Villreinmøte for Hardangervidda


Foto: Kjell Bitustøyl

Foto: Kjell Bitustøyl

Laurdag 3. desember blir det årlege haustmøtet for Hardangervidda arrangert på Skinnarbu høgfjellshotell. Som vanleg blir temaet fellingsresultat, oppsummeringaav årets jakt, årets kalveteljing og strukturteljing ved Svein Erik Lund frå Villreinutvalet.  Vidare vil SNO og politiet koma med sin rapport.

Temaforedrag vil i år bli om:

  1. Villrein drepne av lynnedslag, ved Knut Nylend, SNO.
  2. CWD, fotråte og helstilstand, ved Kjell Handeland, Veterinærinstituttet.
  3. Informasjon frå NINA, ved Olav Strand, NINA.
  4. Ferdselsregistrering på Hardangervidda sommaren 2016, vedVegar Gundersen, NINA.
  5. Besøksstrategi for Hardangervidda, ved Morten Johannesen, Fylkesmannen i Telemark.
  6. Villreinen på den internasjonale raudlista over truga artar, ved Marianne Singsaas, Norsk Villreinsenter Sør.
  7. Ny bestandsplan for Hardangervidda, ved Villreinutvalet.

 

villrein.no – Kjell Bitustøyl