Som ein del av strategien for å ta knekken på skrantesjuken på villrein i Nordfjella sone 1, har Miljødirektoratet gjeve Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd dispensasjon til å utvide jakttida i år til perioden 10. august til 31. oktober.
I svarbrevet frå Miljødirektoratet på søknaden frå Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd heiter det at Vitenskapskomiteen for mattrygghet har vurdert risikoen knytt til skrantesjuken slik at uttaket av ein heil bestand er eit av dei mest effektive tiltak mot sjukdommen, når bestanden kan avgrensast som i Nordfjella sone 1. Mattilsynet og Miljødirektoratet har difor fått i oppdrag å førebu uttak og reetablering av villrein i dette området.
Som bakgrunn for søknaden viser ein til villreinnemnda og villreinutvalet i Nordfjella som ynskte å utvide den ordinære jakttida for å få til ein bestandsreduksjon, dei ynskte å starta jakta 10 dager før vanleg jakttid, altså 10. august og 17 dagar i etterkant av forlenga jakttid, altså til 31. oktober.
Miljødirektoratet har altså innvilga søknaden med heimel i§ 7 Dispensasjon i jakttidsforskriften. Dei meiner at jakt er eit viktig ledd i dette uttaket i Nordfjella sone 1 og presiserer at jaktuttaket skal skje innafor aksepterte dyrevelferdsmessige rammer. Ein legg vekt på at villreinjakt har lange tradisjonar i dette området.
Som kjent skal all villrein takast ut i Nordfjella sone 1, for å hindre vidare smitte av skrantesjuke i Noreg, og Miljødirektoratet skriv at jakta hausten 2017 i så måte blir ein viktig del av dette arbeidet.
villrein.no – Kjell Bitustøyl/Anders Mossing