Miljødirektoratet gjorde den 12. april vedtak om å opne opp for jakt i Raudafjell villreinområde i kommunane Aurland, Voss og Ulvik. Det blir som venta villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell som får det regionale forvaltningsansvaret.
Les også “Raudafjell – nytt villreinområde?” (villrein.no)
Raudafjell er inkludert i den regionale planen for Nordfjella. Det regionale forvaltningsansvaret blir difor lagt til villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell. Når det gjeld oppstart av jakt, skriv sekretær for villreinnemnda Siri Wølnberg Bøthun i ein epost at grunneigarane i Raudafjell enno ikkje har rukke å søkje om godkjenning av vald for å bli tildelt fellingsløyve for jakta 2019. Det er utarbeidd ein bestandsplan, men denne er enno ikkje behandla i villreinnemnda.
Når det gjeld uttak av villrein i Raudafjell 2019 skriv Miljødirektoratet i eit brev til villreinutvalet at dette skal skje på liknande måte som i fjor under jakta, organisert av villreinutvalet. Minimum 10 bukkar skal i år takast ut for å testast for mogleg smitte av skrantesjuke.
villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing