitustøyl

Det er ikkje så ofte ein støyter på reinsdyr og reinsjakt i litteraturen, men ei og anna historie er å finne. Diktverket “Storegut” av Aasmund Olavsson Vinje er ei slik bok. Handlinga gjeng føre seg blant anna i Bordalen, langt til fjells i Haukeli. Der låg òg støylen Storegutvollen. Her kjem del ein av to.

Det mest kjende reinsdyret i litteraturen finn me sjølvsagt i Ibsens “Peer Gynt” – og bukkerittet over Gjendineggen. Mindre kjent er det at også Aasmund Olavsson Vinje har med litt om reinsjakt i diktverket om Storegut (1866). Dette diktverket byggjer på ein faktisk person – OIav Olavsson Edland – som levde frå 1764 til 1791 i Edland i Vest-Telemark, fødd på garden Nordigard Edland, eller Æddan på lokalmålet. Og sjølv om soga om kjempekaren Storegut er eit diktverk, eitt av Vinjes mest sentrale verk, kan ein trygt sei at Vinje bygde på lokalhistoriske fakta og fleire verkelege personar. Boka handlar òg om far til Storegut, gamle Olav, “Blodtapparen” som han blei kalla av di han kunne årelata.


Utsnitt av teikning av Torbjørn Havradalen, han utvandra til Amerika 1846, men hadde vakse opp på garden Havradalen i Bordalen.

Ingenting er sikkert historisk om korleis Storegut døydde, berre at han kom burt medan han var på gjeting i Bordalen i Haukeli, langt til fjells. Men spekulasjonane gjekk og mange utsegner finst om korleis han blei teken av dage. Ein hovudperson i så måte var Olav Romtveit, Grytebekken som Vinje kallar han. Han skal ha hatt agg til Storegut og skal ha skote og drept han i samband med at han var på reinsjakt i Bordalsfjella.

Rikard Berge og Storegutsoga

Folkeminnesamlar og sogemann Rikard Berge samla stoff om Storegut, han gav i 1906 ut to hefte av Syn og Segn der temaet var Storegut. Sjølve soga er i fyrste bolken. Der fortel han blant anna om far til Storegut, Olav, som òg var svært sterk. Han var på reinsjakt i lag med Jon Breive (frå Bykle). Då Rikard Berge skriv på utprega dialekt i denne historia, er det fylgjande normalisert språkleg og litt samanfatta:

Olav var i “dyreskog” med Jon Breive, det var på slutten av slåtten, (dvs. truleg seint i august.) Dei skaut fyrst eitt dyr. “Me må ure ne,” sa Jon. “A-a, eg tenkjer eg tek’n i tòugjen (i eit tau) eg,” sa Olav. Det same skjedde ei gong til, dei skaut eit dyr til, og Olav sa det sama. Då dei skaut det tredje dyret, sa Olav: “Pinede-kar tek eg ‘kje den òu i tòugjen, eg,” sa Olav. Slik bar han alle tre dyra heim til Breive. Og då dei kom fram og lema sund dyret, fekk Jon hornet og skinnet, fordi han var skyttaren, medan Olav fekk mesteparten av kjøtet, fordi han hadde gjort slikt eit karstykke.

Berge fortel òg om nokre andre fjellkarar, Jøssløysane, dei var slike dyreskyttarar. Dei skar ei rispe i ryggen på kvarandre, ei rispe for kvart dyr dei venta seg. ” ‘Fær du det te blø?’ sa dei. ‘Ja,–a,’ svara han som skar. Sigur Gjøsløys var den fælaste: Når’n løypte, Sigur, gjor’n seg kje noko fe å taka dyri på sprang. Han løypte beint på dei.”

Rikard Berge har òg skrive om då Storegut skal ha blitt skoten i Bordalen, han låg der og gjette for morgedølar. Men ingen blei dømd for drapet, sjølv om ryktet gjekk og historiene var mange. Ei av dei er då Olav, far til Storegut, kom til Bordalen på sudsida av vatnet, han kom frå Hardanger, hadde vore der etter ei tunne med korn. Han høyrde ein smell då han var komen midt under Smørlinuten: “No datt grånòsi”, han tenkte Storegut hadde skote seg ein rein i dag, han høyrde det på smellen”. […] Olav Romtveit hadde fenge det travelt med å koma seg til fjells denne regnversdagen, han ville etter dyr, sa han.”

Så fortel Berge at Romtveiten kom heim att, nokon ville ha det til at han hadde hatt med seg ein kar, Ola skomakaren, som hjelpte til då han skal ha skote Storegut ved døra på selet, det som seinare blei heitande Storegutvollen. Men Romveiten sjølv han sa det slik morgonen etterpå: ” ‘Å jòu, eg hev sétt ein rein’e i mange år. Men no fellt eg n,’ sa han til Jon Uppstoga i Grungedal.”

Men folkesnakket gjekk om kva som hadde hendt. Så langt Rikard Berge, i neste bolken skal me la Aasmund Olavsson Vinje føre ordet i sjølve diktverket. Del to kjem om ei vekes tid.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing