Viewpoint Snøhetta ligg i Snøhetta villreinområde. Områda rundt viewpoint er viktige vinterbeite for reinen. Moskusen held også til her da.
Å overleva vinteren i høgfjellet er stritt for alle artar. Villrein og moskus må bruke tida si til å eta, tyggje drøv og kvile. Forstyrringar som medfører flukt, vil krevje energi og gjev mindre tid til beite. Der er derfor viktig at dyra i høgfjellet får ro om vinteren.
Omsynet til villrein og moskus er hovudårsaka til at viewpoint SNØHETTA er vinterstengt. Det vart derfor planlagt og bygd som ein sommarattraksjon. Det er ikkje vintervatn til toaletta på parkeringa, og utedoen på toppen kan heller ikkje driftast om vinteren.
Vi takkar for besøket til alle som har teke turen til viewpoint SNØHETTA denne sommaren. Når registreringane i teljaren blir analysert, får vi veta kor mange som har vore der. Dei siste sesongane har besøkstala ligge opp mot 30 000 pr. år. Våre naturveiledarar har denne sesongen gjeve naturveiledning til over 5800 personar. Dei har formidla kunnskap om villrein, moskus, skytefelt og verneområde. Nesten kvar dag har det vore moskus å sjå i teleskopet, og nokre dagar har det også vore mogleg å syne fram villrein. Naturveiledarane har møtt interesserte og trivelege menneske frå alle verdshjørne.
Vi ønsker alle velkomen til viewpoint SNØHETTA når det opnar att 1. juni 2020!
Villrein.no – Heidi Vognild