Jotunheimen Reinsdyrfestival blei avslutta laurdag 8. oktober, arrangør var prosjektet ”Reinens rike – Sjodalen”. I fylgje to sentrale personar i festivalen, Bjørn Ekrebakke – vertskap på Bessheim Fjellstue, og Pål Grev – leiar i Vågå Tamreinlag, blei festivalen ein suksess. Mykje folk deltok på det største arrangementet, ”Rock’n’rein” – ein stor mat- og musikkfest siste dagen ved Gjendesheim som blei avvikla i eit fabelaktig flott haustver.
Innafor villreinmiljøet har det over tid vore snakk om villrein og reiseliv. Dette har blant anna resultert i rapporten ”Europeiske villreinregioner – en strategi basert på villreinfjellet som ressurs for reiselivet”, etter eit initiativ frå Klima- og miljødepartementet. Rapporten kom i 2015, redaktør var Hans Olav Bråtå frå Østlandsforskning. Kort samanfatta handlar dette om at ”villreinen, og den historiske og nåtidige bruk av den kan bli en ressurs for reiselivet og gi grunnlag for en bred verdiskaping.”
Reinens rike
Temaet har vore drøfta både sentralt og lokalt, men førebels er det ikkje så mange konkrete resultat som har kome ut av denne rapporten. I mellomtida har altså Reines rike i Sjodalen sett dagens ljos, eit svært så konkret prosjekt som har sett reinsdyret i sentrum. Og i fylgje arrangøren har ein planar om å vidareføre dette også utover sjølve festivalen. Bjørn Ekrebakke på Bessheim Fjellstue fortel at ein har planar om leggje opp til blant anna guiding til tamreinflokkar med to unge reinsgjetarar i løpet av vinteren.
Jotunheimen Reinsdyrfestival hadde mange ulike tema på programmet, ikkje minst la ein stor vekt på det ein kalla ”rein mat” med råvarer frå øvste hylle: Lokal fjellaure, økologisk vilt frå jegeren, seintveksande fjellurter, bær og grønsaker, og naturlegvis perfekt mørna reinskjøt, ”henta frå dyr som aldri har streifa lengre enn tre mil frå bordet der du nyter smaken av ureist villmark” som dei heitte i programmet.
Festivalen gjekk over ei heil veke og hadde mykje forskjellig sto på programmet, også historisk stoff om villreinjakt og villreinjegerar. Den legendariske Jo Gjende sto naturleg i sentrum, der var eit eige foredrag om han. Under marknadsdagen laurdag ved Gjendesheim var blant anna ulike mat- og handverksprodukt knytt til reinsdyret å få kjøpt, me kunne òg sjå rett over på jaktbua til Jo Gjende ved Gjendeosen. Dei to svært tamme reinsbukkane Iver og Peder fekk elles mykje merksemd, dei var til og med om bord i samband med Reinscruise med Gjendebåten.
Reinsdyret
I Østlandsforsking sin rapport under punktet ”Verdiskaping i forbindelse med villreinen og villreinfjellet”, står omtalt det bedriftsøkonomiske potensialet knytt til villrein kopla opp mot aktørar innan reiseliv. Konkret kjem ein her med framlegg om blant anna at ”Reinskjøtt serveres i reiselivsbedrifter samtidig med at historien om reinen fortelles, selv om det er tamrein som ligger på tallerken”. Vidare er nemnd at matprodukt og handverksprodukt basert på villrein bør utviklast. Parallellen til det som faktisk skjedde på denne festivalen er påfallande. At Jotunheimen Reinsdyrfestival ikkje brukar nemninga tamrein, syner at dei ynskjer å inkludere både vill og tam rein i sitt reiselivsprodukt. Nemnde rapport legg også opp til at det til ein viss grad handlar om reinsdyret. Kanskje det kunne vera mogleg å få til eit samarbeid med tamreinnæringa omkring dette med verdiskaping rundt villrein og guiding? Det å koma nært innpå eit levande reinsdyr er noko som absolutt bør vera interessant også for dei som er opptatt av villrein.
villrein.no – Kjell Bitustøyl