Blefjell villreinutvalg kan opplyse at årets villreinjakt pr 20.9 har ført til at 23 dyr er felt på Blefjell. Dette er ei så lågt tal at jakta difor er utvida frå og med 1. oktober til og med 9 oktober.
Hausten 2015 blei det felt 26 dyr i Blefjell villreinområde, mot forventa 35 dyr.
Blefjell Villreinutvalg søkte difor i april Blefjell Villreinnemnd om utvida villreinjakt hausten 2016 frå og med 1. oktober til og med 9. oktober, for å få med to helgar, dersom ein i 2016 enda på eit tal under 25. Og pr 20.9 i år hadde det altså blitt felt berre 23 dyr.
Bakgrunnen er denne: Bestandsplanen for Blefjell er å ha ei vinterstamme på 150 dyr. I vedtaket frå villreinnemnda heiter det at ein auke på 10-15 vinterdyr kan vera for mykje for det beitegrunnlaget som finst, og at problemet vil eskalere det neste året på grunn av auka reproduksjon. Driftsplanen for Blefjell villreinområde 2013-2015 var å ha ei årleg felling på 35 dyr, dvs til saman 105 dyr i denne perioden. Talet ein enda opp med var totalt 79 dyr.
Villreinnemnda skriv: ”Grunnen til den lave fellinga antas å være at dyra holdt seg mye nede i skogen på vestsiden i villreinområdet, og var kun i korte perioder oppe på fjellet, helt mot slutten av jakta. Årsaken kan være bedre tilgang på beite, f. eks. sopp, samt forstyrrelser av fotturister på fjellet.”
Heimeside for Blefjell Villreinutvalg er : www.blerein.net
villrein.no – Kjell Bitustøyl