Norsk villreinsenter på studietur i Vézère-dalen


Lascaux Centre Internasjonal, teikna av det norske arkitektkontoret Snøhetta. Foto: Kjell Bitustøyl

Lascaux Centre Internasjonal, teikna av det norske arkitektkontoret Snøhetta. Foto: Kjell Bitustøyl

Ti år etter at ein delegasjon frå Norsk villreinsenter var på det dei kalla “en dannelsesreise” til området Dordogne i Frankrike, var det på ny duka for ein studietur til dette unike området som er så sentralt for samspelet mellom mennesket og reinsdyret i Europa.

16 personar med tilknyting til Norsk villreinsenter Nord og Sør var det som denne gongen besøkte Vézère-dalen og dei mange attraksjonane der. Å få innblikk i kva som skjedde her for rundt 20 000 år sidan, er ei oppleving av dei heilt sjeldne. Nokre av dei som var med sist, var òg med no. Nytt sidan den gongen var blant anna Lascaux Centre Internasjonal, teikna av det norske arkitektkontoret Snøhetta, og eit senter som på stutt tid har blitt ein stor turistmagnet.


Delegasjonen på studietur til Vézère-dalen. Foto: Kjell Bitustøyl

Delegasjonen på studietur til Vézère-dalen. Foto: Kjell Bitustøyl

Du kan lesa heile rapporten her.

villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing